
Årets Avløysar 2022
Nominasjonsrunden er over og det er tid for å stemme fram fylkeskandidaten for Årets Avløysar 2022.
Klikk på lenka for å stemme på den du meiner skal verte Årets Avløysar 2022!
Link
Kandidaten må:
- vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
- ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar, minimum dei 2 siste åra.
- vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
- kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.
Kandidatar som har vunne prisen i løpet av dei siste fem åra, frå og med 2020, kan ikkje delta.
Slik vil kåringa føregå:
- Nominasjonsrunde startar i mai og vert avslutta 31. juli.
- Fylkeskåring frå midten av august til september.
- Alle som nominert og innafor kriteria skal stemmast på pr. fylke. Dette skjer på internett.
- Etter nominasjonrunden er over, skal det stemmast fram ein kandidat frå kvart fylke.
- Vidare i konkurransen skal det stemmast blant fylkeskandidatane
- Dei tre fylkeskandidatane med flest stemmer går til finalen i Årets Avløysar 2021.
- Dei tre finalistane vert invitert til NLT si Haustsamling.
- Premieutdeling for Årets Avløysar skjer på Haustsamling same året.
- Premien til Årets Avløysar er eit reisegåvekort på heile 20000,-
Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.