Pressemelding: Ny Landbruksvikarordning frå 2008

Frå 1. januar 2008 er ansvaret for landbruksvikarverksemda overført frå kommunen til avløysarlaget. Dei kommunar som i dag har tilsett landbruksvikar vil få tilskot ut 2008. Frå 1. januar 2009 er det avløysarlaga sitt ansvar å tilby ei landsdekkjande beredskapsordning ved sjukdom/krise hos bonden.


Ved det siste jordbruksoppgjeret vart det vedteke å avvikla den kommunale landbruksvikar-verksemda og innføra ei ny ordning, administrert av avløysarlaga. Norske Landbrukstenester, saman med avløysarlaga, har i fleire år etterlyst ei betre beredskapsordning ved sjukdom. I jordbruket sitt krav til forhandlingane er det dei siste åra fremma forslag om ei endring i ordninga. Forslaget har si bakgrunn i at det er blitt færre årsverk landbruksvikar i kommunane. I tillegg har ikkje avløysarlag kunne gå inn på denne ordninga i dei kommunar som ikkje har eige tilbod.

Den nye ordninga skal sikre at alle føretak skal ha lik tilgang til ei beredskapsordning ved sjukdom/krise. Ordninga skal vera landsdekkande og alle føretak som har rett på tilskot under sjukdom skal, så langt råd er, få hjelp. I denne samanheng er det viktig at det vert etablert ei vaktordning med stabile landbruksvikarar som kan tre inn på kort varsel. Ei utfordring for avløysarlaga er å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Ein del av arbeidskrafta vil bli rekruttert blant dagens kommunal tilsette landbruksvikarar, men det må og nyrekruttering til. I ein stram arbeidsmarknad må laga kunne tilby landbruksvikarane konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår. Då er ein avhengig av ei stabil finansiering. Det er også ei utfordring at bøndene er flinke til å nytte landbruksvikarane slik at dei er sikra full sysselsetjing. Ved ledig kapasitet kan landbruksvikaren nyttast til avløysing ved ferie/fritid eller andre oppdrag.

For 2008 er den økonomiske ramma for ordninga på 118 millionar kroner. Det er stipulert eit behov for 240 årsverk på landsbasis. Kor mange årsverk kvart avløysarlag vert tildelt vert avgjort av Statens Landbruksforvaltning og Fylkesmannen. For bonden er kostnaden pr. dag knytt opp til det maksimale tilskotet under avløysing for sjukdom. I 2008 er denne på kr. 1030,-.

Sjølv om det er avløysarlaga som er sett til å administrere den nye ordninga, er det ikkje knytt krav til medlemsskap i avløysarlag for å få tilgong på landbruksvikar. Det er avløysarlaget som skal ha arbeidsgjevaransvaret for landbruksvikaren og som står for fakturering av kostnaden til bonden. Det er få kommunar som i dag ikkje er dekka av eit avløysarlag. I desse kommunane vil nærliggande avløysarlag, i samråd med fylkesmannen gje eit tilbod.

Avløysarlaga i Noreg lønar i dag ut ca. 40.000 avløysarar for over 20.000 føretak. Årleg lønsomsetning ligg på i overkant av 1 milliard, så laga er godt førebudde på å administrere den nye ordninga.

I overgangsåret 2008 vil både kommunen og avløysarlaget få tilskot. Frå 2009 vil berre avløysarlaga få tilskot for å ha beredskapsordning ved sjukdom/krise. I løpet av 2008 må avløysarlaget og kommunen få avtalt verksemdsoverdraging for dei kommunalt tilsette landbruksvikarane. Fleire avløysarlag har starta prosessen og er i gang med å forhandla med kommunane. Dei kommunale landbruksvikarane er ikkje forplikta til å byrja i avløysarlaga, så det er enda usikkert kor mange personar som må rekrutterast utanom.

For bonden og avløysarlaga er den nye landbruksvikarordninga ei utfordring. Det vil ta tid å bygge opp ein landsdekkande beredskap. Det er viktig at alle partar bidreg om ein skal få ei tenleg løysing. Viktige forutsettingar for å lykkast er ei stabil finansiering og tilgong på kvalifisert arbeidskraft. Om partane i jordbruksforhandlingane får på plass gode tilskotsordningar er det opp til avløysarlaga og bonden, i samarbeid, å skapa gode arbeidsplassar i distrikta. Dette er ei utfordringa som næringa må lykkast med.