Verneombodskurs i Stjørdal

Då er vi klare til å ta i mot påmelding til verneombodskurs. Kurset går av stabelen i Stjørdal frå og med måndag 29. oktober til og med torsdag 1. november, på Scandic Hell Hotel.
Her finn de foreløpig program for kurset, eit meir detaljert program vert klart neste veke.
 
Dette kurset går som kjent parallelt med Haustsamlinga som startar med kursdag den 30. oktober. Påmelding til Haustsamling vert sendt ut komande måndag.
 
Kursavgifta er kr. 4.750,-, I tillegg kjem eventuell hotellovernatting på kr. 5.800,- for alle dagene (inkl. frukost, lunsj og middag, pluss festmiddagen på onsdagen). Måltida er samstundes og i lag med deltakarane på Haustsamlinga.
 
NB! Arrangør av kurset er SNS Nordenfjeldske noko som betyr at alle deltakarane kan få opp til 50% av reisekostnadane dekka og refundert.
 
Kursavgifta er berekna ut i frå 15 deltakarar, og ein er då avhengig av nok påmeldte for å få realisert kurset. Maks deltakarar er 25 deltakarar, så her er det fyrstemann til mølla. Påmeldinga vert automatisk stansa ved 25 stk.
 
Frist for påmelding er 26. september!!
 
«Løp og kjøp 😊»
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *