Yrkesskadeforsikring

Yrkesskade- og yrkessjukdomsforsikring

Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd etter 01/10/15 Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd etter 01/10/15

Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd før 01/10/15 Dette skadeskjema skal nyttast på skade skjedd før 01/10/15

Meldingsblankett til folketrygden (skal følge med alle yrkesskadesaker) Meldingsblankett til folketrygden (skal følge med alle yrkesskadesaker)

Viktig informasjon rundt våre forsikringer Viktig informasjon rundt våre forsikringer

Forsikringa dekkjer dei fleste typar arbeid som avløysarlaget har arbeidsgjevaransvar for (lønnar ut). Hovudregelen er at arbeidet, så langt som mogeleg, skal vera relatert til landbruket. Dersom ein er i tvil om arbeidet ein arbeidstakar vert sett til er dekka av yrkesskadeforsikringa, skal det takast kontakt med NLT på førehand. Døme på arbeid som ikkje er dekka er arbeid på sjøen, t.d. fiske. Det er full dekning sjølv om utlønning skjer i ettertid. Dekningsområde og erstatning er etter lov om yrkesskade frå 16.juni 1989.

Dekningsområde

Skadar/sjukdomar som den forsikra kan bli påført under utøving av arbeidet sitt, i arbeidstida, og på arbeidsstaden. Rikstrygdeverket avgjer om skaden/sjukdommen er relatert til yrke. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje ulukker som skjer på direkte reise til og frå arbeid i den grad skaden ikkje er dekka under Lov om Yrkesskadeforsikring. Om ein arbeidstakar utfører arbeidet på anna stad enn den faste arbeidsstaden, erstattas ulukker som skjer på reisa direkte mellom heim og arbeids-/oppdragsstaden. Med reise direkte mellom heim og arbeidsstad/oppdragsstad meiner ein den ruta som regelmessig vert nytta frå heim til arbeidsstaden og omvent.

Dersom skade skjer i forbindelse med ulukke der bilansvarsloven trer inn, og det er utbetalt erstatning, vil det bli gjort fradrag krone for krone i erstatningsoppgjeret.

Påførte utgifter og framtidige utgifter, tapt inntekt

Påførte utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.
Framtidige utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.
Tapt inntekt i tida fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt,
jf. skadeerstatningslovens § 3-1.

Tapt framtidig inntekt

Eingongserstatning for framtidige inntektstap.
Grunnlaget for berekninga av det er den pensjongjevande inntekt i året før skaden eller sjukdommen vart konstatert. Jf. folketrygdloven § 6-4.

Menerstatning

Skattefri eingongsutbetaling som utbetalast ved medisinsk invaliditet. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje invaliditetsgrad frå 1-15%.

Dødsfall

Erstatning utbetalast til ektefelle/registrert partnar/sambuar. I tillegg til erstatning for den som er forsikra, vil det bli utbetalt ei eiga erstatning til barn, og eit gravferdsbidrag på 0,5 G.

Kriseforsikring

Dersom ein har teikna både yrkesskadeforsikring og fritidsulykkeforsikring har ein også kriseforsikring.
Denne forsikringa omfattar:

  • Ran, overfall, voldtekt (må politimeldast)
  • Ulykkestilfelle
  • Brann, eksplosjon eller innbrot
  • Flykapring

Forsikringa gjev rett til dekning av utgifter til krisehjelp med inntil 10 behandlingstimar pr. forsikra. Behandlingstida er begrensa til 12 månader frå skadedato.

NB! Produktoversikta er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.
Forsikringsvilkåra finn de her (passordbeskytta).

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

Selskap: Landbruksforsikring AS

Adresse:
Landbruksforsikring AS
Postboks 1897 Vika
0124 Oslo