Like sikkert som at flomvatnet stig på austlandet på denne tida, er det at Svindelselskapa vaknar til live og vil ha di underskrift på kontraktar på tull og tøys. I dag kom det brev, med kontrakt, frå “norsk internett register” til oss. Dei ville vi skulle ta ei oppdatering på våre data i deira register. Det er sjølvsagt eit forsøk på svindel. Når de får dette og liknande brev er det ein plass de skal leggja det, og det er rett i boss-spannet. Ver og OBS på at slike brev kjem på epost. Då kan de sitta i saksa dersom de svarar på eposten. Det vil seia at den skal og rett i boset!