Reidun Mæland tildelt NLT-klokke og diplom

Reidun Mæland har i over 25 år vore tilsett i Hjelmeland Avløysarlag. No takkar ho for seg, og sidan ho ikkje deltek på haustsamlinga i år var det naturleg å tildela Reidun NLT-klokke og diplom då rogalandslaga var samla i forrige veke.

Reidun Maeland

Her får Reidun Mæland tildelt NLT-klokke og diplom av dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes.

NLT vil ynskje Reidun lukka til som pensjonist og takke ho for alle åra ho har arbeidd for å skapa tryggleik og velferd for bøndene i sitt område.