Annonsekampanje hausten 2020

Norske Landbrukstenester hadde hausten 2020 ein annonsekampanje gåande frå månadsskiftet oktober/november og ut året. Denne kampanjen var spreidd utover i ulike media; Nationen (nettannonse), traktor.no, Bondebladet (nett og papir) samt Norsk Landbruk (nett og papir).

I samband med annonseringa, hadde vi ein konkurranse der dei som svara på nokre spørsmål var med i trekninga av avløysing for 5000,- (gjennom eit av våre medlemsføretak) Her var det rett i underkant av 400 personar som deltok. Vinnaren vart Carl Peder Eiane frå Ryfylket.
Eit av spørsmåla var kva tenester hos Norske Landbrukstenester ein set mest pris på. Dei punkta fleste parten noterte var:

  1. Landbruksvikar ved akutt sjukdom og krise
  2. Tilgang til kvalifiserte avløysarar
  3. Arbeidsgjevaransvar
  4. Lønsarbeid
  5. Hjelpsame kontortilsette.

Dette er viktige punkt som Norske Landbrukstenester til ei kvar tid jobbar med for å yta best mogleg service til sine medlemar.

Vidare stilte vi spørsmål om det er andre tenester vi bør levera. Her var det ulike innspel som vi tek med oss vidare. Det som gjekk att hos mange var at vi bør jobba vidare med/vidareutvikla velferdsordningane og jobbe vidare med rekruttering og etterutdanning.

Total sett fekk vi inn mange nyttige innspel som vi vil ta med oss vidare. Vi ynskjer å takka alle som tok seg tid til å svar på spørsmåla, og gratulera Carl Peder Eiane som vann konkurransen.