Skal pensjonistar vera innmelde i OTP-ordninga?

Pensjonistar som arbeider over 20% stilling skal vere med i ordninga heilt til dei sluttar å arbeide. Uansett alder. Nye reglar gjer at arbeidstakar sjølv må gje melding til OTP-selskapet om at ein vil ha utbetalt OTP.


Dersom ein arbeidstakar er 75 år når ein startar i bedrifta treng ein ikkje melde vedkomande inn i ordninga, men ein 75 åring skal vera med dersom han/ho allereie er i ordninga ved fylte 75 år. Når ein er fylt 75 år vil OTP-selskapet automatisk starte utbetalinga.