
Nyheitsbrev september 2020
Konkurransen tilspissar seg. Årets avløysar i ny drakt er ei suksess og vi ventar spent på kven av dei 10 finalistene som stikk av med den gjeve prisen og tittelen Årets avløysar 2020. I utgangspunktet var intensjonen at vinnaren skulle motta premie samt heider og æra på haustsamlinga. Diverre vert det ikkje slik. Årets haustsamling er avlyst. Dette vedtaket er fatta på bakgrunn av at NLT og våre medlemmar har samfunnskritiske oppgåver i forhald til dyrevelferd og matproduksjon. Vi ynskjer ikkje å utsette kvar og ein for smitterisiko. Det vil i staden bli arrangert ei digital samling. Vi arbeider også med ein marknadskampanje. Les meir om dette og anna i denne utgåva av nyheitsbrevet.
Marknadskampanje
Sidan det ikkje vert arrangert messer og vi ikkje deltek og er synlege i andre arenaer, har styret i Norske Landbrukstenester vedteke at det skal nyttast meir midlar til annonsering. Tun Media har gjeve oss eit tilbod der vi får annonsert i diverse media. Det er utarbeida annonser som som skal distribuerast både i papirutgåver og nettannonser. Annonser er i papirutgåva av Bondebladet, Norsk Landbruk, samt Bonde- og Småbruker. Nettannonser vert publisert i Nationen, Bondebladet, Norsk Landbruk og Traktor.
Medlemskap i arbeidsgjevarorganisasjon
Styremedlemmar i Norske Landbrukstenester har i løpet av seinsommaren teke kontakt med styret i dei medlemsføretaka som ikkje er registrerte som medlem i ein arbeidsgjevarorganisasjon. Det er gitt informasjon om gjeldande medlemskriterium for organisasjonen og bakgrunn for ynskje om medlemskap. Det er sett ein siste frist for innmelding til 1. januar 2021.
Årets Avløysar
Norge stemmer fram Årets Avløysar! Vi er no komen til landsfinalen og det står att 10 gode kandidatar som tevlar om tittelen Årets Avløysar 2020! Premien er eit reisegåvekort pålydande 20 000 kroner. I alt var 60 kandidatar nominerte. Nokon av dei nominerte stetta ikkje krava og nokon kandidatar ynskjer sjølv ikkje å vera nominert. Vi opplever god publisitet. Ved fylkeskåringa hadde saka ca. 15 000 visningar og over 2000 personer hadde avgitt si stemme. 10. september starta landsfinalen og kampanjen er open fram til midnatt 18. oktober! Dette vert spennande! Framsnakk kampanjen i sosialemediar og del saka på heimesida dykka om de ikkje allerede har gjort det.
Søknad om produksjonstilskot
Frå 1. oktober, som er teljedato, kan bønder søke produksjonstilskot og tilskot for ferie- og fritidsavløysing. Siste frist for å søke er 15. oktober 2020. Du kan lese meir om dette på landbruksdirektoratet si heimeside her.
DNB overtar KLP Bedriftspensjon
Dei fleste laga i NLT har innskotspensjon i KLP Bedriftspensjon. KLP Bedriftspensjon vil i løpet av kort tid verte overtatt av DNB, noko som vil medføre enkelte endringar for oss.
NLT vil saman med Gabler følgje med på prisar og vilkår etter overgangen til DNB, og om naudsynt vil vi ut i marknaden til våren.
Ved spørsmål kan de ta kontakt med administrasjonen ved Romar Skeie Olsen.
Haustsamling
Sidan vår organisasjon har ei samfunnskritisk oppgåve i forhold til dyrevelferd og matproduksjon ser vi oss diverre nøydt til å avlyse årets Haustsamling grunna Covid-19. For å kunna halda beredskapen for bønder i heile landet kan vi ikkje utsetje våre tilsette og tillitsvalde for risikoen for smitte ved reise og samling. Vi beklagar dette på det sterkaste, men meiner at det er det einaste rette å gjera, slik situasjonen er. Vi kjem til å arrangere ei digital haustsamling for våre medlemmer. Denne vert naturleg nok ikkje så omfattande som ei ordinær haustsamling, men vi trur likevel at det kan verta nyttig. Tidspunkt vert den same som den opprinnelige haustsamlinga. Meir informasjon om dette kjem seinare.
Webtemp
Vi opplever auka interesse for Webtemp. Det er no tre nye medlemsføretak som har eller er i gang med å ta i bruk Webtemp som verktøy for elektronisk innlevering og godkjenning av timelister. Vi seier varmt velkomen til Landbrukstjenester Øst, Landbrukstjenester Hedemarken og Verdal Avløserlag. Ynskjer du og laget ditt å gå over til elektroniske timelister? Eller ynskjer du meir informasjon om Webtemp? Ta kontakt med Trude Soma Augestad .
Kurs og møter
24. august – Møte i beredskapsgruppe for arbeidskraft
Dagleg leiar Frode Alfarnes deltok i Teamsmøte i beredskapsgruppa for arbeidskraft med fokus på kva som kan gjerast i samband med oppslag gjeldande løns- og arbeidsvilkår i grøntnæringa.
27. august – Prosjekt Arbeidskraft i landbruket
Også dette møtet vart arrangert via Teams. Det er ei intern arbeidsgruppe i styret i NLT. Gruppa skal vurdere om det er råd å starte eit prosjekt for å sjå på tilgangen til arbeidskraft i landbruket.
1. september – Samling for Landbruksvikar og administrasjonstilsette i Vestland fylke
Administrasjonen var også i år invitert til samling for landbruksvikarar og administrasjonstilsette i Vestland fylke. Dette er ei type samling som vi set pris på å bli invitert til. Samlinga var i vakre Sogndal. Det var sjølvsagt strenge føringar for smittevern. Samlinga har fagleg innhald for både landbruksvikarar og for administrasjonstilsette i tillegg til sosialt samvær med lagbygging. Vi i administrasjonen er invitert for å bidra med fagleg innhald. Romar og Tor heldt eit innlegg om marknadsføring medan Trude og Frode hadde vising for korleis ein kan nytta Webtemp til oppdragsbekreftingar og arbeidskontraktar samt andre tips til meir effektiv bruk av Webtemp i kvardagen.
4. september – Styremøte i Norske Landbrukstenester
Styremøte på Scandic Nidelven. Det var lenge sidan førre styremøte der ein fysisk kunne treffast. Dette resulterte i eit konstruktivt, engasjert og godt styremøte. Referat finn du på heimesida vår når det er klart.
7. september – Møte i referansegruppa i Arbeidstilsynet
Møtet vart arrangert via Teams. Dagleg leiar Frode Alfarnes tek del i gruppa. Dette møtet omhandla kommunikasjonskampanje i samband med nytt regelverk for bruk av setebelte i traktor.
8. og 9. september – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Organisasjon vår var representert av styreleiar Harald Lie på styremøte i NHO Mat og Drikke. Møtet var arrangert på vakre Borregaard Hovudgaard i Østfold.
8. og 9. september – Innføring av Webtemp i Landbrukstjenester Øst
Trude Soma Augestad deltok i innføring av Webtemp hos Landbrukstjenester Øst. Landbrukstjenester Hedemarken var også tilstades ein dag. Det er gledeleg at fleire og fleire medlemsføretak ser nytta av elektronisk timelistefangst.
10. september – Teamsmøte med forsikringsmeklar
Organisasjonen hadde møte med forsikringsmeklar i samband med vurdering av fornyingstilbod på forsikringspakke for forsikringsåret 2020/2021.
22. september – Møte med medlemsføretak i Rogaland
Styreleiar Harald Lie møter med styret og administrativt tilsette hjå Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester SA samt Landbrukstenester Ryfylke SA på Finnøy for gode strategiske diskusjonar.
29. september – Representantskapsmøte i Norges Bondelag
Representantskapsmøte treffer sluttningar som etter lova er tillagt representantskapet . Det er eit rådgjevande organ for årsmøtet og styret i Norges Bondelag. Norske Landbrukstenester er her representert av styreleiar Harald Lie.
30. september – Årsmøte i Norges Bondelag
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes deltok på Årsmøtet til Norges Bondelag saman med utsendingar frå Vestfold Bondelag.
Ta godt vare på deg sjølv og andre!
Varme hausthelsingar fra styret og administrasjon