NLT – Kommentar til jordbruksforhandlingane
NLT ser svært postivt på at velferdsordningane er prioritert både i kravet frå landbruket og tilbodet frå staten. Vårt mål er å bidra til at avløysarlaga kan tilby bøndene gode og velfungerande ordningar som skapar tryggleik og trivsel, både ved ferie og fritid og under sjukdom, og at dei økonomiske rammene er slik at det blir mest mogeleg att til effektivt arbeid. For at dette skal fungere er det ein del kriteriar som må tilfredsstillast: Ÿ At dei økonomiske rammene for bøndene blir slik at dei motiverer til vidare gardsdrift. Ÿ Landbruket må vera konkurransedyktig for å skaffa tilstrekkeleg kvalifisert arbeidskraft. Ÿ God personalforvaltning. Ÿ Bonden må ha ein økonomi (likviditet) som skapar grunnlag for langsiktig planlegging. Ÿ Effektiv og rasjonell administrasjon og forvaltning. For bøndene er det samla resultat av forhandlingane som er viktig. Men om ordningane skal bli «gode» for bonden avheng også av kva løysingar som blir valgt når det gjeld forvaltning, utbetalingsrutiner og administrasjon. Ein viktig forutsetjing for “gode” velferdsordningar er stabile arbeidsplasser, jamn sysselsetjing gjennom heile året, og langsiktighet når det gjeld dei økonomiske rammene. NLT har sendt innspel til forhandlingspartane på dei område som gjeld velferdsordningane. Etter spørsmål frå LMD har vi og utforma retningslinjer og synspunkt på den nye landbruksvikarordninga. Etter å ha lest krav og tilbod til dei pågåande forhandlingane ynskjer me å koma med nokre kommentar. Ferie og fritid. Ordninga for ferie og fritid er den desidert største og viktigaste, både i omfang og økonomi. Dersom denne ikkje fungerer godt nok vil det automatisk få negative konsekvensar både for avløysing under sjukdom og landbruksvikarordninga. Det er positivt og viktig at satsane er foreslått auka, sjølv om skilnaden mellom krav og tilbod er stor. Frå 1999 til 2007 auka satsane med 7,3%, mens kontnaden for arbeidskrafta auka med 26,0% + 3,7% frå 1. mai 2007. Eit så stort etterslep får sjølvsagt konsekvensar for bonden, det skapar og usikkerhet når det gjeld sysselsetjinga i velferdsordningane. Eit aukande antal bønder seier dei «har ikkje råd» å bruka tilskotet dei har rett på. Kvart år er det difor store beløp som ikkje blir nytta. Viktigaste grunnane til dette er ei altfor lang lang forskotteringstid, – opp til 1,5 år, – og svakare økonomi (likviditet) hjå bonden. Difor er det så viktig å få ei ekstra utbetaling i avløysaråret for dokumenterte utgifter. (Viser til vårt innspel.) I landbruket sitt krav er det forslag om ein ekstra utbetaling i januar, og at denne skal vera basert på søknad i august. Forslaget vil gje ei viss betring i bonden sin likviditet, men det skulle vore betre. Me tenkjer oss ein elekronisk dokumentasjon av brukte midlar i august, med rask utbetaling. Bonden sender inn berre ein søknad, 1. februar som no. (Sjå vårt innspel.) Ny landbruksvikarordning. Noverande landbruksvikarordning er ikkje god nok for bøndene, difor er det gledeleg at det er teke initiativ for å finna ei erstatning. NLT føler seg viss på at forslaget som er skissert vil bli godt motteke av brukarane. NLT har i sitt forslag sagt at det trengs 240 årsverk, staten meiner at talet bør vera 250 årsverk, – dette er positivt. I vårt forslag er kostnaden for 240 årsverk berekna til kr. 60.840.000,- (kr. 253.500,- pr.årsverk.) Vert talet på årsverk auka til 250, – med same kostnad pr.årsverk, – vil samla kostnad verta kr. 63.375.000,-. I staten sitt tilbod står det korleis den nye landbruksvikarordninga skal finansierast, – 27 mill. frå kommunesektoren og 32 mill over jordbruksavtalen, tilsaman 59 mill. Dersom dette er rett betyr det at bonden må betala differansen på kr. 4.375.000,-. (Ut frå tabellen på side 104 post 78.15 ser differansen ut til å vera 6.375.000,-. Dersom dette er riktig manglar det omlag 10,0% på full finansiering.) I staten sitt tilbod står det: «Statens forhandlingsutvalg foreslår at ovennevnte legges til grunn for etablering av en ny ordning fra 2008. Det legges til grunn at enkelthetene i forslaget til ny ordning gjennomgås i løpet av forhandlingsperioden.» NLT har også utarbeidd forslag til forskrift for den nye landbruksvikarordninga. I dette forslaget er det teke inn ein del nye krav, både til bonden og avløysarlaga, – desse meiner me er viktig for at ordninga skal fungere best mogeleg. Vonar forhandlingspartane tek omsyn til desse før endeleg vedtak blir gjort. NLT ynskjer lukke til med forhandlingane, vonar det blir eit resultat som motiverer bonden til trivsel og pågangsmot. Kan me bidra med meir informasjon så berre ta kontakt. Helsing Norske Landbrukstenester (NLT) Trygve Fredheim – dagleg leiar