Korona og arbeidskraft frå utlandet

(Oppdatert 2. desember 2021)

Nye krav frå midnatt 2. desember
  • Krava under vil gjelde uavhenig av kva land ein kjeme i frå.
  • Innreisande over 16 år skal som hovudregel registrere seg i innreiseregistreringssystemet.
  • Krav til alle over 18 år om attest for negativ test tatt i løpet av 24 timer før innreise for dei som ikkje kan dokumentere med eit verifiserbart koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 siste seks månader.
  • Alle har plikt til å teste seg ved innreise.
    • Testpliktige kan teste seg ved teststasjon på grenseovergang, der myndigheitene bestemmer eller innan 24 timer der det ikkje er teststasjon på grensa.
      • Eigen test kan tas som antigen hurtigtest på offentleg stasjon eller privat. Ved positiv test må PCR-test tas snarast og seinast innan 24 timar.
    • Krav til alle over 12 år om at dei nyttar munnbind på offenteleg stad der det ikkje er råd å unngå nærkontakt inntil negativ test foreligger.
  • Det vert opna for innreise for alle utlendingar som har rett til innreise etter utlendingslova.
    • Søknadsordninga til Sjøfartsdirektoratet og Landbruksdirektoratet er avvikla.

Det er krav om innreisekarantene for alle over 18 år som kjem frå område med karanteneplikt. Det er eigne reglar for dei som kjeme frå områder i Sør-Afrika der det er utbrudd av omikron. Sjå informasjon her.

Karantenetida er i utgangspunktet 10 døgn etter ankomst til Norge. Alle kan no teste seg ut av karantene om dei har en negativ PCR-test tatt tidlegast tre dagar etter ankomst.

Muligheita til å teste seg for å koma tidlegare ut av karantene gjeld berre om personen testar seg i tråd med krava i covid-19-forskrifta.

Muligheita til å forkorte innreisekarantene ved testing er ikkje ei rett for den enkelte og er avhengig av at oppholdskommunen eller private har kapasitet til å gjennomføra testane, eller at arbeidsgjevar står for testane.

Ein skal opphalde seg i eigen heim eller på anna eigna opphaldsstad der det er mogleg å unngå nærkontakt med andre, med einerom, eige bad og eige kjøkken eller matservering. Ein kan berre opphalde deg utanfor karantenestedet om ein kan unngå nærkontakt med andre. Ein kan ikkje vera på en arbeidsstad der og andre oppheld seg, på skule eller i barnehage.

Karantenehotellordninga vert vidareført for dei som ikkje har eigna karantenestad i karantenetida. Ordninga med forhandsgodkjent karantenestad frå Arbeidstilsynet gjeld fortsatt for arbeidstakere som ikkje er fullvaksinert, eller har gjennomgått Covid-19 dei siste 6 månader.