
Medlemskap i Norske Landbrukstenester
Medlemslaga må ha som formål å formidle eller leige ut arbeidskraft, administrere samarbeidstiltak (maskinformidling, bygdeservice o.s.v.), eller tilby andre landbruksrelaterte tenester.
Medlemslaga skal vera opne for samarbeid med andre organ i landbruket for å utnytta næringa sine samla ressursar på beste måte.
For å bli medlem må laget godta desse vilkåra:
-
Laget må vera ope for medlemskap frå gardbrukarar i sitt virkeområde.
-
Laget må forplikta seg til å følgja vedtak fatta av styret eller årsmøtet i NLT.
- Laget skal ha rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor.
- Laget skal ha vedtekter som styret i NLT kan godkjenna.
- Laget skal ikkje ha hatt forsikringsskade dei 2 siste år.
Søknad om medlemskap skal sendast styret i NLT. Laga vert tekne opp som medlemmer etter godkjenning av styret i NLT.
For å vera medlem må laget følgja dei til ei kvar tid gjeldande medlemskriterium for Norske Landbrukstenester vedteke av årsmøtet.