Vellukka Vårsamling

I underkant av 100 deltakarar deltok på Vårsamlinga på Hell Hotel denne veka. Nytt av året var at vi hadde plenumsamling fyrste dag. Her fekk vi ei innføring i korleis vi skal verte betre seljarar.


Under eit særs engasjerande innlegg frå Daglig Gleder, Heidi Klefstad, vart alle bedne om å reisa seg og massera skuldrene til naboen.

På dag to delte vi forsamlinga på tre kurs, nokre fortsatte med salskurs medan andre gjekk over til å verte oppdatert på lover og reglar, og andre fekk oppdatering innan HMS. Alt i alt verka det som samtlege kursdeltakarar var nøgde då vi var ferdige på onsdag ettermiddag.

Dei neste store arrangementa i regi av NLT vert no Haustsamlingane etter sommarferien. For å minna dykk om datoane så er dei her: Nord 22.-24. oktober og i sør 12.-14. november (1. dag på samlingane er heildagskurs).