Informasjon frå NLT
Nytt frå NLT. Her er nyttig informasjon til alle medlemslaga og andre som som er interessert i norsk landbruk. Klikk deg vidare og les siste nytt.
Årsmøte i NLT for 2006
Årsmøtet for 2006 vert som kjend halde på Olavsgaard Hotel 21.- 22. mars. Årsmøtepapira vert lagt ut på Notes og på internett. Finn dei og les dei, er det saker de vil påverka må de ta det opp med utsendingane i ditt fylkje.
Haustsamlingane 2007
I år vert det kun tre samlingar, vi flyttar Rogaland til Bergen og dei andre i sør til Hamar. Håpar dette vert ei god løysing for alle.
Tid og stad for haustsamlingane 2007 vert:
Ÿ
24.- 25. 10 Bergen, Hotell First Marin for fylkja Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.Ÿ
07.- 08. 11 Stjørdal, Rica Hell for fylkja Finnmark, Troms, Nordland, Nord- og Sør-Trøndelag.Ÿ
21.- 22. 11 Hamar, First Hotel Victoria for fylkja Oppland, Hedmark, Akershus, Østfold, Vestfold, Telemark,deler av Buskerud, Aust- og Vest-Agder.
Arbeidsgiveravgift for 2007
Som vi har informert om tidligere vil det bli en del forandringer i hvordan arbeidsgiveravgift skal beregnes i fra 2007. Nå er det endelig avklart og det er selvsagt kommet en del korrigeringer og unntak i forhold til hva som tidligere er skissert. De viktigste forandringene er som følger;
- Fribeløpet øker fra kr. 270.000,- til 530.000,-. Fribeløpet er forskjellen i den avgift du skulle ha betalt og den avgift som man betaler etter redusert sats. Etter omlegging gjelder fribeløpet kun for sone Ia og vil gi en redusert sats fra 14,1 % til 10,6 % på grunnlag for arbeidsgiveravgift opp til ca. 15,5 millioner.
- Fra 2007 er det virksomhetens lokalisering og ikke de ansattes bostedskommune som avgjør valg av sone. Det er imidlertid kommet visse unntak fra denne hovedregelen. Hvordan dette skal tolkes er nærmere definert i punktene under.
I En arbeidsgiver anses å drive virksomhet i den kommunen hvor foretaket er registrert.
II Har foretaket registrerte underenheter, jf. forskrift av 9. februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske
personer mm. i Enhetsregisteret § 10, anses hver underenhet som egen beregningsenhet for arbeidsgiveravgift.
III Dersom arbeidstakeren utfører hoveddelen av sitt arbeid i en annen sone enn i den sonen virksomheten er
registrert, og enhetsregisterreglene på grunn av virksomhetens karakter ikke tillater registrering av underenhet i
sonen hvor arbeidet utføres, skal satsen i den sonen hvor arbeidet utføres benyttes på de av arbeidstakerens
lønnskostnader som knytter seg til dette arbeidet.
Dette betyr at dersom en avløser arbeider mer enn 50% i en annen sone enn der avløserlaget er registrert så skal den lønnen som han tjener i denne sonen registreres på denne sonen. Alt under 50% skal registreres på hovedlokalisering. Dvs. at en og samme person kan komme inn under to avgiftssoner i løpet av året og at man ikke før ved slutten av året har oversikt over hvilken sone(r) som skal brukes. Dette kan medføre en reberegning av avgiften ved slutten av året.
Dersom et avløserlag har flere lokaliseringer så er det avgiftssone til lokalisering der avløser har tilhørighet som skal brukes.
- Bestemmelsen om reduserte satser for arbeidstakere over 62 år er fjernet. Dette betyr at det for 2007 skal brukes ordinære satser for arbeidstakere over 62 år.
- Alle kommunene i sone IV og sone III, samt mer enn halvparten av kommunene i det som til nå har vært sone II vil følge de samme satsene som gjaldt før 2004, Satsene blir da i sone IV: 5,1 %, i sone III: 6,4 % og i sone II: 10,6 %. Samtidig oppheves fribeløpsordningen for disse sonene.
Tromsø og Bodø, som tidligere var omfattet av sone IV, skilles ut som en ny sone IVa og får en sats på 7,9 %. Her oppheves fribeløpsordningen.
Enkelte kommuner som tidligere var omfattet av sone II er nå skilt ut som en ny sone Ia. For foretak i denne sonen vil det fortsatt gjelde en fribeløpsordning.
- Både i sone Ia og sone IVa blir fiskeri- og landbruksunntaket videreført (i de øvrige sonene gjeninnføres de reduserte satsene uansett). Det skal beregnes avgift etter en sats på henholdsvis 10,6 % i sone Ia og 5,1 prosent i sone IVa. Driver foretaket «blandet virksomhet» (delvis landbruk/fiskeri og delvis annen virksomhet) med regnskapsmessig skille, kan det betales avgift med lav sats for de lønnskostnader som er knyttet til fiskeri-/landbruksdelen uansett størrelsen på andelen av virksomhet som ikke er knyttet til landbruk og fiskeri. I sone Ia kan fribeløpet brukes på den virksomhet som faller utenfor landbruk og fiskeri.
Mer informasjon finnes i avgiftsvedtaket:
http://www.lovdata.no/ltavd1/filer/sf-20061128-1337.html
Vegen vidare for NLT
Som alle veit har styret arbeidd med planane for samanslutning mellom Norske Landbrukstenester (NLT) og Landbrukets Forsøksringer (LFR). Saka vart først handsama på ordinære årsmøter i begge organisasjonane våren 2006. Der vart det positivt vedtak i LFR men negativt i NLT, men styret vart oppmoda om å arbeida vidare med saka. Begge organisasjonane vart samde om å arbeida vidare, med tanke på å kalla inn til ekstraordinært årsmøte i desember 2006. Ekstraordinært årsmøte i begge organisasjonane vart halde 13. desember 2006. Der vart det positivt vedtak i NLT, men negativt i LFR. Eigarane har såleis sagt at dei ikkje ynskjer samanslutning, og planane er såleis lagt død.
Styret i NLT hadde eit kort styremøte 13. desember der det vart vedteke å setje fullt fokus på dei arbeidsoppgåver som NLT har hatt heile tida . I tillegg vart LFR invitert til gjensidig samarbeid med NLT med tanke på betre utnytting av tilgjengelege ressursar.
Saka vart vidare drøfta på styremøte i Bergen 31/1 og 1/2 2007 i samband med arbeidsplan for 2007 og NLT sin strategiplan for å prioritera dei viktigaste arbeidsoppgåvene framover:
Ÿ
Vidareføre hjelp og støtte til laga i det daglege arbeidet.Ÿ
Arbeida mot faglag og det offentlege for å betra velferdsordningane.Ÿ
Utarbeida materiell/brosjyre for å styrkja marknadsføringa av det einskilde lag og NLT mot bonden.Ÿ
Utarbeida informasjonsmateriell og avtalar med tanke på utlønning for andre bedrifter.Ÿ
Få på plass felles rapportering til NLT. Setje av kapasitet for å bearbeida tala med tanke på åkunna gje laga betre hjelp på eit tidlegare tidspunkt.
Ÿ
Evaluere «prøveåret» med terminalserver og byggja dette vidare ut for å tilby laga rimelege og enkledataløysingar.
Ÿ
Vidareføre ordninga med haustsamlingar og styrkja det faglege innhaldet.Ÿ
I 2007 vert det 3 samlingar i staden for 4.Ÿ
Det blir vurdert ein kursdag i forkant av kvar samling med varierande tema både fortillitsvalde og tilsette. For eksempel eige kurs for nytilsette daglege leiarar.
Ÿ
Tilby aktuelle kurs i tillegg til haustsamlingane, etter ynskje frå medlemslaga.Ÿ
Arbeida vidare med eit felles opplegg «kokebok» når det gjeld vikarformidling » Ditt lokale vikarbyrå».(Førebels er det sett ned ei lita arbeidsgruppe som skal ha sitt første møte i februar, men det er og
søkt midlar til eit større prosjekt.)
Ÿ
Vidareføre tilbod til laga om hjelp og støtte til fusjonering.Ÿ
Vidareføre tilskot frå opplæringsfondet til lokale kurs og tilskipingar.Ÿ
Oppmoda laga om å bli flinkare til å koma med tankar og idear om arbeidsoppgåver som laga ynskjer,– det er medlemslaga som skal «forme» NLT.
Ein samanslutningsprosess fører som oftast til ein «ubevisst» vent og sjå haldning. Den tida er no over og styret har ingen planar om å inngå liknande prosessar med det første. Styret meiner framleis at samanslutning mellom ymse organ innan landbruket kan vera rett veg å gå, med erfaringa har vist at god førebuing og tilstrekkeleg informasjon til medlemmene gjennom heile prosessen er avgjerande for å få ei «god» samanslutning.
Laga og NLT har mange utfordringar framfor oss, desse skal ha full fokus i tida som kjem. NLT sine mål i strategiplanen er ikkje endra, heller ikkje organisasjonen sin fleksibilitet og kunnskap til å ta fatt på nye oppgåver. NLT skal vera ein effektiv og rasjonell støttespelar for medlemslaga, og målet er at dette skal bidra til at dei kan gjera
ein enno betre jobb for den einskilde bonde.
Styret NLT
Forsikring og prisar 2007
Då var prisane på forsikringane klare for 2007. Forsikringspremien på yrkesskade har stege noko i forhold til 2006, men elles så er det små endringar. Hugs at de slepp å tinga forsikring på eige skjema, vi sender ut ein oversikt over dykkar forsikringar om ei stund. De vil også få tilsendt eit endringsskjema der de kan endre det som eventuelt skal endrast.
Her finn de prisane og informasjon om forsikringane.
Diskusjonsforum på nett
NLT – Diskusjonsforum er no opna for alle som vil registrera seg og diskutera sakleg om landbruk og elles andre ting som opptek oss. Diskusjonsforumet ligg på våre internettsider og alle er velkomne til å ta del i diskusjonane. Det er lagt ut nokre tema no i starten, men dersom de har tema de meiner bør leggjast ut så gje ei melding.
Følg med på www.n-lt.no
Helsing Norske Landbrukstenester – Evald, Frode, Romar og Trygve