Foto: Inge Martin Karlsvik

God sumar til deg! 

Takk! Takk for det arbeidet du gjer for det norske landbruket! Både styret og vi i adminstrasjonen arbeider, som deg, kontinuerleg for å oppretthalde og utvikle gode tenester for våre medlemar. Det gjer vi blant anna ved å delta på møter og samlingar med ulike organisasjonar i landbruket og i ulike politiske miljø. I denne utgåva av nyheitsbrevet finn du som vanleg ei oversikt over kva møter organsisajonen vår er representert i. Vi har hatt årsmøte og gjennomført vårsamling. Også i år var vårsamlinga arrangert digitalt, likt som styremøta våre. På førre styremøte vart det sett ned ei ei arbeidsgruppe som skal arbeide med strategiplanen vår. Finn Egil Adolfsen leiar denne gruppa som også består av Inge Martin Karlsvik, Janne Østgaard Aagesen, Anne Margrethe Solheim Stormo, Lars Idar Røsten, Samuel Lima Madland og Tor Skeie Olsen. Strategiplanen skal presenterast på Årsmøtet for 2021 i 2022. Både Visma Huldt og Lillevik lønn 5 og Ufosoft AS har annonsert at programvara er utgåande. Organisasjonen må derfor sjå på andre alternativ. Styret har også her sett ned ei arbeidsgruppe som har i oppgåve å belyse ulike alternativ for vegen vidare. Denne gruppa består av Janne Østgaard Aagesen, Ola Norvald Hagen og Frode Alfarnes.  Gruppa har sendt ut ein e-post der dei ber om tilbakemelding frå våre medlemsføretak. Fristen for å kome med synspunkt er sett til 30. juni 2021. Som du skjønar så det ei tid med endringar i organisasjonen vår. Ei spanande tid. Framleis er mykje av møteaktivitet og representasjon gjennomført digitalt. Dette vonar vi det snart vert slutt på. Vi i administrasjonen er i gang med å planlegge haustsamling. Denne vil bli arrangert på Lily Country Club Hotel 26.-28. oktober. Vi håpar verkeleg at vi kan gjennomføre denne samlinga fysisk og at vi ser deg der! Eventuelle tips, både til gjennomføring og kurs sender du til tor@n-lt.no.

Årsmøte for 2020

NLT arrangerte digitalt Årsmøte for 2020, 13. april 2021. Organisasjonen har etter årsmøtet fått nye styremedlem og enkelte styremedlem har fått nye roller. Inge Martin Karlsvik er vald som styreleiar, Finn Egil Adolfsen er nestleiar og Ola Norvald Hagen er nytt styremedlem. Jan Bjorland er ny i rolla som 1. vara. Ynskjer du ein full oversikt over nytt styre finn du det på heimesida vår. Forutan val av nye styremedlem hadde også årsmøtet sak om vedtektsendringar samt ei sak om selskapsform.  

Vårsamling

Også i år  vart Vårsamlinga vår arrangert digital. Vi la opp til 4 ulike kurs à 4 timar. Kursa ein kunne velja mellom på denne samlinga var. 

  1. Aktuelle tema v/NHO Mat og Drikke
  2. Arbeidsmiljølova §3-5 v/NHO Mat og Drikke
  3. Kommunikasjonskurs v/Bukken AS
  4. HMS- og Hygienekurs v/NLR HMS

Vårsamlinga hadde rundt 100 deltakarar. Det som er meldt tilbake til oss er utelukka positivt. 

Årets Avløysar

I fjor endra vi på rutinen for kåring av årets avløysar. Kåringa går no via nett.

I 2020 var det Landbrukstenester Sogn sin landbruksvikar, Tage Nondal som vart kåra til årets avløysar. Premien var eit reisegåvekort på 20 000 kr.

Kampanjen for kåring av Årets avløysar 2021 starta 21. mai og går fram til 24. juli. 
Har du årets avløysar tilsett i din stab? Nominer dei!

Kven kan nominera?

  • Medlemmane dine kan nominera sin avløysar.
  • Du som er tilsett i laget kan nominera dine tilsette!

Det er visse kriteriar som må vera stetta for at avløysar kan nominerast. Kriteria samt nominasjonsskjema finn du på heimesida vår. Det er kome inn nokre nominasjonar. Vi både trur og håper at det er mange fleire avløysarar som kvalifiserer til nominasjon! Bruk sosiale media og sprei bodskapen! Og del gjerne innlegget som ligg på Facebook. 

Jordbruksoppgjeret  2021

Det er lagt ut pressemelding om årets Jordbruksoppgjer. Denne finn du på heimesida vår her

Lønsoppgjeret 2021

Årets lønsoppgjer var eit mellomoppgjer. I mellomoppgjer vert det i hovudsak kun forhandla løn. Årets lønsoppgjer gjer eit generelt tillegg på kr. 2,25 per time til alle. Dette med verknad frå 1. april 2021.  Gjeldande frå same dato, er det gjeve 1 kr. per time til alle arbeidstakarar med låg løn. Overeinskomsten og tabell for minsteløn finn du på heimesida til NHO Mat og Drikke.

Frå 1.juli er det ny allmenngjort tariffavtale innafor vårt tariffområde. Dette gjev avløysarar og røktarar i fast turnus rett på eit tillegg på 25% per arbeida time heile laurdag, søndag, jul – og nyttaårsafta, beveglege heilagdagar samt offentlege høgtidsdagar – 1. og 17. mai.

Korona

Du vil til kvar ei tid finne oppdatert informasjon på heimesida vår.

Kurs og møter

Beredskapsgruppe arbeidskraft i landbruket
Sidan starten av koronapandemien i mars i fjor har ei gruppe med representantar frå ulike organisasjonar i landbruket hatt jamnlege møter for å arbeide med fokus på mangel på arbeidskraft til landbruket, i samband med innreiserestriksjonar. Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i gruppa. Gruppa har hatt møter kvar 14. dag.

Statusmøter – NAV og landbruket
Det har i heile år vore jamnlege møter mellom NAV og landbruket sine organisasjonar for å sjå på kva NAV kan bidra med i samband på mangel på arbeidskraft i landbruket. Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i møta. 

13. april – Årsmøte i NLT 

13. april – Styremøte NLT
Også dette styremøtet var gjennomført digitalt på Teams. Referat ligg på heimesida vår

15. april –  Møte mellom NHO Mat og Drikke, NLT og Landbrukstenester Nord-Østerdal
Dialogmøte for å sjå på utfordringar med kontingent til Sliterordninga og O/U-fond i samband med innmelding til A-ordninga.

15. april – Samarbeidsmøte med Websystemer AS
Møte mellom NLT og Websystemer for å diskutere utvikling av Webtemp med fokus på Webtemp Next.

26. april –  Styremøte i NLT
Styremøtet handsama sju saker på dette møtet. Det var mellom anna gjennomgang av arbeidsformer i styret med møteplan og årshjul.  Referat frå møtet er publisert på heimesida vår

6. mai – Tariffkonferansen 2021
Konferansen vart avholdt digitalt med tema innan tariff. Meir informasjon om konferansen finn du på heimesida til NHO Mat og Drikke

7. mai – Møte i RUSK – Norsk Landbrukssamvirke
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT. RUSK er rådgjevande utval for samvirke og kompetanse. Utvalet består av medlemar i Norsk Landbrukssamvirke, og er eit fora for kurs og opplæring. Fokus frå vår side er tilbod om digitale kurs til tillitsvalde, både til styre og valkomite lokalt og sentralt. 

20. mai – Generalforsamling i NHO Mat og Drikke 
Organisasjonen vart representert av styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes. 

21. mai – Årsmøte i Norsk Landbrukssamvirke
Organisasjonen vart representert av styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes. 

25. mai – Statusmøte med Webtemp 
Samarbeidet mellom NLT og Webtemp er godt. Vi har jamnlege statusmøter med Webtemp der Frode Alfarnes og Trude Soma Augestad går gjennom både saker som er til support og saker som ligg inne til utvikling hjå Websystemer. 

30. mai – Møte med Grønt spatak
Grønt Spatak er brubyggjar mellom unge og bønder, for eit miljøvenleg jordbruk i Noreg. Grønt spatak er drive av Natur og Ungdom samt Norsk Bonde- og Småbrukarlag sidan 1993. Prosjektet er finansiert av Norske Felleskjøpet, Tine og Miljødirektoratet. Dagleg leiar Frode Alfarnes var invitert til å halda ein presentasjon om avløysarordninga. Du kan lese meir om prosjektet her

1. juni – Vårsamling

2. juni – Styremøte NLT
Styremøte med fokus på ny strategiplan og utfordringar knytta til løn- og rekneskapsprogram i organisasjonen. Referat vert lagt ut når det er klart på heimesida vår.

8. juni – Representantskapsmøte Bondelaget
Styreleiar Inge Martin Karlsvik og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT i Bondelaget sitt representantskapsmøte. Inge Martin heldt eit innlegg med viktigheita av gode velferdsordningar som tema. Han peika spesielt på ordniga kring sjukdom generelt, i tillegg til svangerskap og fødselspermisjon. Elles var sentrale tema i møtet gjennomgang av jordbruksforhandlingar, dyrevelferd og politisk arbeid framover.

9. – 10. juni – Årsmøte i Bondelaget
Både styreleiar og dagleg leiar deltok i Bondelaget sitt Årsmøte 2021. Årsmøtet vart gjennomført digitalt. Protokoll for årsmøtet er lagt ut på heimesida til Bondelaget.

14. juni – Fornyingsmøte om forsikringar med meklar
Førebuing til anbud på forsikringspakken til NLT saman med vår meklar Søderberg & Partners.

14. juni – Møte i Arbeidsgiverpolitisk utval (APU)
APU i NHO Mat og Drikke hadde eitt digitalt møte med fokus på framtidas arbeidsliv, inkluderande arbeidsliv og lokale forhandlingar. Dagleg leiar Frode Alfarnes møter for NLT i utvalet.

22. juni – Statusmøte NLT og NHO Mat og Drikke
Årleg samarbeidsmøte med NHO Mat og Drikke for evaluering av fjoråret og diskusjon om aktuelle saker.

25. juni – Dialogmøte – Norsk Landbrukssamvirke (NL), NLT og Norsk Landbruksrådgiving (NLR)
NLT og NLR ba i fellesskap om eit dialogmøte med ny administrerande direktør i NL, Gaute Lenvik, for å diskutere kva nytte våre organisasjonar har av eitt fortsatt medlemskap i NL.

Ferieavvikling i administrasjonen

I sumar er hovudkontoret bemanna som oppsett under

Veke 26 Frode, Tor og Trude

Veke 27 Frode og Tor

Veke 28 Frode og Tor

Veke 29 Romar

Veke 30 Romar

Veke 31 Trude

Veke 32 Romar, Tor og Trude

Treng du oss, er vi rett i nærleiken! Vi er der du er! Ta kontakt med oss på fellespost post@n-lt.no eller hovudtelefonnummer 534 82 280

 

Styret og administrasjonen ynskjer deg ein strålande sumar! Fyll den med gøy!