Avtale med Agrikjøp og Agrol
Agrol-avtaler:
Alle våre avløysarar og landbruksvikarar kan nytta seg av Landbrukets fordelsprogram – Agrol. I tillegg kan tilsette i medlemsføretaka nytta seg av Agrol-avtalene som ein personalgode.
Med Agrol-avtalene får du rabatterte prisar på ei rekke varer og tenester innafor ulike områder:
- Bil: kjøp eller lease ny bil, dekk og bilservice
- Drivstoff: drivstoff på stasjonane og anleggsdiesel til gardstanken
- Energi: straum og propan
- Mobil og data: mobilabonnement, breiband og kjøp av ny mobil
- Gard og bygg; byggevarer og maskinleie
- Heim og fritid: briller, augelaser, blomster og restaurantbesøk
- Reise: hotell og leigebil
- Agricard – landbrukets kreditt- og fordelskort: drivstoffrabatt på stasjonane, reiseforsikring i kortet, med meir.
Registrering på agrol.no er gratis og skjer via NLT. Medlemslaga sender då inn liste til NLT med namn og e-post til dei som ynskjer tilgang til Agrol-avtalene. Registrering skal skje via dette skjema.
Tilsette i NLT-lag som har ein e-postadresse med domene @n-lt.no, kan sjølv registrere seg på agrol.no. Har du ikkje ein slik e-postadresse, må du bruke skjema under her for registrering og tilgang til Agrol-avtalane.
De kan lese meir om alle Agrol-fordelane her: https://agrol.no/
Agrikjøp-avtaler:
NLT og medlemsføretaka som bedrifter, kan nytte seg av Agrikjøp-avtalane. Tilsette i medlemsføretaka som gjer innkjøp og bestillingar på vegne av NLT og medlemsføretaka, kan registrera seg kostnadsfritt på agrikjop.no. Agrikjøp-avtalane er tilpassa landbruksindustrien og inneheld over 80 rammeavtalar.
De kan lese meir om alle Agrikjøp-fordelane her: https://agrikjop.no/