Vegen vidare for NLT

Som alle veit har styret arbeidd med planane for samanslutning mellom Norske Landbrukstenester (NLT) og Landbrukets Forsøksringer (LFR). Saka vart først handsama på ordinære årsmøter i begge organisasjonane våren 2006. Der vart det positivt vedtak i LFR men negativt i NLT, men styret vart oppmoda om å arbeida vidare med saka.


Begge organisasjonane vart samde om å arbeida vidare, med tanke på å kalla inn til ekstaordinært årsmøte i desember 2006. Ektraordinært årsmøte i begge organisasjonane vart halde 13.desember 2006. Der vart det positivt vedtak i NLT, men negativt i LFR. Eigarane har såleis sagt at dei ikkje ynskjer samanslutning, og planane er såleis lagt død.


Styret i NLT hadde eit kort styremøte 13.desember der det vart vedteke å setje fullt fokus på dei arbeidsoppgåver som NLT har hatt heile tida . I tillegg vart LFR invitert til gjensidig samarbeid med NLT med tanke på betre utnytting av tilgjengelege ressursar.Saka vart vidare drøfta på styremøte i Bergen 31/1 og 1/2 2007 i samband med arbeidsplan for 2007 og NLT sin strategiplan for å prioritera dei viktigaste arbeidsoppgåvene framover:



  • Vidareføre hjelp og støtte til laga i det daglege arbeidet.
  • Arbeida mot faglag og det offentlege for å betra velferdsordningane.
  • Utarbeida materiell/brosjyre for å styrkja marknadsføringa av det einskilde lag og NLT mot bonden.
  • Utarbeida informasjonsmateriell og avtalar med tanke på utlønning for andre bedrifter.
  • Få på plass felles rapportering til NLT. Setje av kapasitet for å bearbeida tala med tanke på å kunna gje laga betre oppfylgjing på eit tidlegare tidspunkt.
  • Evaluere «prøveåret» med terminalserver og byggja dette vidare ut for å tilby laga rimelege og enkle dataløysingar.
  • Vidareføre ordninga med haustsamlingar og styrkja det faglege innhaldet.

    • I 2007 vert det 3 samlingar i staden for 4.
    • Det blir vurdert ein kursdag i forkant av kvar samling med varierande tema både for tillitsvalde og tilsette. For eksempel eige kurs for nytilsette daglege leiarar.

  • Tilby aktuelle kurs i tillegg til haustsamlingane, etter ynskje frå medlemslaga.
  • Arbeida vidare med eit felles opplegg «kokebok» når det gjeld vikarformidling » Ditt lokale vikarbyrå». (Førebels er det sett ned ei lita arbeidsgruppe som skal ha sitt første møte i februar, men det er og søkt midlar til eit større prosjekt.)
  • Vidareføre tilbod til laga om hjelp og støtte til fusjonering.
  • Vidareføre tilskot frå opplæringsfondet til lokale kurs og tilskipingar.
    Oppmoda laga om å bli flinkare til å koma med tankar og idear om arbeidsoppgåver som laga ynskjer, – det er medlemslaga som skal «forme» NLT.



Ein samanslutningsprosess fører som oftast til ein «ubevisst» vent og sjå haldning. Den tida er no over og styret har ingen planar om å inngå liknande prosessar med det første. Styret meiner framleis at samanslutning mellom ymse organ innan landbruket kan vera rett veg å gå, med erfaringa har vist at god førebuing og tilstrekkeleg informasjon til medlemmene gjennom heile prosessen er avgjerande for å få ei «god» samanslutning.


Laga og NLT har mange utfordringar framfor oss, desse skal ha full fokus i tida som kjem. NLT sine mål i strategiplanen er ikkje endra, heller ikkje organisasjonen sin fleksiblitet og kunnskap til å ta fatt på nye oppgåver. NLT skal vera ein effektiv og rasjonell støttespelar for medlemslaga, og målet er at dette skal bidra til at dei kan gjera ein enno betre jobb for den einskilde bonde.

Styret i NLT 14.02.2007