Årets Avløysar 2021

Fredag 21.mai har vi gleda av å opne opp for nominering av Årets Avløysar 2021. Som i 2020 vil også kåringa i år skje via nettet. Det vil seia at alle kan nominera kandidatar så lenge vedkommande tilfredsstiller krav til nominasjon. Vi set stor pris på om du vil hjelpe oss og spreie bodskapen, slik at vi får inn mangen gode kandidatar til årets kåring.

Retningslinjer for Årets Avløysar:

Kandidaten må:

  • vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
  • ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 5 år.
  • vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
  • kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.
  • kandidatar som har vunne prisen i løpet av dei siste fem åra, frå og med 2020, kan ikkje delta.

Slik vil kåringa føregå (alt skjer digitalt):

  • Nominasjonsrunde startar 21. mai og vert avslutta 24. juli.
  • Fylkeskåring frå  midten av august til  september.
    • Alle som nominert i nominasjonsrunden og er innafor kriteria, skal stemmast på pr. fylke. 
  • Semifinale frå september til oktober.
    • Semifinale består av ein kandidat frå kvart fylke, dei tre med flest stemmer går til finalen.
  • Finale frå oktober og fram til ein satt dato. (dato for avslutning kan variere frå år til år).
    • Årets Avløysar i Noreg skal stemmast fram blant dei tre som gjekk vidare frå semifinalen.
  • Dei tre finalistane vert invitert til NLT si Haustsamling. Her vert vinnaren av Årets Avløysar offentleggjort under festmiddagen.
  • Premien til Årets Avløysar er diplom og eit reisegåvekort på heile 20000,-

Lenke til kampanjen

Klikk her for å kome til kampanjen og nominasjonsskjema 

Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.