Nyheitsbrev desember 2020

Nyheitsbrev desember 2020

Annleisåret 2020. 2020 har vore annleis enn det mange såg for seg at året skulle vera. Som samfunn har vi måtte omstille oss raskt. Kurs, møter og samlingar har blitt avlyst og vi har måtte finne andre og nye måter å arbeide på. I ein periode var det heimekontor som gjaldt. I denne perioden hadde vi teamsmøter med medlemsføretaka og tilbakemeldingar viser at dette vart sett pris på. Organisasjonen sitt årsmøte og haustsamling har også vore digitale. Du kan lese om haustsamling og evaluering av denne i dette nyheitsbrevet. Til kvar ei tid har vi forhelde oss til retningslinjer gitt av myndigheita, det har gått bra og alt kjem til å bli bra. Vi ser no fram mot 2021 og håpar og trur at det vert eit år som er meir normalt, både sosialt og arbeidsmessig. Arbeidet med årsavslutting nærmar seg. Om du treng friske opp litt kring rutinar for årsavslutting, finn du alt om det i HMS-handboka vår. Logg deg  inn på sticos.no. Frå 2021 kjem det endringar i rapportering i A-melding.  Dette er mellom anna det du kan lese om i dette nyheitsbrevet. Ta deg tid og god lesning.

Haustsamling

Årets Haustsamling vart i år arrangert digitalt 4.-5. november grunna Covid-19. I overkant av 115 stk. var påmeldt til dei ulike seksjonane vi hadde satt opp.

Våre gode samarbeidspartnera Gabler, KLP, NLR-HMS samt NHO Mat og Drikke stilte opp og hadde webinar med dagsaktuelt innhald.

I tillegg hadde vi Styreleiarforum der styreleiarane fekk diskutera aktuelle tema seg i mellom. Samlinga var avslutta med «Diskusjonsfora», der det var mogeleg å sende inn innspel til tema på førehand.

I tillegg til dette, vart det i år kåring av Årets lag på samlinga. Dette er ei kåring som normalt vert gjennomført på Årsmøtet, men vart i år flytta til Haustsamlinga. Årets lag 2019 vart Landbrukstjenester Salten og Lofoten. Meir om kåringa og årets vinnar finn du her

Webtemp

Vi ynskjer Landbrukstenester Finnøy og Rennesøy velkomen som brukar i Webtemp. Dei er klare til å ta i bruk elektroniske timelister og gje kundar oversikt over eigen reskontro i kundeportal.
Du er også velkomen! Vi vil ha alle med på same løysing! Ta kontakt med trude@n-lt.no dersom du vurderer elektroniske timelister for dine medarbeidarar.

Kalendar 2021

Nytt år, men same prosedyre som i fjor. Kalenderen for 2021 finner du her

A-melding

Frå 2021 så vert det obligatorisk å rapportere «Ansettelsesform» på a-melding for ordinære og maritime arbeidsforhold. Det skal opplysast om tilsetting er Fast eller Midlertidig. Når ein avsluttar eit arbeidsforhold skal årsaka til dette og rapporterast.

Det vert arbeidd for at innrapportering av pensjon for dei som har OTP og skal skje via a-melding. Ein vil då sleppe å rapportere direkte til forsikringsselskap. Per dags dato er det ikkje satt noko dato for når dette vil bli innført for alle, men det vert starta eit pilotprosjekt i januar 2021.

Einskilde utleggstrekk skal og frå 2021 rapporterast via a-melding. Dette vil vera utleggstrekk som vert ilagt frå skatteoppkrevjaren, og skal betalast på same måte som forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift vert betalt i dag.

Covid-19

Det skjer stadige endringar i regelverket i samband med situasjonen rundt Covid-19. Spesielt reglar for karantene kan skifte på kort tid. Ein vil til ei kvar tid finne oppdatert informasjon på NHO Mat og Drikke sine sider her.

Ei lov om kompensasjonsordning for utgifter til innreisekarantene er under utarbeiding. Bakgrunn for forskrifta er ønske om å kompensere deler av kostnadane bedrifter har i samband med gjennomføring av karanteneopphald. Dette vil gjelde der arbeidsgjevar sjølv ordnar eigna karantenelokaler og ikkje der karantenehotell vert nytta. Meir informasjon er tilgjengeleg her.

Det er og foreslege innkjerping i krava til eigen karantenestad for arbeidere. Her vert det krav om eige rom, toalett, bad og kjøkken eller eventuell muligheit for matservering.

Beredskapsgruppe for arbeidskraft

Det har sidan starten av koronapandemien vore nedsett ei eigen arbeidsgruppe blant organisasjonane i landbruket for å sjå på ulike måtar å løyse utfordringar med arbeidskraft til landbruket på. Det har fram til no blitt avvikla 27 digitale møter i denne gruppa. Det vert no arbeida med å sjå på utfordringar i samband med nestes sesong og følgjande hovudpunkt er spelt inn til myndigheitene;

  1. Vidareføring av midlertidig tillegg til Utlendingsforskrifta, § 6-3a fram til 31.12.2021.
  2. Midlertidig fritak frå «6 månaders regelen» i Utlendingsforskrifta § 6-3.
  3. At UDI må ta opp att og prioritere handsaming av søknader frå sesongarbeidare frå tredjeland.

I tillegg så er det utarbeidd eit felles høyringssvar på høyring om straffansvar for lønnstyveri med mer.

Arbeidsgjevarkurs – grøntnæring

Med bakgrunn i erfaringar frå årets sesong og ulike oppslag i media har grøntnæringa i samarbeid med Norges Bondelag og Norsk Landbruksrådgiving gått saman for å utvikle eit arbeidsgjevarkurs, som i første omgang vert tilbudd bær- og grøntnæringa. Det er signalisert frå grøntnæringa at kurset vil vera eit krav for å kunne levere varer til dei. Norske Landbrukstenester har arbeida for å få med informasjon om dei tenestene vår organisasjon kan tilby, på kursa. Kursa skal no i første omgang gå frå 10. desember til midten av februar. Vi vil anbefale våre medlemsforetak som ønsker det om å nytte sjansen til å profilere seg mot grøntnæringa i sitt område no i samband med kursa. Landbrukskontoret i kommunen kan vera behjelpeleg med oversikt over grøntprodusentar om ein manglar det.

Det er utarbeida ein «flyer» med informasjon om tenester vi tilbyr som kan nyttast. Denne ligg på heimesida vår og som redigerbar dokument i HMS-handbok i Sticos Personal.

Ambulerande verksemd og unntaksregel for differensiert arbeidsgjevaravgift

Ambulerande verksemd vil sei at ein drive verksemd andre stader enn der føretaket er registrert og det ikkje er plikt til å registrere undereiningar. Utleige av arbeidskraft kjem inn under ambulerande verksemd.

Sidan 2016 har unntaksregelen for differensiert arbeidsgjevaravgift for ambulerande verksemd vert følgjande;

  1. Utgangspunktet er at ein skal nytte sats for avgiftssone der føretaket er registrert.
  2. Om meir enn 50 % av arbeidstakar sitt arbeid vert utført i ein avgiftssone som er høgare enn der føretaket er registrert pliktar arbeidsgjevar å rekne arbeidsgjevaravgift etter den høgare satsen.
  3. Motsett så er det ikkje lov å rekne arbeidsgjevaravgift etter lågare sats, sjølv om meir enn 50 % av arbeidstakar sitt arbeid vert utført i ein lågare avgiftssone enn der føretaket er registrert. I så tilfelle må ein opprette ei undereining der arbeidstakar er registrert tilknytt.

Det siste kulepunktet over kom som eit resultat av ei endring som vart gjort i 2016 etter tilbakemelding frå ESA (EFTA sitt overvakingsorgan) at dei måtte undersøke om dette var foreinleg med gjeldande EØS-avtale. Sommaren 2017 konkluderte ESA positivt i forhold til dette. Regjeringa har likevel ikkje fram til no vedteke å innføre denne regelen på nytt.

I statsbudsjettet for 2021 ligger det no forslag om igjen å innføre denne regelen frå 2021. Det er inga grunn til å tru at dette ikkje vert vedteke.

Frå 2021 vil gjeldande reglar for oss då vera;

  1. I utgangspunktet skal ein skal nytte sats for avgiftssone der føretaket er registrert på arbeidskrafta.
  2. Om meir enn 50 % av arbeidstakar sitt arbeid vert utført i ein annan avgiftssone enn der føretaket er registrert pliktar arbeidsgjevar å rekne arbeidsgjevaravgift etter den satsen i denne sona.

Ordninga skal igjen evaluerast av ESA i 2021 og det kan kome endringar frå 2022.

Årsavslutting 2020

Det nærmar seg igjen tida for årsoppgjer og som eit hjelpemiddel har vi og i år lagt ut hugselister som ein kan nytte seg av i HMS-handboka.

Forskottssatsar gjeldande for 2021 finn du her. Vi har lagt ut nye skjema for reiserekning på vår heimeside.

Nytt for året er utgreiingsplikt for arbeidsgjevar i private verksemder innafor arbeidet med likestilling og diskriminering. Alle private verksemder med over 50 tilsette, eller over 20 tilsette om ein av partane i arbeidslivet ønsker det, skal greie ut

  • Den faktiske tilstanden for kjønnslikestilling i verksemda
  • Kva dei gjer for å oppfylle aktivitetsplikta

Utgreiinga skal inngå som ein del av verksemda si årsmelding eller i anna offentleg tilgjengeleg dokument, til dømes på heimeside. Du kan lese meir informasjon her, og framgangsmåte for utgreiing her.

Eigen pensjonskonto (EPK) kjem i 2021

Frå 2021 vil mange få sin eigen pensjonskonto. Her vil all pensjonsopptening frå både noverande og tidlegare arbeidsgjevarar verte samla på ein stad. Dette har Stortinget vedteke gjennom endringar i innskotspensjonslova. Ordninga gjeld for tilsette i private bedrifter som har innskotspensjon. Pensjonsoppteninga vert i utgangspunktet automatisk samla hos din noverande arbeidsgjevar sin pensjonsleverandør. Dersom du ikkje ynskjer å samle opptent pensjon kan du reservere deg mot dette.

Poenget med den nye ordninga er å redusera kostnadar som du som arbeidstakar betaler på pensjonsopptening frå tidlegare arbeidsforhold. Dette skal sikre deg som forbrukar meir i pensjon. Samtidig vil forbrukaren få betre oversikt over eigen pensjonssparing når dette vert samla på ein stad.

Du kan sjølv velgje om du vil ha din «Eigen pensjonskonto» hos din pensjonsleverandøren til din arbeidsgjevar, eller om du ynskjer å ha din pensjonskonto hos ein «sjølvvalt leverandør». Finansportalen vil ha ei oversikt over pensjonsleverandørar som tilbyr «Eigen pensjonskonto» som «sjølvvalt leverandør» når ordninga trer i kraft i 2021.

Her kan du lese meir om EPK: Informasjonsskriv til ansatte – nov2020

Kurs og møter

28. oktober – Digitalt møte med Matmerk
for å drøfte mogleg samarbeid i samband med KSL. Fokus på kva som kan gjerast for å lette arbeidet med utfylling av KSL for medlemer i Landbrukstenester.

15. oktober og 3. november – Digitale møter med Landbrukstjenester Helgeland og Vestfold Landbrukstjenester  
for å utarbeide felles utkast til høyringssvar i samband med høyring på nye læreplanar for Naturbruk Vg2 og Vg3.

13. november – Digitalt møte i NHO Mat og Drikke sitt Arbeidsgiverpoltisk utvalg
Møtet hadde fokus på status Covid-19 og tarifforhandlingar.

19. november – Digitalt møte i Arbeidstilsynet sitt Samarbeid- og dialogforum
Det var fokus på kampanje på bruk av setebelte i traktor og statusrapport i deltakande organisasjonar.

24. november – Digitalt medlemsmøte i Norsk Landbrukssamvirke (NL)
Strategiarbeidet i NL og evaluering av landbruksråda hadde hovudfokus.

25. november – Digitalt arbeidsmøte i NLT si arbeidsgruppe, grøntnæring
Det er sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Landbrukstenester Hå, Storfjord Landbrukstenester og Vestfold Landbrukstjenester for å sjå på forholdet mellom landbrukstenestene og grøntnæringa.

1. desember – Digitalt samarbeidsmøte med forsikringsmeklar og DNB
Møte i samband med overføring av pensjonsforsikring frå KLP til DNB.

7. desember – Styremøte i Norske Landbrukstenester
Når referat er klart og signert vert det publisert på heimesida vår.

8. desember – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Her er organisasjonen representert av styreleiar Harald Lie.

14. desember – Digitalt møte med Norges Bondelag
Frode Alfarnes møtte med Norges Bondelag for å informere nærare om bruk av tilskott til avløysarkurs i landbrukstjenestene. Det er ute ei høyring der det er foreslege å ta vekk øyremerking av midlar til avløysar- og landbruksvikarkurs. NLT har i samband med denne høyringa vore i dialog med faglaga og Studieforbundet Næring og Samfunn, som høyringspartar, for å kome med våre innspel.

Hovudkontoret i Rosendal er bemanna i romjula. Ta gjerne kontakt med oss!

Du når oss på telefon 534 82 280 eller send ein e-post til post@n-lt.no

Samhald og samarbeid
Tusen takk! Styret og administrasjonen nyttar høvet til å takke for samarbeidet i året som har gått. Vi ynskjer 2021 varmt velkomen og ser fram til godt samhald og samarbeid også i året som kjem. Ta godt vare på deg sjølv og andre!

God jul og godt nytt år!