Slutt på overgangsreglane etter 1. mai 2009

Overgangsordningane for dei «nye» EU/EØS landa er oppheva med verknad frå 1. mai. Dette vart godkjent i Statsråd 6. mars 2009. Vi gjer merksam på at dette gjeld ikkje Romania og Bulgaria. Dei skal ha dei gamle reglane fram til 2012.


Praktiske følgjer:

  • Når den utanlandske borgaren frå EØS-området, (med unntak av Bulgaria og Romaania) skal arbeide mindre enn 3 – tre månader, treng vedkomande ikkje opphalds – og arbeidsløyve. Han/ho treng difor ikkje ta kontakt med politiet. Dei må ikkje ha tilbod om full jobb.
  • Dei treng likevel skattekort og d-nummer. Du søkjer då på skjema RF-1209 som du finn hos Skattedirektoratet. Legg ved kopi av pass og hugs fullstendig adresse i heimlandet. Fyll også ut arbeidsperiode (vedkjem skattetrekket). Vedkomande får jo heller ikkje oppretta bankkonto utan d-nummer.
  • For arbeidstakarar som skal arbeide meir enn 3 mndr. gjeld same reglane som i fjor (standard prosedyre). Dersom du veit at vedkomande skal arbeida meir enn 3 mndr., gjer dette først som sist.
  • Bruk den siste LA-tariffen til all utlønning.
  • I følgje arbeidsmiljølova skal arbeidsavtale fyllast ut snarast råd. Bruk gjerne Arbeidstilsynet sin. (563)
  • Hugs kontinuerleg innmelding/utmelding i AA-registeret.

Ver obs. på at EØS-borgaren kan reise heim t.d. i 2 dagar for så å starta på ein ny 3 mndrs. periode.

Me rår til at den utanlandske arbeidstakaren sjølv fyller ut skjema RF-1209. Der er det ein del spørsmål om barn, familie og slikt. Rett utfylt blir det då mindre problem med den førehandsutfylte sjølmeldinga dei får.Ring oss gjerne dersom du lurer på noko

Med vennleg helsing
Evald Storaas
Marknadskonsulent
Tlf. 452 14 509, faks 53 48 22 71
e-post: evald.storaas@n-lt.no