Trygve Fredheim har gått av med pensjon i Norske Landbrukestenster

Frå og med i dag så har Trygve Fredheim gått av med pensjon i Norske Landbrukstenester. Etter å ha arbeidd i organisasjonen sidan starten 1. mai 1991 har han no valt å gå av. Vi vil nytta sjansen til å takke Trygve for den uvurderlege innsatsen han har gjort for å bygga opp NLT og gjera organisasjonen til det den er i dag. Avløysarlaga og avløysarordninga har nytt godt av den innsats som Trygve har lagt ned i alle åra sidan han starta i det som den gong heitte Kvinnherad Avløysarlag i 1983. Frå første dag har han arbeidd for å finna løysingar for å gjera ordninga betre og meir straumlineforma.


Sjølv om Trygve går av med pensjon frå NLT så vil han fortsetja å arbeida
innan avløysarfamilien. Han har fortsatt ei deltidsstilling i
Landbrukstenester Folgefonna som dagleg leiar. Dermed vil vi fortsatt ha
sjanse til å nytta oss av den kompetansen Trygve har ved behov.

Vi vil takke Trygve for den uvurderlege innsatsen han har gjort for å bygga opp NLT og gjera organisasjonen til det den er i dag

I NLT vil vi frå i dag av vera tre tilsette i 100% stilling. Evald går opp i frå 50% til 100% stilling og vil overta mykje av dei arbeidsoppgåver som Trygve har hatt dei siste to åra. Vi set pris på at Evald har sagt ja til tilbodet om full stilling i NLT.

For laga vil dette bety at det no er tre direkte telefonnummer å forhalda seg til;

Evald – 452 14 509
Romar – 971 13 074
Frode – 907 39 937

I tillegg så er hovudnummeret 53 48 22 80 og faks 53 48 22 81 som før.

Mvh
Norske Landbrukstenester
Frode Alfarnes
Daglig leder
Tlf: 90739937 – Fax: 53482281
E-mail: Frode@n-lt.no