Årets Avløysar 2014
Norske Landbrukstenester er ein medlemsorganisasjon for avløysarlaga/landbrukstenestene i Noreg. Totalt er det 99 medlemslag som representerar rundt 15.000 aktive bønder. Medlemslaga lønna i fjor avløysartenester for ca. 1,3 milliardar NOK fordelt på ca. 5.000 årsverk. Kvart år siden 2000 er årets avløsysar kåra. Bakgrunnen for dette er å få merksemd mot den viktige ressursen avløysaren er for landbruket. Kåringa skjer fylkesvis.
Under festmiddagen på haustsamlingane var det tid for kåring av årets avløysar i fylka. Tilsaman var det ni dyktige avløysarar som vart kåra til Årets Avløysar 2014. Alle ni vart invitert til haustsamlingane saman med ektefelle/sambuar, og dei aller fleste hadde høve til å vera med.
Desse ni fekk prisen i år:
- Kjell Vangen tilsett i Valdres Landbrukstjenester, Oppland
- Karoline Klokkhammer tilsett i Landbrukstjenester Sør, Aust-Agder
- Roy Lennert Almedal tilsett i Landbrukstjenester Sør, Vest-Agder
- Raymond Myrvold tilsett i Landbrukstjenester Solør Odal, Hedmark
- Ann Kathrin Pedersen tilsett i Landbrukstjenester Akershus, Akershus
- Jan Pål Fugledal tilsett i Landbruk Nordvest, Møre og Romsdal
- Magne Engdal tilsett i Oppdal Avløserlag, Sør-Trøndelag
- Alf Børge Vonheim tilsett i Brønnøy Landbrkstjenester, Nordland

Årets Avløysarar i Sør.
Frå venstre: Raymond Myrvold, Roy Lennert Almedal, Karoline Klokkhammer og Ann Kathrin Pedersen. Kjell Vangen og Terje Skåre var ikkje tilstade.
NLT gratulerar nok eingong desse flotte ambassadørane for avløysaryrket!