Lena Christín Solvang

Hei hei,

mitt namn er Lena Christín Solvang, eg er 26 år og kjem frå Hammerfest i Finnmark. No bur eg i Bergen og studerer musikkterapi, eit studie som varer i 5 år. Eg er staks ferdig med mitt andre år her.

Kommande sumar har eg veldig lyst til å prøve meg som avløysar istadenfor den sjåførjobben eg har brukt å ha. Eg har lenge hatt ein draum om å bli sjølvforsynt og eg tenker at dette er eit godt steg vidare mot dette målet.  Eg har litt erfaring med å dyrke grønnsaker og urter i hagen frå før. Eg kan også køyre gaffeltruck, og er generelt glad i å køyre bil, så eg tenker fort vil lære korleis t.d. ein traktor fungerer.

Etter eg er ferdig med masterstudiet musikkterapi har eg lyst til å søke meg inn på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Før eg kan komme inn der treng eg å ha erfaring med stell av dyr og planteproduksjon i minst 4 veker (https://sjh.no/studietilbud/opptakskrav/ ), og vonar difor at eg får lære frå dokker som leser dette.

Eg er klar til å jobbe frå byrjinga av juli fram til byrjinga av august. : )

 

Ta gjerne kontakt dersom det er noko de lurer på:

– mobil: 943 67 603
– e-post: lenacsol@hotmail.com

 

Beste helsing,
Lena Christín Solvang

  • Avløysar deltid, Avløysar heiltid
  • Oppdatert 3 uker siden

Fo å kontakte denne kandidaten på epost lenacsol@hotmail.com

Kontakt ved å bruke webmail: Gmail / AOL / Yahoo / Outlook