Vinnarar av NLT sine konkurransar på Agrisjå

På Agrisjå hadde NLT to konkurransar, den eine var å tippa vekta på eit melkespann medan den andre var ein quiz på 10 spørsmål. Messe Stjoerdal 2014

Det var heile 417 stykk som deltok i tipp vekta og nøyaktig 100 som tok quizzen.

Laila Kjelaas frå Inderøy tippa 7,70 kg og var kun to gram frå fasitsvaret på 7,68 kg. Vinnaren er kontakta og vil få tilsendt ein Leatherman med Norske Landbrukstenester inngravert på skaftet. Vi gratulerer og takkar for innsatsen.

På quizzen var det tilsaman 27 peronar med alt rett. Den heldige vinnaren som vinn ein NLT-Fjøsdress er John Olav Selbekk frå Fannrem. Vi gratulerer.

John Olav er kontakta og han hentar seg ny fjøsdress hos Landbrukstjenester i Sør-Trøndelag, der John Olav er medlem.

Vi vil nytta høvet til å takke alle som kom innom standen vår på Agrisjå. Spesielt takk går til Liv Lian Kosberg, i Landbrukstjenester i Sør-Trøndelag, for at ho var med oss heile helga og hjalp oss på standen.