Norske Landbrukstenester

Pensjon frå fyrste krone

Det er no bestemt at det allereie frå neste år av skal innførast pensjon frå fyrste krone. I dag må ein tene minst 1G for å utløyse pensjon på løna, og ein må ha ein stillingsprosent på minimum 20%. Frå og med 01.01.22 vil ein no få pensjon frå 13 år og det er ikkje noko minstekrav til stillingsprosent.

NLT er i dialog med forsikringsmeklaren vår for  å få avklart korleis vi skal gå fram i høve lovendringa. Vi kjem med informasjon når dette er klart frå meklar.

Her kan du lese meir om lovendringa (VG-ekstern lenke)