Statens tilbod i jordbruksforhandlingane

Staten har i dag lagt fram sitt tilbod i samband med jordbruksforhandlingane. Staten tilbyr ei ramme på 90 millionar som inneber eit kutt på 70 millionar i tilskott over statsbudsjettet.

Innan velferdsordningane er det ikkje foreslege noko endring i satsar eller tilskott i forhold til i dag.

Det er ønskeleg å sjå på om det er naudsynt å setje krav til næringsinntekt for å ha rett til tilskott ved sjukdomsavløysing.

Staten ønskjer og å avgrense plikta til å stille med Landbruksvikar til 14 dagar per tilfelle.

I samband med innføring av nytt forvaltningssystem for produksjonstilskott i 2017 vert det innført felles frist for søknads- og telledatoar, 15. mars og 15. oktober. Dvs. at alle føretak må levere søknad innan 15. oktober for avløysartilskottet. Dei føretak som ikkje har nådd maksimal refusjon på dette tidspunktet kan etterregistrere utgifter fram til 10. januar året etter. Tilskottet for avløysing vert betalt ut i lag med produksjonstilskottet i februar, noko som er 4 månader tidlegare enn no.

Statens tilbod finn du her

Det som gjeld velferdsordningar finn du her

NLT meiner at staten sitt tilbod diverre ikkje gjenspegler kor viktig velferdsordningane i jordbruket er. I NLT sine innspel har vi lagt vekk på følgjande punkt;

  1. Tilskottsordningane ved ferie/fritid og sjukdom må fortsatt vera øyremerka med krav til dokumentasjon.
  2. Tilskotta må følgje kostnadsutviklinga. Dette gjeld alle tilskotta, men det er spesielt viktig at dagsats ved sjukdom vert heva med verknad frå 2016.
  3. Rammevilkåra til avløysing ved ferie og fritid og avløysing ved sjukdom må leggjast til rette slik at ordninga vert etter formålet.
  4. Sett i lys av endra rammevilkår ved ferie og fritid og sjukdom må Landbruksvikarordninga evaluerast og tilførast meir midlar.
  5. I ordninga med sjukdom bør det leggast til rette for;
    1. Færre kommunar handsamer søknader
    2. Ingen reduksjon i tilskott med bakgrunn i andre inntekter
    3. Dispensasjon frå krav om næringsinntekt ved nyetablering og investering

Ved å ikkje auke tilskotta i ordningane vert tilbodet til bonden i realiteten redusert. Lønskostnadene aukar år for år og så lenge tilskottet til avløysing ikkje følgjer dette, vil bonden få mindre avløysing for tilskottet. Spesielt dagsatsen ved sjukdom bør aukast då denne har stått i ro i 2 år. Ein auke her vil og bidra til betre økonomi i Landbruksvikarordninga. Vi er usikker på om eit krav til maksimalt 14 dagar med landbruksvikar er eit gode for bonden, då er det betre å tilføre friske midlar til ordninga.

Heile innspelet vårt finn du her