Planlegging av hausten 2015

Sommaren har vore so som so rundt om i landet, men no er vi godt i gong med planane for hausten. Det fyrste som står på programmet for NLT er styremøte 6. september. Helga etter, 11.-13. september er NLT på plass på Dyrsku’n med stand, her vil heile administrasjonen vera tilstade. Leiar Harald Lie og nestleiar Bodil Mannsverk vil og vera på plass ein dag og to i løpet av messa. Dersom det er medlemslag som ynskjer å vera med oss på stand så gje oss ein lyd, vi har plass til alle som ynskjer.

Etter Dyrsku’n er det fullt fokus på årets haustsamling. Som de veit er det kun ei samling i år og det vert arrangert i tidsrommet 20. – 22. oktober på Scandic Hell. Som vanleg vil fyrste dagen vera satt av til kursdag. Påmelding startar om ikkje lenge.

26.-29. november er vi på plass med stand på Agroteknikk på Lillestrøm. Her er det og høve til å vera med for våre medlemslag, gje oss då ein lyd i tilfelle.

Vi håpar alle har hatt ein god sommarferie og er klare for nye oppgåver i haust.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *