Norske Landbrukstenester

Nyheitsbrev september 2019

Er du nysgjerrig? Nysgjerrig på kva som er nytt i organisasjonen vår? Uansett, om du er nysgjerrig eller ikkje, så vert du  anbefala å fortsette å lese vidare i nyheitsbrevet. Blant anna er det teikna ein avtale. Denne avtalen trur vi kan væra til glea for mange. Administrasjonen har vore på Landbruksvikarsamling med Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi var då til Skorpo og vitja ein bonde som driv mjølkeproduksjon på ei veglaus øy. Messa på  Dyrsku’n er vel overstått. Og styreleiar har samtala i Podcast med Landbrukssamvirket. Dette er mellom anna noko av det du kan lese om denne gongen.

Avtale med Agrikjøp og Agrol

Gode medlemsavtalar til våre avløysarar og landbruksvikarar har lenge vore eit sakn i  organisasjonen vår. I samband med dette har vi no ein kjempegod nyheit til alle medlemslaga og deira tilsette. I lengre tid har vi arbeidd for å få gjort Agrikjøp-avtalane tilgjengeleg for våre medlemslag, t.d. Agricar, og Agrol-avtalane som er landbruket sitt fordelsprogram. I september vart det endeleg klart at alle våre medlemslag og deira tilsette kan registrera seg i fordelsprogrammet og dra nytte av alle fordelane dette inneber.

Både tilsette og medlemslaga vil få ta del i avtala ved å registrera seg. Agrol har t.d. ei rekkje bilrabattar som de som lag kan nytte ved anten firmabilkjøp eller leasing.

All registrering skjer via oss i form av ei liste med namn og e-post til dei som ynskjer å ta del i fordelsprogrammet.

Vi håpar dette er ein nyheit som dykkar tilsette ser på som eit personalgode. Eit fordelsprogram dei kan dra nytte av når dei er tilsett i eit NLT-lag. Informer Dykkar tilsette om avtalen!

Registreringa er i gang og skal skje via dette skjema på nettet.
www.landbrukstenester.no/registrering-agrolavtale/

De kan lese meir om alle fordelane på lenkjene under.
agrol.no , agrikjop.no , www.agricard.no

Her er det berre å hive seg rundt!

Studieforbundet

Det vart gjennomført ekstraordinært årsmøte i Studieforbundet næring og samfunn onsdag 25. september. Det var på førehand varsla forslag om å legge ned studieforbundet. Årsmøtet vedtok einstemmig å oppheva avviklingsprosessen, slik at det fortsett som før. Meir informasjon finn du her.

Søknad om produksjons- og avløysartilskot

Andre søknadsrunde med teljedato 1. oktober har absolutt søknadsfrist 15. oktober. Det er viktig at alle søker om avløysartilskot innan fristen sjølv om dei ikkje har nytta noko tilskott til no. Ein set då inn kr. 0,- som søknadsbeløp. Eventuell korrigering vert gjort innan fristen 10. januar til neste år.
Informasjon frå Landbruksdirektoratet finn du her

Fornying av forsikring

Prisar på forsikringar for neste forsikringsår er no ferdigforhandla. For andre år på rad så ser vi ei lita auke i premien på Ansvarsforsikring. Det er diverre for mange skadar på maskinutstyr og bygningar, med store utbetalingar. I tillegg så aukar premie for bilforsikring dette året. Her er det også diverre for mange skadar. For dei andre forsikringane er det inga endring i premie. Alle medlemslag har no fått oversendt oversikt over kva forsikringar som er registrert hos oss. Dette vil saman med korrigeringar vi mottek verta fakturert i veke 41.
Vi vil sterkt oppfordre dei laga som ikkje har teikna forsikring for Formuetap og Kriminalitet om å gjera dette. Det viser seg at det kan koma godt med.

Forsikringsprisar for forsikringsåret 01.10.2019 – 30.09.2020

Type forsikring Premie i år Premie i fjor
Yrkesskade 0,63 % av lønsomsetting (same som i fjor)
Ansvar 0,245 % av lønsomsetting (0,235 % i fjor)
Ulykke/fritid kr. 400,- pr. person (same som i fjor)
Tenestereise kr. 150,- pr. person (same som i fjor)
Formuetap kr. 1.000, – pr. lag (same som i fjor)
Kriminalitet kr. 1.000, – pr. lag (same som i fjor)
Bil kr. 8.200, – (kr. 7.250, – i fjor)
Styreansvar Frå kr. 1.000 – 5.000, avhengig av omsetting (same som i fjor)

Oversikt over dei ulike forsikringane og vilkåra finn du på heimesida vår, under menypunktet Forsikring.

Kurs og møter

15. – 16. juli – Landsstemnet i Norges Bygdeungdomslag
Landsstemne i Norges Bygdeungdomslag er ein tradisjonsrik bygdefestival med historiske røter tilbake til 1924. Kvar festivalen vert arrangert rullerer. Denne gongen var Landsstemnet i Hof i Vestfold. Harald Lie deltok på det 74 årsmøtet til Norges Bygdeungdomslag og vart møtt av engasjerte Bygdeungdomar.

19. – 20. august – Møte i Vedtektskomité
Fyrste møte i NTL sin vedtektskomité. Denne komiteen består av:

Bodil Mannsverk, leiar
Finn Egil Adolfsen, styremedlem
Nina Vangen Ranøien, møteleiar i årsmøtet
Anne Margrethe Solheim Stormo, tillitsvalt i medlemslag
Romar Skeie Olsen, administrasjon\sekretær

Komiteen har fått mandat til ei fullstendig gjennomgang av vedtektene til NLT fram mot neste årsmøte. Innstilling vert lagt fram for styret i desember.

27. august – Landbrukspodden med Norsk Landbrukssamvirke
Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke inviterer interessante gjestar for å snakke om dagsaktuelle tema. Harald Lie var invitert til å samtale om organisasjonen vår. Denne Podden vert å høyre på Spotify eller Pippa. For å abonnere på Podden kan du registrere eit abonnement her . Spennande gjester vert invitert til 30 minuttars samtalar om dagsaktuelle tema innan landbruk, politikk og samfunn.

27. – 29. august – Landbruksvikar samling for Sogn og Fjordane og Hordaland
Administrasjonstilsette, landbruksvikarar og avløysarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane møttest i strålande sol i Rosendal. NLT Folgefonna var arrangør. På dag ein var det kurs i trafikkreglar og presisjonslandbruk med Traktor. Før vi fekk omvising på Baroniet. Kvelden vart avslutta med sosialt samvær på Rosendal Fjordhotell. Dag to startar med at vi vitja Bonde- Ole Kristoffer Vågen på Skorpo. Skorpo er ei veglaus øy utanfor Rosendal. Her fekk vi omvising på garden samt informasjon om utfordringar og  korleis det er å drive mjølkeproduksjon på ei veglaus øy.  På båtturen tilbake frå Skorpo vart det arrangert fiskekonkurranse. Kun eit av laga hadde fiskelukke. Etter at vi var attende på fastlandet fortsette vi med aktivitetar og konkurranse på Nerhusgarden. Lagbygginga hadde aktivitetar som Bondebowling, puttball og Quiz. Kvelden vart avslutta med festmiddag på hotellet. Samlinga hadde om lag 50 deltakarar. På den tredje og siste dagen var administrasjon, landbruksvikarar  og avløysarar delt i to. Landbruksvikarane kunne velja mellom kursa Vedlikehald og service av motorsag og Trafikkreglar bil/traktor. Administrasjonen møtest til erfaringsutveksling og informasjon kring reglar og erfaringar ved søknad om refusjon sjukdomsavløysing. Dette er ei fin samling som gjer både administrasjonstilsette og landbruksvikarar tid saman, fagleg påfyll og tid til erfaringsutveksling.

30. august – 01. september – Horva Landbruks- og matmesse
Horva er ei Nordnorsk Landbruksutstilling i Sandnessjøen. Formålet til Horva er å markere og posisjonere Nordnorsk landbruksnæring. Her er det framtidsretta produkt, moderne utstyr og innovative utstillarar. Dette er ein folkefest med mykje spenning og moro for heile familien. Organisasjonen vår var representert av styremedlem Finn Egil Adolfsen som stod på stand saman med Helgeland Landbrukstjenester.

13. – 15. september – Dyrsku`n 2019
Administrasjonen deltok på Dyrsku messa for sjuande gong. Totalt var det 87 006 personar innom Dyrsku’n i løpet av helga. Vi får spreia informasjon og snakka med mykje flotte mennesker. Folk som er bønder, folk som er avløysarar og folk som er verken avløysar eller bonde. Landbrukstjenester Telemark var tilstades saman med oss og var representert av styreleiar Barbro Stordalen og dagleg leiar Helle Solberg.
Vi har konkurransar som dei som stikk innom standen vår kan delta på. Det var mange som gissa lengda på tauet og deltok i Quizen vår.

18. – 19. september –  Norges Bondelags lederkonferanse
Norske Landbrukstenester var representert med Frode Alfarnes på Norges Bondelag sin lederkonferanse. Dette er ei samling for Bondelaget sitt representantskap, tillitsvalde og tilsette leiarar i Landbrukssamvirket, organisasjonssjefar og administrasjonen i Bondelaget.

Raud tråd i programmet i år var korleis vi utviklar norsk landbruk framover. Det vart arbeida i idéverkstad innafor tema marknad, areal og samfunnsansvar.

Anna fokus var på nedskalering av mjølkeproduksjonen og landbruket si rolle i framtidas næringsliv.

22. september – Styremøte i NLT
Referat frå styremøtet vert lagt ut på heimesida vår når det er godkjent.

Dette skjer framover

Haustsamling 22. – 24. oktober

Vi håper du har meldt deg på og er klar for årets haustsamling. I fjor var vi til Værnes, men i  år vender vi snuten til Oslo og Quality Airport Hotel Gardermoen. Vi ser fram til å treffast!

Programmet finn du her

Agrovisjon 1.- 3. november

Som i tidlegare år, skal administrasjonen også i år delta med stand på Agrovisjonmessa på Forus i Stavanger. Agrovisjon er ein møtestad som bidreg til både fagleg- og teknologisk oppdatering i tillegg til at vi knyter nye kontaktar med andre aktørar med tilknyting til landbruket.

 

Styret og administrasjonen ynskjer alle ein fin haust!