Vervekampanje

Vervekampanje

På haustsamlingane i 2013 vart det informert om at vervegruppa ville laga lister i excel, med alle bønder i dykkar område. Me har kjøpt lister frå Produsentregisteret og knyter dei saman med listene frå SLF. Då får me ei liste over alle bøndene som har rett på ferie og fritid, med namn, adresse, tilskotsramme, utbetalingar, sortert etter bruk av laget eller ikkje, produksjon m.m. Den kan då brukast til planlegging av verving, utsending til bøndene som ikkje brukar laget (etikettar) og elles alt kva de kreative sjeler der ute kan koma på. I tillegg er den og grunnlag for vår statistikk i høve vervingsaksjonen.

For at me skal produsera lista må me ha opplysningar om kva kommunar, og kommunenummer dykkar lag dekkjer. De fekk ei epostadresse på samlingane, med oppmoding om å senda denne informasjonen der. Halvparten av dykk har gjort detJ

Resten må gjera det no!!

Eposten er: gjermund@nlth.no

Korleis måler me framgang, endring?
På haustsamlingane vil me i åra framover gjera stas på, og premiera, dei som har gjort ein innsats med verving. Det vil seia at laget har auka sin prosentvise oppslutnad blant bønder med tilskot til ferie og fritid. Dette vert målt med start i listene frå SLF i 2012. Det er sjølvsagt ein del lag som har høg prosent oppslutnad, og dermed ikkje har same høve til prosentvis auke, men dei vil då vera gode kandidatar til «årets lag», som skal heidrast på årsmøtet kvart år. Her vil god drift, og sjølvsagt auka omsetnad på andre felt vera med i vurderinga til juryen.

Vervingsaksjonen 2013, framdrift
Årsmøte 2013

  • Informasjon om vervingsaksjonen
  • ”Årets lag” vert lansert, og det fyrste vert hylla.

Vårkurs 2013

  • Kurs i sal og marknadsføring, særleg spissa mot det me skal selja:
    Di fleire medlemer, dess betre tilbod
    Det vert lagt opp til eit grundig og målretta kurs, og vi vonar alle lag har ein representant med på dette

Før haustsamlingane 2013

  • Det vert produsert brosjyre frå NLT sentralt. Denne vert trykt opp til alle lag, og levert ut på haustsamlingane
  • ”Firkantane” i Bondebladet vert brukt i oppkøyringa fram til haustsamlinga
  • Arbeida aktivt for oppslag i riksdekkjande media kontinuerleg.

Haustsamlingar 2013

  • Startskotet på ein sentralt fronta vervingsaksjon
  • Argumentlister, standspakkar og liknande ferdig og leverast ut
  • Fyrste vervepremie for beste lag så langt vert delt ut

Så oppfordringa til dykk alle vert: Set i gang med planar og lag målsetjingar!!

» Sjå på den utsende må-bør-kan lista
Og til dei som ikkje har gjort det, send kommunenr!!!!!

Med helsing vervegruppa