Til minne om Evald

På nyttårsafta mottok vi den triste bodskapen om vår venn og kollega, Evald, sin bortgang. Våre tankar går fyrst og fremst til kona hans, Gislaug, og den næraste familien. Vi ynskjer å fortelja litt om kva Evald betydde for oss i NLT.


For oss på kontoret var Evald ein god støttespelar og kamerat. Han var kunnskapsrik og flink i arbeidet sitt. Var det spørsmål om ein kunne skriva det ”slik eller slik” på nynorsk, var det Evald som visste kva som var rett. Språkøyre hadde han. Vi fekk den gleda av å vera med han på ein del utanlandsturar, og uansett kor vi var så slo han over på eit språk han gjorde seg forstått med. Evald ordna alt og vi stolte alltid på han.

Evald var ansvarleg for alle arrangement i NLT si regi. Dette er samlingar der alle landbrukstenestene er representert. Her møter det til saman over 400 personar, så det er mykje som skal organiserast for at alt skal gå bra. Med Evald i spissen gjekk det alltid bra. Alle vart møtt med eit fast handtrykk, glimt i auga og eit lunt smil. Var det noko som mangla eller ikkje var heilt bra var det berre å spørje Evald, han fiksa det alltid til det beste. Det var alltid tid til ein god samtale, og denne sosiale sida var noko som vart sett stor pris på. Evald vil bli sterkt sakna av alle i landbruksfamilien.

No skal det ikkje vera slik lenger at Evald alltid er fyrst på kontoret, lagar kaffi og er klar når vi andre kjem. Vi skal ikkje lenger ta den kaffikoppen ilag om morgonen og prata om laust og fast som har skjedd både her og der.  Vi skal ikkje lenger le i lag av god historiar og skrøner. Den tida er diverre forbi , men den vil likevel alltid vere med oss. Vi vil aldri gløyme deg Evald, ditt minne ligg lagra i våre hjarte for alltid.

Takk for alt du var for oss Evald. 

Kvil i fred.