Vedtekter

Vedtekter for Norske Landbrukstenester

KAPITTEL I – ORGANISASJON

§ 1. Organisasjon

NORSKE LANDBRUKSTENESTER (NLT) er ein landsdekkjande medlemsorganisasjon, som skal arbeide for medlemsføretaka sine interesser. Organisasjonen har vekslande medlemstal og kapital.

Forretningskontoret ligg i Kvinnherad kommune, Hordaland.

§ 2. Føremål

NLT skal vera ein pådrivar for å oppretthalde og utvikle gode velferdsordningar i landbruket.

NLT skal vera ein pådrivar for samarbeid, kompetanseheving og felles målsetjing.

NLT skal arbeida for at medlemsføretaka skal kunne tilby tenester av høg kvalitet.

NLT skal vera opne for samarbeid med andre for å styrke medlemsføretaka.

 

KAPITTEL II – MEDLEMMER

§ 3. Medlemskap

Medlemsføretaka skal ha som hovudformål å rekruttere og leige ut arbeidskraft til landbruket.

Medlemsføretaka kan administrere samarbeidstiltak og tilby andre tenester.

Medlemsføretaka skal vera opne for samarbeid med andre organ i landbruket for å styrka næringa.

For å bli medlem må føretaket godta desse vilkåra:

  1. vera open for medlemskap frå gardbrukarar i sitt verkeområde.
  2. forplikta seg til å følgja vedtak fatta av styret eller årsmøtet i NLT.
  3. ha rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor.
  4. ha vedtekter som ikkje er i konflikt med NLT sine vedtekter.
  5. ikkje ha hatt forsikringsskade dei 2 siste år.

Søknad om medlemskap skal sendast styret i NLT. Føretaket vert medlem etter godkjenning av styret i NLT.

For å oppretthalde medlemskapet må føretaket til ei kvar tid følgja gjeldande medlemskriterium vedteke av årsmøtet.

§ 4. Ansvar

NLT kan ikkje gjerast økonomisk ansvarleg for forhold som måtte oppstå i medlemsføretaket. Dersom NLT har teikna forsikring, er det einskilde medlemsføretaket ansvarleg for eigendelen i forsikringa.

 

KAPITTEL III – NLT SINE ORGAN

§ 5. Årsmøtet

Årsmøtet er NLT sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april.

1. Samansetjing: Kvart fylkje har representantar ut frå samla lønsomsetning:

Intervall i kroner: Tal utsendingar:
0 29 999 999 4
30 000 000 69 999 999 5
70 000 000 109 999 999 6
110 000 000 149 999 999 7
150 000 000 189 999 999 8
190 000 000 < 9

Det er innrapportert lønsomsetning pr. 31. januar siste år som dannar grunnlaget.
Alle fylker kan vera representert med minimum 4 representantar til årsmøtet.

NLT sitt styre er ansvarleg for at det vert gjennomført fylkesvis val av utsendingar til årsmøtet. Medlemmer (bønder) og tilsette i administrasjonen i medlemsføretaka er valbare som utsendingar til årsmøtet.

Kvart fylkje kan velja inntil 1 -ein- tilsett i administrasjonen i eitt medlemsføretak som utsending til årsmøtet.

Funksjonstid for årsmøteutsendingar er 2 år.

2. Styret i NLT deltek i årsmøtet med røysterett. Styremedlemer har ikkje røysterett under godkjenning av årsmelding og rekneskap. Valkomiteen deltek i årsmøtet med talerett.

3. Styret skal med 2 -to- vekers varsel innkalla til årsmøte. Med innkalling følgjer sakliste og saksdokument. Saker som det einskilde medlemsføretak vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende innan 1. januar.

 Årsmøtet skal handsama:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av referent, og to til å skrive under protokollen.
  3. Årsmelding og revidert rekneskap.
  4. Arbeidsplan.
  5. Innkomne saker.
  6. Fastsetjing av kontingent.
  7. Val.
    Val av leiar og nestleiar skal vera skriftleg. Øvrige val skal gjerast skriftleg dersom minst ein utsending krev det, eller dersom det er fleire enn ein kandidat til vervet.

    1. Leiar for 1 år.
    2. Styremedlemer for 2 år.
      For å  oppnå kontinuitet i styret, skal 2 -to- medlemer kvart år stå på val, fyrste år etter loddtrekning mellom styremedlemene. Dersom styremedlem som har funksjonstid igjen i styret vert valt til leiar, må nytt medlem til styret veljast for resten av perioden.
    3. Nestleiar for 1 år.
    4. 3 -tre- nummererte varamedlemer for 1 år.
    5. Revisor.
    6. Møteleiar og varamøteleiar til neste årsmøte.
    7. Valkomité på 4 -fire- medlemer og 2 -to- varamedlemer.
      Årsmøtet vel leiar av valkomiteen. Inntil 1 -ein- administrasjonstilsett frå medlemsføretaka kan veljast inn i valkomiteen, men ikkje som leiar. Funksjonstid er 3 år, og medlemer som går ut kan ikkje veljast på nytt.
    8. Fastsetjing av godtgjersle til tillitsvalde etter innstilling frå valkomiteen.
  8. Budsjett vert lagt fram på årsmøtet til orientering

§ 6. Ekstraordinært årsmøte.

Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret finn det nødvendig, eller 1/3 av medlemsføretaka krev det. Innkalling skal skje etter dei same reglar som er oppgitt under §5, pkt. 3.

§ 7. Styret

NLT vert leia av eit styre på 5 -fem- medlemer valt av årsmøtet. Inntil 1 -ein- av desse kan veljast blant administrasjonstilsette frå medlemsføretaka, denne kan ikkje veljast som leiar eller nestleiar.

Styret skal:

  1. Leia NLT sitt arbeid i samsvar med vedtekter og årsmøtevedtak.
  2. Ta opp saker av nasjonal og lokal interesse for medlemene.
  3. Forvalta NLT sine midlar.
  4. Sjå til at årsoppgjeret vert avslutta i rett tid, og vert lagt fram for årsmøtet i revidert stand.
  5. Tilsetje og seie opp dagleg leiar.

Styret held møte så ofte styreleiaren finn det nødvendig, eller når 3 -tre- styremedlemer krev det.

Eit vedtak er gyldig når minst halvparten av styret røyster for. Er røystetalet likt, har styreleiaren dobbel røyst.

Det skal førast møteprotokoll som skal skrivast under av dei møtande styremedlemene. Er eit vedtak ikkje samrøystes, kan kvar styremedlem få protokollført korleis ho/han har røysta

§ 8. Råd og utval

Styret har fullmakt til å oppretta og leggja ned råd og utval. Styret utarbeider mandat og/eller retningslinjer for desse.

 

KAPITTEL IV – UTMELDING/EKSKLUSJON M.M.

§ 9. Utmelding

Ynskjer eit medlemsføretak å melda seg ut av NLT, må det skje ved skriftleg melding til styret i NLT seinast 3 -tre- mnd. før rekneskapsåret går ut. Utmeldinga gjeld då frå byrjinga av neste rekneskapsår.

Forsikringsordningar og eventuelle abonnement gjeld likevel fram til forfall.

Utmeldt føretak kan ikkje stille krav om part av NLT sine midlar.

Utmeldt føretak sine medlemer kan ikkje veljast til tillitsverv i NLT.

§10 Eksklusjon

Styret kan eksludera medlemsføretak som ikkje oppfyller pliktene sine. Dersom eit føretak vert nekta medlemskap eller ekskludert, kan vedtaket ankast inn for årsmøtet i NLT som tek endelege avgjerd. Ein eventuell anke må vera styret i hende innan 30 dagar etter at vedtak om eksklusjon er gjort.

Forsikringsordningar og eventuelle abonnement opphøyre straks eksklusjon er stadfesta.

Ekskludert føretak kan ikkje stille krav om part av NLT sine midlar.

Ekskludert føretak sine medlemer kan ikkje ha tillitsverv i NLT.

§ 11. Tvistar, skilsdom

Tvist mellom NLT og eit eller fleire medlemsføretak som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom.

Krav om skilsdom må vera komen til styret innan 3 mnd. etter at medlemsføretaket har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.

 

KAPITTEL V  – VEDTEKTSENDRING

§ 12. Vedtektsendring

  1. Forslag til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 1. januar.
  2. Gyldig vedtak på årsmøtet krev minst 2/3 fleirtal av dei røysteføre.

 

KAPITTEL VI – OPPLØYSING

§ 13. Oppløysing – Fusjon         

Forslag om oppløysing eller fusjon kan fremjast av styret. Det kan og fremjast av eit fleirtal av medlemsføretaka i minst 3 –tre- fylkje.

Vedtak om oppløysing eller fusjon kan berre gjerast av årsmøte. Gyldig vedtak krev ¾ fleirtal av dei røysteføre. Det årsmøte som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre.

For gyldig vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre.

Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte kan nytt årsmøte innkallast med minst 2 –to- vekers varsel. Vedtak kan då gjerast med fleirtal av dei røysteføre.

Vedtektene er vedteke på årsmøtet, 13.04.2021
Vedtektene gjeld frå 13.04.2021