
Haustsamling 2007
Dei tradisjonelle haustsamlingane vart haldne i oktober og november 2007 i Bergen, Stjørdal og Hamar.
På samlingane deltok:
- 299 representantar frå medlemslag (282 i fjor)
- 114 lag var representert (113 i fjor)
- 19 medlemslag møtte ikkje (38 i fjor)
Talet på samlingar vart i år redusert frå fire til tre, likevel var det prosentvis fleire lag som møtte og det var fleire representantar. For NLT er desse samlingane svært viktige, både for å gje informasjon, men ikkje minst for å få tilbakemeldingar og synspunkt frå laga. Den sosiale effekten skal me heller ikkje gløyma, samlingane bidreg til betre samarbeid og auka kunnskap både for laga og NLT.
Nytt i år var at det i forkant av samlinga var lagt inn ein kursdag. I år var det kurs i HMS for daglege leiarar, for å tilfredsstilla krav i arbeidsmiljølova. Kursa aller tre stader var fullteikna, og 90 daglege leiarar fekk si HMS-godkjenning.
Meir informasjon frå samlingane