Norske Landbrukstenester

Våren er her!

Våren er i anmarsj og vi set pris på at dagane vert både lenger og ljosare. Vi er godt i gang med å planlegge både nært føreståande årsmøte samt vårsamling. Årsmøtet for 2021 vert halde på Lily Country Club på Kløfta frå tysdag 5. april til onsdag 6. april. Ny strategiplan vert presentert på Årsmøtet.  Vårsamlinga vert arrangert frå  24. mai, også denne på Lily Country Club på Kløfta. Organisasjonen har  arbeida tett saman med faglag og andre organisasjonar i landbruksfamilien for å fremja våre krav til årets jordbruksforhandlingar, vi har hatt samarbeidsmøter og utvida leiargruppe i NHO Mat og Drikke. Nokre av møta er framleis digitale og andre er fysiske møter. Førre styremøte vart gjennomført på Gardermoen. Elles kan NLT skryte, vi har fått målblom! Målblomen vart vi tildelt for vår medvitne tilhøve til god nynorskbruk. Prisen vart tildelt av Kvinnherad mållag. 

Årsmøte

Tysdag 5. og onsdag 6. april 2022 skipar NLT Årsmøte for 2021 på Lily Country Club på Kløfta . Samfunnet har opna opp og vi ser fram til å møtast. Arbeidsgruppa som har arbeida med strategiplanen presentere denne for årsmøtet. Innkalling er sendt ut og årsmøtepapira finn du på heimesida vår her 

Høyring bemanningsføretak

NLT samarbeidar med NHO Mat og Drikke og Fellesforbundet med eitt felles høyringssvar til regjeringa si høyring om endringar i regelverk for inn- og utleige frå bemanningsføretak. Her vert det føreslått at partane i arbeidslivet, saman med aktuelle organisasjonar i landbruket, skal arbeide med ei eiga regulering som gjer eitt klart unnatak for utleige innan avløysar- og landbruksvikarordninga.

Utfordringar sesongarbeidskraft

Etter to år med pandemi såg det i år ut som om vi var meir tilbake til normalen, og når det gjaldt tilgang til arbeidskraft frå utlandet. Diverre så er vi i ein situasjon med krig i Europa. Sjølv om våre utfordringar på arbeidskraft vert små i forhold til dei lidingane det ukrainske folket opplever, er dette ei utfordring som må løysast i forhold til vår eiga matforsyning. 

Basert på spørreundersøking i medlemsføretaka våre så er det ikkje stor rekruttering direkte frå Ukraina, men vi veit ikkje kor stor innverknad dette vil få for rekruttering frå naboland som er ein del av EU/EØS. 

I tillegg til at landbruket sine organisasjonar fortset med sine kontaktmøter for å sjå på utfordringane med arbeidskraft har NAV kome med tilbakemeldingar på kva dei kan bidra med ved rekruttering. Du finn denne informasjonen her.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har no lagt ut oversikt over kva dei vil prioritere i 2022. Blant prioriteringsområda er innsats for å styrke det seriøse og anstendige arbeidslivet. Fokus vil her vera på bransjar som har almenngjort tariffavtale, med anna innan jordbruk og gartneri. Meir informasjon frå Arbeidstilsynet finn du her.

Lønsprogram

Som vi har informert om tidlegare så er det sett ned ei arbeidsgruppe i NLT som arbeidar med å sjå på programløysingar for organisasjonen, då det er signalisert at både Lønn 5 og SunPro vert lagt ned frå årsskiftet. Arbeidsgruppa skal ha ei anbefaling klar til medlemsføretaka i løpet av første halvår. Det står fortsatt att nokre avklaringar frå nokre leverandørar. I tillegg så er det avtalt eitt møte med Proresult for å sjå kva løysingar dei kan tilby.

Jordbruksforhandlingar 

Også i år har vi delteke i møter med både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å fremja våre innspel til årets jordbruksforhandlingar. Innspela våre finn du på heimesida vår her 

Vårsamling 

I slutten av mai vil vi invitere til vårsamling. Også vårsamlinga vil bli arrangert på Lily Country Club på Kløfta. Vi håpar å sjå deg der!  Har du forslag til kurs eller har andre tankar for vårsamlinga kan du sende ein e-post til tor@n-lt.no 

Webtemp

Ved overgang til nytt år 2022 var det eit medlemslag som tok Webtemp i bruk. Det var også tre medlemslag som tidlegare har nytta Webtemp til å hente elektroniske timelister som no vel også å fakturere i Webtemp. Det er også nokre lag som er klare til å ta i bruk elektroniske timelister no i nær framtid. Er du og ditt lag nyskjerrig på elektroniske timelister? Ta i tilfelle kontakt med trude@n-lt.no

Kurs og møter 

3. januar – Utvida leiargruppe 
Frode Alfarnes møter i utvida leiargruppe i NHO Mat og Drikke. På møta vert saker som kompensasjonsordning, straumprisar og høyringssak om bemanningsbransjen diskutert. Samt kva saker som skal ha prioritet. 

7. januar – Koordinerende forum for grøntnæringa
Frode Alfarnes deltek i arbeidsgruppa. Det er ikkje same behov no som i starten av pandemien slik at framtidige møter vert meir sporadiske. 

19. januar – Arbeidgjevar politisk utval (APU) 
Frode Alfarnes representerer organisasjonen. Tema for møta har vore Covid-19, tariff, reglar og oversikt over forskjellige tidlegare domar som kan ha innverknad for tolking av regelverk for arbeidsgjevarar.  

21. januar – Arbeidskraftbehov med NAV 
Det har vore jamnleg møter mellom organisasjonane i landbruket og NAV for å sjå på utfordringar med arbeidskraft.

21. januar – Møte med  Stiftelsen Norsk Mat
Det er inngått ein intensjonsavtale mellom NLT og stiftinga Norsk Mat. Saman skal ein sjå om det er mogeleg å forenkle bonden sin KSL revisjon dersom medlemsføretak vert nytta til utlønning. Landbrukstjenester Akershus er pilotføretak og hjelper oss med arbeidet. 

1. februar – Samarbeidsmøte NHO Mat og Drikke
NHO Mat og Drikke og NLT møter for å evaluere samt planlegge framtidige kurs og møter. 

7. februar – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Organisasjonen vert i NHO representert av styreleiar Inge Martin Karlsvik. Her er var tema jordbruksforhandlingar samt regjeringa sitt arbeid med innleige – og bemanningsselskap m.v.

8. februar – Prisutdeling
Frode Alfarnes mottek på vegne av organisasjonen Målblomen. Kvinnherad Mållag tildeler målblomen for god bruk av nynorsk som målform. 

15. – 16. februar – Styremøte NLT
Styremøtet til NLT vart arrangert på Gardermoen Airport Hotell. Mellom anna vart det gjennomgang  av og fordeling at arbeidsoppgåver  til Årsmøtet. Protokoll vert publisert på heimesida når det er klart. 

24. februar – Møte med Proresult
Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad møtte med dagleg leiar i Proresult, Laila V. Helgheim. 

28. februar  –  Møte med Trøndelag Bondelag
Finn Egil Adolfsen representerer NLT og legg fram våre innspel til Jordbruksforhandlingane.

4. mars – Møte med NLT, Bondelaget og NHO Mat og Drikke
I samband med høyring på inn-/utleige frå bemanningsføretak har vi i samarbeid med NHO Mat og Drikke hatt møter med Fellesforbundet og Norges Bondelag.

8. – 9. mars – Innspel til Jordbruksforhandlingar
NLT har hatt møte med faglaga sentralt for gjennomgang av våre innspel til årets jordbruksforhandling. 

9. – 10. mars – Årsmøte i Vestland Bondelag
Tor Skeie Olsen representerte organisasjonen på Årsmøtet i Vestland Bondelag. Årsmøtet var på Hotell Ullensvang. 

15. mars – Årsmøte i Landbruk Nordvest
Inge Martin Karlsvik var invitert til å gjeste Landbruk Nordvest sitt årsmøte. Han representerer NLT.

15. -16. mars – Årsmøte til Trøndelag Bondelag
Finn Egil Adolfsen representerer NLT på årsmøtet. 

16.- 17. mars – Årsmøte Innlandet Bondelag 
Ola Norvald Hagen representerte organisasjonen på årsmøtet til Innlandet Bondelag. 

22. mars – Møte mad medlemslag i Rogaland
Jan Bjorland var invitert til å delta på møte mellom medlemslaga i Rogalandsregionen. Diverre vart han forhidra i å deleta grunna sjukdom. 

28. mars – Møte Ecit – NettoLønn
Arbeidsgruppa som arbeidar med å sjå på nye programløysingar var i møte med Ecit for å få presentert deira lønsprogram, Nettolønn.

29. mars – Forhandlingsutvalet Jordbruk og Gartneri i NHO Mat og Drikke
Innleiande førebuingar til lønsforhandling.

30. – 31. mars – Representantskapsmøte med Bondelaget
Dagleg leiar og styreleiar deltok på representanskapsmøte i Norges Bondelag. Her vert mykje av grunnlaget for prioritering av saker til jordbruksforhandlingar lagt. Fokus på velferdsordningar vert ei viktig sak, sjølvsagt i tillegg til dekning av auka kostnader og auke i inntekter. Representantskapsmøtet vedtok ein resolusjon til årets jordbruksforhandlingar. Les meir om dette møtet på Bondelaget sine nettsider her.

Styret og administrasjon ynskjer riktig god påske!