Vedtekter

Vedtekter for Norske Landbrukstenester

KAPITTEL I – ORGANISASJON

§ 1. Organisasjon

NORSKE LANDBRUKSTENESTER (NLT) er ein landsdekkjande medlemsorganisasjon, som skal arbeide for medlemslaga sine interesser for å betre bøndene sin arbeidssituasjon, velferd og økonomi. Organisasjonen har vekslande medlemstal og kapital.

Forretningskontoret ligg i Kvinnherad kommune, Hordaland.

§ 2. Føremål

NLT si hovudoppgåve er å arbeida for at medlemslaga skal kunne tilby bøndene tenester av høg kvalitet.

I tillegg skal organisasjonen vera eit kreativt forum for utvikling av velferdsordningar, samarbeidstiltak, bygdetenester og andre tenester som styrkjer landbruksnæringa og er utviklande for lokalmiljøet.

NLT skal vera eit koordinerande ledd for styrking av samarbeid, kunnskap og felles målsetjing.

NLT skal vera opne for samarbeid med andre organisasjonar i landbruket for å utnytte næringa sine samla ressursar på beste måte.

 

KAPITTEL II – MEDLEMMER

§ 3. Medlemskap

Medlemslaga må ha som formål å formidle eller leige ut arbeidskraft, administrere samarbeidstiltak (maskinformidling, bygdeservice o.s.v.), eller tilby andre landbruksrelaterte tenester.

Medlemslaga skal vera opne for samarbeid med andre organ i landbruket for å utnytta næringa sine samla ressursar på beste måte.

For å bli medlem må laget godta desse vilkåra:

  1. Laget må vera ope for medlemskap frå gardbrukarar i sitt virkeområde.
  2. Laget må forplikta seg til å følgja vedtak fatta av styret eller årsmøtet i NLT.
  3. Laget må betala den kontingenten som vert fastsett av årsmøte i NLT.
  4. Laget skal så langt det er mogeleg bruke/nytte seg av dei fellestilbod som NLT tilbyr.
  5. Laget skal ha rekneskap som er revidert av registrert/statsautorisert revisor.
  6. Laget skal ha vedtekter som styret i NLT kan godkjenna.
  7. Laget har rapporteringsplikt til NLT etter nærare retningsliner.
  8. Laget skal fylle krav stilt i norsk lov om registrering, rekneskap og revisjon.
  9. Laget skal ikkje ha hatt forsikringsskade dei 2 siste år.

Søknad om medlemskap skal sendast styret i NLT. Laga vert tekne opp som medlemmer etter godkjenning av styret i NLT.

§ 4. Ansvar

NLT kan ikkje gjerast økonomisk ansvarleg for forhold som måtte oppstå i medlemslaga. Dersom NLT har teikna forsikring, er det einskilde medlemslag ansvarleg for eigenandelen i forsikringa.

 

KAPITTEL III – NLT SINE ORGAN

§ 5. Årsmøtet

Årsmøtet er NLT sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april.

1. Samansetjing: Kvart fylkje har representantar ut frå talet på lokallagsmedlemmer:
1 til 499 medl                          – 2 representantar
500 til 999 medl                      – 3 representantar
1000 til 1499 medl                  – 4 representantar
over 1500 medl                      – 5 representantar

Det er innrapportert aktivt medlemstal pr. 30.april siste år som dannar grunnlaget.
Alle fylker kan vera representert med minimum 2 representantar til årsmøtet.

NLT sitt styre er ansvarleg for at det vert gjennomført fylkesvis val av utsendingar til årsmøtet. Lagsmedlemmer (bønder) og tilsette i administrasjonen i medlemslaga er valgbare som utsendingar til årsmøtet.

Kvart fylkje kan velja inntil 1 -ein- tilsett i administrasjonen i medlemslag som utsending til årsmøtet. Representantane til årsmøtet kan møta med fullmakt, men kvar representant som møter kan berre ha 1 -ei- fullmakt.

2. Styret i NLT er utsendingar til årsmøtet med røysterett.Styremedlemmer har ikkje røysterett under godkjenning av årsmelding og rekneskap. Valkomiteen deltek på årsmøtet med talerett.

3. Styret skal med 3 -tre- vekers varsel innkalla til årsmøte. Med skriftleg innkalling følgjer sakliste og saksdokument. Saker som dei einskilde lag vil ha handsama på årsmøtet må vera styret i hende innan 1. januar.

 Årsmøtet skal handsama:

  1. Godkjenning av innkalling og saklister.
  2. Val av referent, og to til å underskrive protokollen.
  3. Årsmelding og revidert rekneskap.
  4. Fastsetjing av kontingent.
  5. Arbeidsplan.
  6. Andre saker som er nemnt i innkallinga.
  7. Val:
    1. Leiar for 1 år. Valet skal vera skriftleg.
    2. Styremedlemmer for 2 år.
      For å  oppnå kontinuitet i styret, skal 2 -to- medlemmer kvart år stå på val, fyrste år etter loddtrekning mellom styremedlemmene. Dersom styremedlem som har funksjonstid igjen i styret vert valt til leiar, må nytt medlem til styret veljast for resten av perioden.
    3. Val av nestleiar for 1 år. Valet skal vera skriftleg.
    4. 3 -tre- nummererte varamedlemmer for 1 år.
    5. Val av revisor.
    6. Val av møteleiar og varamøteleiar til neste årsmøte.
    7. Valkomité på 4 -fire- medlemmer og 2 -to- varamedlemer.
      Årsmøtet vel leiar av valkomiteen. Inntil 1 -ein- representant frå dei tilsette kan veljast inn i valkomiteen. Medlemstid er 3 år, og medlemmer som går ut kan ikkje attveljast.
    8. Godtgjersle til tillitsvalde etter innstilling frå valkomiteen.

4. Budsjett vert lagt fram på årsmøtet til orientering

§ 6. Ekstraordinært årsmøte.

Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn dersom styret finn det nødvendig eller 1/3 av medlemslaga krev det. Innkalling skal skje etter dei same reglar som er oppgitt under §5, pkt. 3.

§ 7. Styret

NLT vert leia av eit styre på 5 -fem- medlemmer valt av årsmøtet. Inntil 1 -ein- av desse kan veljast blant tilsette i administrasjonen i medlemslaga. Styreleiar kan ikkje veljast blant dei tilsette.

Styret skal:

  1. Leia NLT sitt arbeid i samsvar med vedtekter og årsmøtevedtak.
  2. Ta opp saker av nasjonal og lokal interesse for medlemmene.
  3. Forvalta NLT sine midlar.
  4. Syta for at årsoppgjeret vert avslutta i rett tid, og i revidert stand vert lagt fram for årsmøtet.
  5. Tilsetje og seie opp dagleg leiar.

Styret held møter så ofte styreleiaren finn det naudsynt eller når 3 -tre- styremedlemer krev det.

Eit vedtak er gyldig når minst halvparten av styret røyster for. Er røystetalet likt, gjer styreleiaren si røyst utslaget.

Det skal førast protokoll frå møta som vert underskriven av dei møtande styremedlemmene. Er eit vedtak ikkje samrøystes, kan kvar styremedlem få bokført korleis ho/han har røysta

§ 8. Råd og utval

Styret har fullmakt til å oppretta og nedleggja aktuelle råd og utval. Styret utarbeider og retningslinjer for desse.

 

KAPITTEL IV – UTMELDING/EKSKLUSJON M.M.

§ 9. Utmelding

Ynskjer medlemmer å melda seg ut av NLT, må det skje ved skriftleg melding til styret i NLT seinast 3 -tre- mnd. før rekneskapsåret går ut. Utmeldinga gjeld då frå byrjinga av neste rekneskapsår. Forsikringsordningar eller eventuelle abonnement gjeld likevel fram til forfall.

Utmeldt/ekskludert medlem kan ikkje stille krav om andeler av NLT sine midlar, dei kan heller ikkje ha tillitsverv i NLT.

§10 Eksklusjon

Styret kan eksludera/suspendera medlemmer som ikkje oppfyller pliktene sine. Dersom eit lag vert nekta medlemskap eller ekskludert, kan vedtaket ankast inn for årsmøtet i NLT som tek den endelege avgjerd.

§ 11. Tvistar, valdgift

Tvist mellom NLT og eit eller fleire medlemslag som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 -tre- personar. Kvar av partane vel eitt medlem, og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge partar innan ein frist, fastsett av styret, ikkje har valt sitt medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren.

Krav om skilsdom må vera komen til styret innan 3 mnd. etter at medlemslaget har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader.

 

KAPITTEL V  – VEDTEKTSENDRING

§ 12. Vedtektsendring

  1. Forslag til endring av vedtektene må vere styret i hende innan 1. januar.
  2. Gyldig vedtak på årsmøtet krev minst 2/3 av dei frammøtte sine stemmer.

 

KAPITTEL VI – OPPLØYSING

§ 13. Oppløysing – Fusjon         

  1. Forslag om oppløysing kan fremjast av styret. Det kan og fremjast av eit fleirtal av medlemslaga i minst 3 –tre- fylke.
  2. Vedtak om oppløysing /fusjon kan berre gjerast av årsmøte. Gyldig vedtak krev ¾ fleirtal av dei røysteføre på møtet.
    Det årsmøte som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre.

For gyldig vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre.

Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte kan nytt årsmøte innkallast med minst 3 –tre- vekers varsel. Vedtak kan då gjerast med fleirtal av dei røysteføre på møtet.

Vedtektene er godkjend på årsmøtet, Gardermoen 06.04.2016
Vedtektene gjeld frå 06.04.2016