Staten sitt tilbod – Jordbruksforhandlingane 2021

Staten har i dag levert sitt tilbod til jordbruksforhandlngane 2021.

Tilbodet har ei ramme på 962 millionar, mens kravet frå jordbruket var 2,1 milliarder.

Innanfor velferdsordningane er det i tilbodet foreslått ei auke i tilskott til ferie/fritid på 2,33 % og heving av maksimalbeløp frå 85 800 kroner til 87 800 kroner.

Vi registrere diverre at det for andre år på rad ikkje er tilbod om auke i dagsats ved tilskott til sjukdomsavløysing. Jordbruket sitt forhandlingsutval har i sitt krav foreslått ei auke i dagsats på 150 kroner, som ville bidratt til å dekke delar av den eigendelen bonden må betale ved langvarig sjukdom. Dette var berekna til ein kostnad på 1,4 millionar når ein tek hensyn til prognose for forbruk.

Norske Landbrukstenester meiner at dagsats ved sjukdom bør aukast med 365 kroner, for å redusere eigendelen den einskilde bonde må dekkje ved sjukdom. Ein langvarig sjukdomsperiode kan føre til store økonomiske tap. Basert på jordbruket sitt krav ville ei slik auke medføre ei ekstra bevilgning på 3,4 millionar.

Vi har og bedt om at det i budsjettet vert øyremerka 1 million til kursing av avløysarar og landbruksvikarar for å erstatte KIL-midlar som er fasa ut. Desse kursa er viktig i samband med nyrekruttering og etterutdanning av kvalifisert arbeidskraft.

Staten sitt tilbod finner du her.

Kapittelet som gjelder velferdsordningane finner du her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *