Samling for landbruksvikarar på Storefjell

Onsdag til fredag denne helga var landbruksvikarar frå Hordaland, Buskerud og Sogn & Fjordane samla på Storefjell til kursing og sosialt samvær. NLT vart invitert og underteikna tok turen til Storefjell.

 


Det var omlag 30 stk samla på Storefjell. Dei fleste var landbruksvikarar, men det var og eindel frå administrasjonen i laga som var til stades. Samlinga var lagt opp til kurs og sosialt samvær.

Onsdagen byrja med omvisning på slakteriet til Nortura sitt anlegg på Gol, og vart avslutta med teoridel om melkekvalitet.

Torsdagen starta med samling og diskusjon rundt arbeidssituasjonen til dei ulike landbruksvikarane. Etter dette haldt underteikna innlegg om forsikringar som landbruksvikarane har gjennom sin arbeidsgjevar.

Motorsaga var utslagsgjevande
i konkurransen.

Så gjekk turen til den store hendinga for samlinga, nemleg til Magne Øynebråten si seter, der «Årets tøffaste landbruksvikar» skulle kårast. I alt 23 deltakarar deltok, ikkje alle var landbruksvikarar, blant dei var underteikna som vart med under kategorien «frivillig tvang». Det var lag ei hinderløype som to og to skulle gjennom, beste mann gjekk vidare, medan dei to beste tidene av «toarane» i kvar pulje gjekk vidare.

Løypa starta med mjelkespann bæring vidare til spikring, saging, hinder, mjølking, røyrkryping (12 meter), staurbæring og den nokså utslaggsgjevande motorsagdemonteringa og monteringa. Når sagkjede gjekk rundt etter montering var det så å spurte i mål etter å ha krøpe under eit straumgjerde…utan straum heldigvis.  

Det vart ein intens kamp om den gjeve vandrepokalen og premiar, blodet bort i mot flaut på motorsagbordet og fleir enn ein heiv etter pusten då målstreken var passert.

Etter innleiande runde var det 14 deltakarar og 7 puljer igjen (deriblant underteikna som gjekk vidare på walkover pga mangel på motstandard). Av desse var det 8 som skulle gå vidare til kvartfinale. Underteikna kom ikkje vidare for dei som lurte på det. Så kom semifinale og til slutt finale der det stod mellom Piotr Chlebowicz (Lt. Folgefonna) og Tormod Herre (Lt. Sogn).

Litt plastring vart det, både på hender og i hovud.

Finialen vart jamn, Piotr leia då han skulle inn i røyret, med Tormod hakk i hel. Det heile vart avgjort ved motorsagene der Piotr fekk full klaff og gjorde arbeidet unna på rekordtid. Då kunne han ta sjarmøretappen til mål, nokre sekundar før Tormod.
Vi gratulerar Piotr med tittelen som årets tøffaste avløysar. Han fekk vandrepokal, og sjefen for Storefjell kom med gavekort på weekend for to på hotellet.

Fredagen fortsatte med teorikurs, og i skrivande stund er dei inne i siste timen av samlinga for i år.

Underteikna var med for fyrste gong på denne samlinga. Det er tredje året på rad at den har vore arrangert. Det var ei positiv oppleving å vera med, det knytter kontaktar og vi som

Finalistane (f.v.) Piotr og Tormod, Piotr vann til slutt.

organisasjon for Avløysarlaga og Landbrukstenestene får formidla kva vi driv med.

Neste år er NLT-administrasjonen utfordra til å vera med i kampen om den gjeve pokalen, om vi legg oss i steinhard trening eit år kan det vera mogleg å iallefall kome vidare etter fyrste runde uten «walkover» ;o)

NLT takkar for invitasjonen og opplevinga på Storefjell!
Helsing, ein noko støl Romar!

» Her er fleir bilete

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.