Foto: Gunvor Synnøve Lie

Nyheitsbrev mars 2021

Vi har sett klokka til sumartid. Våren er rett rundt hjørna og vi ser optimistisk fram mot lyse tider. Vi i administrasjonen i NLT er tilbake på heimekontor og alle kjenner vi på sakn etter ein meir normal kvardag. Ein kvardag der vi kan sjå kvarandre og ha det hyggeleg saman. Fram til den dagen kjem, held vi fram det aktive arbeidet for og med organisasjonen vår og nyttar dei digitale verktøya vi har. I denne utgåva av nyheitsbrevet finn du saker om årets jordbruksforhandlingar. Du får oversikt over kva kurs og møter organisasjonen er representert i og elles anna aktuelt.

Tilskott til kurs

I samband med innføring av ny forskrift for nasjonale tilretteleggingsmidlar 15. januar i år valde Landbruks- og matdepartementet å gå imot høyringsinnspel på å behalde øyremerka midlar til kurs for landbruksvikar og avløysar. Ordninga med støtte til avløysarkurs, som inntil i år har vore organisert gjennom Studieforbundet Næring og Samfunn, er dermed avslutta. Det vert i staden oppmoda om at næringa sjølv set av budsjettmidlar gjennom jordbruksforhandlingane for å dekke denne opplæringa. Dette har NLT spelt inn til avtalepartane.

Årmøtet til NLT

Grunna pandemien og retningslinjer gitt av myndigheita vert det vanskeleg å arrangere eit fysisk årsmøte. Årsmøtet for 2020 vert derfor avvikla digitalt 13. april 2021. Årsmøtepapira er publisert på heimseida vår her.

Innreiserestriksjonar

Det er stadig endringar i innreiserestriksjonar for utanlandsk arbeidskraft. Vi prøver til ei kvar tid å kome med oppdatert informasjon via vår heimeside her.

Jordbruksforhandlingar

I samband med komande jordbruksforhandlingar har NLT hatt møte med både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag for å fremme våre innspel som du finner her.

Møte administrasjonstilsette

Det er invitert til medlemsmøte med administrasjonstilsette i organisasjonen 7. april for å drøfte med anna årsmøte og vår-/haustsamling. Om du ikkje har fått registrert deg til møtet, så ta kontakt på post@n-lt.no.

Vårsamling

Slik situasjonen er per i dag kan det sjå ut til at også vårsamlinga vert digital. Vi arbeider med ulike kurs og vil gjere det vi kan for å få til ei god digital samling. Om du har tips eller ynskjer til tema sender du det i e-post til tor@n-lt.no

Kurs og møter

6. januar – Møte om Materiellbank for avløysarkurs
Romar Skeie Olsen er aktiv deltakar i arbeidsgruppa som arbeidet med materiell- og biletbank for avløysarkurs er komen godt i gang. Sticos vert nytta som verktøy og arbeidet skal vera ferdig innan 1. juni 2021.

7. januar – Årskonferanse NHO
Hovudtema for NHO sin årskonferanse var Framtidas jobbskaping. Vår organisasjon var representert av både styreleiar Harald Lie og Frode Alfarnes.

8. januar – Møte i beredskapsgruppe arbeidskraft
Det er jamnlege møte i den nedsatte gruppa som ser på løysingar for å sikre nok arbeidskraft til landbruket under koronaepedimien. Frode Alfarnes sit i gruppa frå NLT.

21. januar – Møte om forsikringar for medlem og tilsette
Det er starta eitt arbeid i samarbeid med vår forsikringsmeklar Søderberg & Partners for å etablera fleire forsikringsordningar for medlemer og tilsette i medlemføretaka våre. Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes representerte NLT i møtet.

29. januar – Oppstartsmøte for samarbeid mellom landbruket og NAV
I samband med større etterspørsel etter norsk arbeidskraft er det etablert eitt samarbeid mellom landbruket og NAV for å sjå på kva NAV kan bidra med når det gjeld rekruttering av norsk arbeidskraft til landbruket. Frode Alfarnes representere NLT.

2. – 3. februar – Styremøte i NLT
Alle frå både styret og administrasjonen deltok på styremøtet via Teams. Styrereferat frå NLT sine styremøte finn du på vår heimeside etter kvart som dei er godkjent.

5. februar – Samarbeidsmøte mellom landbruket og NAV
Vidare oppfølging av samarbeid mellom landbruket og NAV for å sjå på kva NAV kan bidra med når det gjeld rekruttering av norsk arbeidskraft til landbruket. Frode Alfarnes representere NLT.

16. februar – Statusmøte med Websystemer AS
Her var organisasjonen representert av Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad. Websystemer var representert av Cecilie Eide. Statusmøte vert sett opp med jamne mellomrom, for å oppretthalda det gode samarbeidet, gå gjennom supportsaker og ynskjer til betring av systemet.

16. februar – Webtemp presentasjon for Levanger og Namdal
Trude Soma Augestad presenterte Webtemp for både administrasjon og styremedlem i Levanger og Namdal.

17. februar – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Styreleiar Harald Lie deltok på styremøte.

18. februar – Møte i Arbeidstilsynet sitt samarbeidsforum – HMS i landbruket
Vidare samarbeid om Arbeidstilsynet sin kampanje for bruk av setebelte i traktor. Frode Alfarnes representere NLT i forumet.

2. mars – Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket
Møtet var leia av landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Fokus for møtet var på HMS i landbruket. Det vert arbeida mot null-visjon innan dødsulykker i landbruket. Vår organisasjon var representert av 1. vara i styret, Linda Kristin Oppedal.

4. – 5. mars – Innspelsmøte til jordbruksforhandlingar
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og Frode Alfarnes hadde desse to dagane digitale møter med faglaga for å legge fram NLT sine innspel til jordbruksforhandlingane.

5. mars – Møte i beredskapsgruppe arbeidskraft
Det er jamnlege møte i den nedsatte gruppa som ser på løysingar for å sikre nok arbeidskraft til landbruket under koronaepedimien. Frode Alfarnes sit i gruppa frå NLT.

5. mars – Samarbeidsmøte mellom landbruket og NAV
Vidare oppfølging av samarbeid mellom landbruket og NAV for å sjå på kva NAV kan bidra med når det gjeld rekruttering av norsk arbeidskraft til landbruket. Frode Alfarnes representere NLT.

10. mars – Webinar – Forsøk med yrkesutdanning 2+2 ordninga
Fagleg råd for naturbruk inviterte til møte for som å diskutere sluttrapporten etter forsøk med 2 + 2 ordninga, og vegen vidare. Planen er at rådet vil koma med ei instilling for arbeidet vidare med fagutdanning innan landbruk etter sommaren. Sluttrapport finner du her.

11. mars – Møte i APU
Møte i APU (Arbeidsgiverpolitisk utvalg) i NHO Mat og Drikke for å få presentert rapport om arbeidet som vert gjort i det partsamansatte utvalet frå regjeringa, som skal sjå på tilknytning og reglar i arbeidslivet. Frode Alfarnes sitte i APU frå NLT.

11. mars – Årleg samarbeidsmøte mellom NLR og NLT
Organisasjonen var representert av styreleiar Harald Lie og Frode Alfarnes. Frå Norsk Landbruksrådgiving stilte nestleiar i styret Gette Eidesen og direktør Bjarne Holm.

15. mars – Årsmøte i Landbruk Nordvest
Styreleiar Harald Lie deltok som gjest på det digitale årsmøtet til Landbruk Nordvest.

16. mars Styremøte i NLT
Styremøtet hadde vanlege styresaker. Så snart referat er godkjent vil du finne den på heimesida vår.

18. mars – Styreleiarsamling i NLT
Eit digitalt møte for styret i NLT og styreleiarar i medlemsføretaka. På agendaen var statusoppdatering – leverer vi på oppdraget og visjonen vår? Arbeid med ny strategiplan, status på arbeidsgjevarorganisasjonstilknytning samt diskusjonar om velferdsordningane i landbruket.

18. mars – Webinar om Duett lønn
Dagleg leiar i Oppdal Landbrukstjenester, Janne Gravem tok initiativ til eit Webinar med presentasjon av Duett Lønn. Duett har inngått eit samarbeid med Websystemer og utvikla ein lønsmodul for avløysarlag som nyttar Webtemp som elektronisk timelistefangst. Dei som hadde interesse kunne delta på webinaret.

19. mars – Samarbeidsmøte mellom landbruket og NAV
Vidare oppfølging av samarbeid mellom landbruket og NAV for å sjå på kva NAV kan bidra med når det gjeld rekruttering av norsk arbeidskraft til landbruket. Frode Alfarnes representere NLT.

24. – 25. mars – Representantskapsmøte med Norges Bondelag
Styreleiar Harald Lie og Frode Alfarnes deltok frå NLT i representantskapet. Her vert grunnlaget lagt for bondelaget sine innspel til jordbruksforhandlingane. Du kan lese meir om resultatet frå møtet her.

25. mars Møte med faggruppa HMS
Tor Skeie Olsen deltek aktivt i faggruppa som i fyrste omgang skal sjå på HMS-biten i KSL-rapporteringa. På møtet var det ein kort gjennomgang av KSL-Trygg, dette er ein APP til mobil. Der kan ein fylle ut og notere inn i KSL fortløpande. I tillegg var det gjennomgang av Arbeidstilsynet på kva som vert fokusområde på tilsyn i landbruksnæringa i 2021.

26. mars – Møte i beredskapsgruppe arbeidskraft
Det er jamnlege møte i den nedsatte gruppa som ser på løysingar for å sikre nok arbeidskraft til landbruket under koronaepedimien. Frode Alfarnes sit i gruppa frå NLT.

Haustsamling

Vi tek utgangspunkt i at årets haustsamling vert ei fysisk samling. Planlegginga er godt i gang og vi tek imot både ynskjer og tips til kurs og ulike tema de ynskjer å ha på sjølve samlinga. Send i tilfelle dette til tor@n-lt.no

Styret og administrasjonen ynskjer deg ein
RIKTIG GOD PÅSKE