Vinnarar av NLT – Quiz og «Tipp vekta» – Dyrsku’n

NLT var til stade på «Bondens møteplass» gjennom heile Dyrsku’n. Vi hadde besøk av mange personar på standen vår både bønder, avløysarar, born og vaksne. Vi hadde to konkurransar på standen, den eine var ein NLT-Quiz medan den andre var «Tipp vekta på mjølkespannet».
Besok av avloysarar

Tilsaman var det 141 deltakarar på quizen, 63 av desse hadde alt rett. 437 deltakarar tippa vekta på mjølkespannet, her var det 8 stk som tippa heilt korrekt vekt på 6,80 kg.

Etter misslukka forsøk på å få tak i «første vinnar» av Quizen har vi måtta ta ei ny trekking på denne. Vinnar vart: Hanne-Marit Rogstad frå Sandefjord.

Vinnaren av «Tipp vekta» vart etter trekning: Ketil Momrak-Haugan frå Fyrresdal.

Vi gratulerar begge vinnarane og takkar samstundes alle som deltok og var innom oss for ein prat!

Vinnarane vert kontakta og vil få ein kvar sin NLT – fjøsdress.