Norske Landbrukstenester

 

Sommartida er over og vi går inn i haustmånadane. Det er ei fin tid med stor aktivitet og travle dagar. For mange var nok sommaren kanskje litt for varm og i tørraste laget, medan den for andre var fin og energigjevande. Vi i administrasjonen skaut i gang haustsesongen med stand på Dyrsku’n. Samtidig som vi er i full gang med å legge til rette og planlegge vår eiga haustsamling.

I etterkant av vårsamlinga fekk vi positive tilbakemeldingar på at de kunne velja ulike seksjonar på kursa. Dette tek vi omsyn til på haustsamlinga, slik at du og her kan velja kva kurs og kva kunnskap du ønskjer å tileigne deg. I år er det 15 ulike seksjonar a 2,5 time å velja mellom. Nokre kurs går over fleire seksjonar, med anna Webtemp og Praktisk arbeidsrett. Skal du starte opp med Webtemp frå årsskiftet, må du velja dette på samtlege seksjonar. Vi vonar du finn noko av interesse og at vi sjåast på haustsamling på Scandic Hell. «Du er varmt velkomen med æra!»

I år skipar SNS Nordenfjeldske kurs for verneombud parallelt med haustsamlinga.

Etter haustsamlinga skal vi og delta på Agroteknikk på Lillestrøm.

Søknad om produksjons- og avløysartilskott

Andre søknadsrunde med teljedato 1. oktober har absolutt søknadsfrist 15. oktober. Det er viktig at alle søker om avløysartilskott innan fristen sjølv om dei ikkje har nytta noko tilskott til no. Ein set då inn kr. 0,- som søknadsbeløp. Eventuelle korrigeringar vert gjort innan fristen 10. januar til neste år. Vi håper på å få ein oversikt over tildelt avløysartilskott etter denne søknadsrunden, slik at dei som ønskjer det kan legge desse inn i dataprogramma sine.

Informasjon frå Landbruksdirektoratet finn du her.

Forsikringsprisar

Prisar på forsikringar for neste forsikringsår er no ferdigforhandla. Det er gledeleg å sjå at premie på yrkesskade går ned for niande året på rad. Premie er redusert med 33 % sidan 2009. Dette syner at målretta arbeid ute i laga, i tillegg til dei fordelar vi oppnår som ein stor kunde ber fruktar. For dei andre forsikringane er det små eller inga endring i premie. Alle medlemslag har no fått oversendt oversikt over kva forsikringar som er registrert hos oss. Dette vil saman med korrigeringar vi mottek verta fakturert i veke 38.

Forsikringsprisar for forsikringsåret 01.10.2018 – 30.09.2019

Type forsikring Premie i år Premie i fjor
Yrkesskade 0,63 % av lønsomsetting (0,67 % i fjor)
Ansvar 0,235 % av lønsomsetting (0,23 % i fjor)
Ulykke/fritid kr. 400,- pr. person (same som i fjor)
Tenestereise kr. 150,- pr. person (same som i fjor)
Formuetap kr. 1.000,- pr. lag (same som i fjor)
Kriminalitet kr. 1.000,- pr. lag (same som i fjor)
Bil kr. 7.250,- (kr. 7.000,- i fjor)
Styreansvar Frå kr. 1.000 – 5.000, avhengig av omsetting (same som i fjor)

Oversikt over dei ulike forsikringane og vilkåra finner du på våre heimesider under menypunktet Forsikring.

Nye reglar for bemanningsbransjen frå 1. januar 2019

Reglar for innleige av arbeidskraft er i dag regulert av bemanningsforskrifta. Denne sette krav til når det er lov til å leige inn arbeidskraft. Samtidig regulerer Arbeidsmiljølova når det er lov å tilsette midlertidig. Basert på erfaringer med anna frå bygg og anlegg er det vedteke ei innstramming i regelverket då det er mange som er registrert som fast tilsett utan garanti om løn mellom oppdrag.

Nye reglar frå 1. januar 2019 setter strengere krav til fast tilsetting og stillingsvern. Det som kan vera vanskeleg for vår bransje er kravet om at arbeidstaker skal sikrast forutsigbarheit for arbeid i form av eit reelt stillingsomfang. Det vil sei at alle med fast tilsetting skal ha skissert ein stillingsprosent som dei skal vera garantert løn for.

For å gjera det enklare for bemanningsforetaka var det og eit forslag frå regjeringa om at bemanningsforetak kunne tilsette midlertidig ved midlertidige behov hos innleigar. Dette vart diverre nedstemt.

Det vil fortsatt vera råd å leige inn midlertidig ved midlertidige behov, slik som vikariat, sesong med meir.

Vi ser at dette regelverket ikkje er tilpassa vår drift. Det er diverre blitt slik at alle skal handsamast likt på bakgrunn av at nokon misbruker systemet.

I samarbeid med NHO Mat og Drikke arbeider vi for å sjå på kva som kan gjerast for vår bransje for å få tenelege løysingar.

Digital inntektsmelding

I løpet av hausten 2018 skal inntektsopplysningar på papir erstattast med digital inntektsmelding og frå 1. januar 2019 vert hovudregelen at ein kun kan sende denne digital. Dette har samanheng med ny utrekningsregel for sjukepengar, foreldre- og svangerskapspengar med meir som skal gjelde frå årsskiftet. Meir informasjon om dette finner du her.

I og med at informasjonen om inntektsopplysningar skal hentast frå A-melding er det viktig at innrapportering frå lønssystemet er korrekt. Pass på at lønnsartar er definert korrekt i forhold til definisjonar i A-meldinga.

Endring i skattereglar frå 2019

Naturalytingar i arbeidsforhold
Frå inntektsåret 2019 er det foreslege fleire endringar i skattereglane for naturalytingar;

  • Arbeidsgjevar si plikt til å innberette, foreta forskottstrekk og berekne arbeidsgjevaravgift av ytingar frå tredjepart. Det vil sei fordelar tilsett får frå ein tredjepart som følgje av sitt arbeidsforhold.
  • Verdsetting av naturalytingar
  • Personalrabattar
  • Gåver i arbeidsforhold
  • Overtidsmat
  • Fri avis
  • Matkupongar
  • Arbeidsgjevarfinansiert barnehageplass

Utanlandske arbeidstakere
I revidert statsbudsjett 2018 er det foreslege forenkling i skattereglar for utanlandske arbeidstakere med kortvarige opphald i Norge, gjeldande frå 2019.
Forslaget går i korte trekk på at lønsinntekter skal skatteleggjast etter ein bruttometode med ein fast sats. Denne satsen er foreslått satt til 25 % i 2019. Det vil ikkje vera noko frådrag i skattegrunnlaget eller utrekna skatt. Det er foreslått at ordninga skal vera frivillig og at skattyter kan velja å skatteleggjast etter vanlege reglar.

Meir informasjon om foreslegne endringar i skattereglar finn du i Prop 86 LS, kapittel 1 og kapittel 4.

Kompetansekrav

Forsøksordninga med fagbrev i landbruket som starta i 2014/15 er no delevaluert av Østlandsforskning. Hovudkonklusjonen i evalueringa er at det er positivt for utdanning innan landbruket at det er lagt opp til eit 2+2 løp i staden for den tradisjonelle 3-årige utdanninga. Ein ser at det er positivt med mykje praksis i utdanninga. I prøvefylka er det etablert ei godt fungerande lærlingeordning, som no diverre stoggar opp då ein ikkje får fortsetja med prøveordninga fram til hovudevaluering er gjort. Dette vert det arbeidd med å endre i samarbeid med Fagleg råd for naturbruk.

Rapporten frå Østlandsforskning finn du her.

Proresult AS

Vi får tilbakemelding frå ein del lag som mottek tilbod frå Proresult AS og lurer på kva dette er. Dette er ikkje eit tilbod som er utarbeidd i samarbeid med NLT.

I samband med at Landbruk Nordvest har teke i bruk denne løysinga har vi fått spørsmål frå Proresult AS om dette er ei løysing som vi ønsker å tilby våre medlemslag. Saka er teke opp i styret i NLT – sak 22/18, med følgjande vedtak; «NLT prioriterer Webtemp som system. Webtemp inneheld fleire tenester, samla i ei løysing, som er til nytte for våre medlemer/kundar. I tillegg så har Webtemp ein meir oversikteleg kostnadsstruktur.»

Etter ei vurdering av Prosresult si løysing kontra Webtemp meinar NLT at Webtemp er ei betre løysing for våre kundar. Proresult er eit timeregistreringssystem som ikkje gjer kunden noko totaloversikt over kundeforholdet i eigen portal. Løysinga er heller ikkje tilrettelagt for automatiske oppdragsbekrefting som med anna arbeidstilsynet krev. Dette må det då eventuelt leggjast til rette for i andre program/løysingar.

I tillegg så er Proresult lisensiert per tilsett som nyttar systemet, noko som gjer ein uoversikteleg prisstruktur. Sjølv med tilbod om gode rabattar og ved å betale for færre lisensar med bakgrunn i mange deltidstilsette, vil kostnadane kunne bli uoversikteleg.

Vår konklusjon er at Webtemp er like lett å nytte for den tilsette og gjer eit større utbyte for medlemer/kundar. Å kome i gang med Webtemp kan vera meir arbeidskrevjande for administrasjonen i laget, men med mindre ajourføring etter kvart. For dei aller fleste lag vil i tillegg lisenskostnadane for Webtemp vera rimlegare enn for Proresult.

Så sjølv om Proresult i seg sjølv er eit godt verkty til sitt bruk, meinar vi at våre medlemslag får ei betre løysing ved å nytte seg av Webtemp. I nyleg vedteke strategiplan er det eit ønskje om å fremstå einsarta i alle deler av landet, og då er det ein fordel om vi kan nytte dei same løysingane ut mot medlemane/kundane våre.

Det er gledeleg å sjå at stadig nye lag vel å ta i bruk Webtemp. Vi har fått signal om at 8 nye lag vil ta i bruk Webtemp frå neste år, og då vil 40 % av medlemslaga ha teke løysinga i bruk.

Har du logga deg inn på Sticos?

Om du ikkje har logga inn, går du til personal.sticos.no, tastar inn e-postadressa di og trykker «glemt passord». Nytt passord vert sendt til e-postadressa di.

Vi anbefaler deg å sjekke ut HMS-handboka som er tilpassa organisasjonen. Den er ein del av Sticos-personal som er fritt tilgjengeleg for alle medlemslag. I handboka finn du relevant informasjon innan ulike kategoriar. Her ligg linkar til lovar og regelverk samt vegleiing i HMS-arbeidet.

Fleire av dykk har sendt inn forskjellige skjema, dei vert publisert og gjort tilgjengeleg for alle, men det er også mogeleg å laste opp eigne dokumenter som kun er tilgjengeleg for deg. Handboka inneheldt og gode skjema som utgangspunkt for risikoanalysar. Ein viktig del av handboka er HMS-hjulet. HMS-hjulet skal hjelpe deg å få ei oversikt over kva krav som vert stilt til systematisk HMS-arbeid (Internkontroll). I tillegg er HMS-hjulet eit praktisk hjelpemiddel til gjennomføring av krava. Gjennom Sticos kan du skrive ut komplett handlingsplan og HMS-handbok.  Går du til utskrift, kan du velgje kva dokument som skal skrivast ut.

Vi kjem til å tilby eit eige kurs på haustsamlinga for dei som ønskjer å setja seg inn i innhaldet i HMS-handboka.

Har du spørsmål angåande HMS-handboka eller treng bistand til å logge deg inn, er det Trude som er kontakt person. Logg deg inn og sjekk ut verktøyet!

Kurs og møter

28 – 30. august – Landbruksvikarsamling
Hordaland samt Sogn og Fjordane skipar kvart år til ei landbruksvikarsamling. Der deltek landbruksvikarar, avløysarar og administrasjonstilsette. Det er lagt opp til fagleg påfyll og godt med sosialt samvær. Denne samlinga vert oppfatta som svært positiv for alle involverte partar. I år vart samlinga arrangert i vakre Florø.

9. september – Styremøte
Referat frå styremøte er å finna på heimesida når dei er klare.
Du finn dei under Om NLT -> Styret -> Møtereferat.

14 – 16. september – Dyrsku’n
NLT var på plass med stand i 2. etasje i Husdyrhallen. Som vanleg var det mange innom standen vår desse tre dagane. Nokon kom innom for ein fagleg prat, medan andre stoppar opp og deltok i våre ulike konkurransar. Dette er ein viktig arena å vera tilstades på. I tillegg til kontakten vi får mot publikum, potensielle og eksisterande tilsette og medlemmer, er den kontakten som vi knyter  mot andre organisasjonar som og deltek på messa viktig.

Kva skjer vidare?

Haustsamling
Årets haustsamling vert arrangert frå 31. oktober til 1. november på Scandic Hell, Værnes. Det vert som vanleg arrangert kurs i forkant av samlinga, 30 – 31. oktober.
Programmet for samlinga finn du her.

Påmeldingsfrist er satt til 26. september, og link til påmelding finn du her.

Verneombudkurs
I samband med Haustsamlinga i Stjørdal, tilbyr vi også verneombodskurs. Kurset er på 40 timar og er berekna på dei som er verneombod i landbruket.

Kurset startar måndag 29. oktober og avsluttar torsdag 1. november.

Kursavgifta er kr. 4.750,-, I tillegg kjem eventuell hotellovernatting på kr. 5.800,- for alle dagane (inkl. frukost, lunsj og middag, pluss festmiddagen på onsdagen). Måltida er samstundes og i lag med deltakarane på Haustsamlinga.

NB! Arrangør av kurset er SNS Nordenfjeldske noko som betyr at alle deltakarane kan få opp til 50% av reisekostnadane dekka og refundert.

Kursavgifta er berekna ut i frå 15 deltakarar, og ein er då avhengig av nok påmeldte for å få realisert kurset. Maks deltakarar er 25 deltakarar, så her er det fyrstemann til mølla. Påmeldinga vert automatisk stansa ved 25 stk.

Frist for påmelding er 26. september.

Her er lenke til foreløpig program for kurset, eit meir detaljert program kjem etterkvart.
Her er lenke til påmelding.

Agroteknikk
Neste messe for vår del vert Agroteknikk på Lillestrøm 8.-11. november.

De finn oss på stand nr. D03-08. Agroteknikk er ei fagmesse og landbruket sin store møteplass. For vår organisasjon er det ein viktig arena for å spreie ut kunnskap og informasjon. Kontaktar med andre av landbruket sine organisasjonar vert knytta.

På dag ein har arrangøren fokus på ungdom. Skuleungdom med interesse for landbruket vert ønskja spesielt velkomen denne dagen.

Fokuset går frå ungdom til kvinner på dag to. «Nettverk for kvinnelege bønder» gjer oss innsikt i nokre av dei utfordringane det kan by på å vere kvinneleg bonde. Etter utfordring frå «Nettverk for kvinnelege bønder» stiller styremedlem i NLT Janne Østgaard Aagesen opp for å halde innlegg om «Avløsning – regelverk og rettigheter». Innlegget er opent for alle.

 

Med ønskje om ein fortsatt god haust, måtte denne bli produktiv og god!