Registreringsplikt for bemanningsforetak

Frå 1. januar 2009 er ny forskrift for obligatorisk melde- og registreringsordning trådd i kraft. Dette medføre at avløysarlaga må registrere seg og stille bank- eller forsikringsgaranti på kr. 100.000,-

Forskrifta stille krav til at vikarbyrå som skal driva i Noreg, enten dei er norske eller utanlandske, skal ha ein fast representant i landet med juridiske fullmakter. Samtidig vert det innført krav til organisering, økonomi og at verksemda er lovleg registrert hos skatteetaten.

For avløysarlaga sin del medføre dette at dei må stille ein bank-/forsikringsgaranti for eigenkapital tilsvarande kravet til eigenkapital for aksjeselskap, dvs kr 100.000,-. Dokumentasjon for dette må leggast ved meldeskjema.

Registeret vil være tilgjengleg på Arbeidstilsynet sine heimesider frå 1. mars 2009 og registrering må gjerast innan den tid. Registreringa vert gjort på eige skjema som kan lastast ned frå Arbeidstilsynet; http://www.arbeidstilsynet.no/c26987/skjema/vis.html?tid=49828