Årsmøte i NLT for 2020

Årsmøte for 2020 i Norske Landbrukstenester (NLT) vart halde digitalt 13.april 2021

Grunna Covid-19 vart også årets årsmøte avvikla digitalt. Gjennomføringa gjekk fint og det var godt engasjement blant utsendingane.

Frå årsmeldinga går det fram at 2020, trass Covid-19, har vore eit aktivt år for NLT. Arbeidet med å få betre velferdsordningar for bonden er ei kontinuerleg oppgåve som ein også i 2020 har jobba godt med. Forutan digitale møter i ei rekkje utval og nemnder har ein også hatt møter med organisasjonar i landbruket, samt dei ulike politiske miljøa. I alt arbeid som vert gjort står alltid bonden sin kvardag i fokus.

Grunna Covid-19 vart det i 2020 ikkje arrangert kurs for våre medlemsføretak. Vårsamlinga vart avlyst, medan vi hadde ei digital Haustsamling der kursdelen ikkje var med.

Utanom vanlege årsmøtesaker, var det i år også ei sak om vedtektsendringar samt ei sak om selskapsform.
Valkomiteen hadde i år ein stor jobb framfor seg då det var 3 personar i styret som takka nei til attval. Dette var styreleiar Harald Lie, nestleiar Tor Inge Eidesen og 1. vararepresentant Linda Kristin Oppedal. NLT ynskjer å takka alle tre for den gode jobben dei har gjort, og engasjementet dei har vist i dei åra dei har vore i styret.

Inge Martin Karlsvik vart vald som styreleiar, medan Finn Egil Adolfsen vart vald som nestleiar. Ola Norvald Hagen vart vald som ny styrerepresentant. Resten av styrerepresentantane var ikkje på val. Det var også endringar på vararepresentantane.

Med nemnde endringar ser styret i NLT for 2021 slik ut:

Inge Martin Karlsvik, Møre og Romsdal – leiar,
Finn Egil Adolfsen, Trøndelag – nestleiar
Ola Norvald Hagen, Innlandet
Janne Østgaard Aagesen, Trøndelag
Wiebke Slåtsveen, Troms og Finnmark
Jan Bjorland, Rogaland – 1. vara
Selma Cowan, Møre og Romsdal – 2. vara,
Tor Erik Leland, Agder – 3. vara

Meld deg inn i et NLT-føretak i dag
NLT skal vera ein pådrivar for å oppretthalde og utvikle gode velferdsordningar i landbruket.

Medlemsføretak           76
Aktive medlemer         15 000
Lønsomsetnad ca.       1,4mrd
Antal årsverk ca.         5000