Påmelding og invitasjon til vårsamling

Stad for samlinga:  Rica Hell Hotel, Værnes
Viser til invitasjon sendt 15. april 2011.
Det vert tre kurs parallelt over to dagar.
Start første dag etter lunsj kl. 12.00,  andre dag frå morgonen til ca. kl. 15.00
Dei fleste detaljar er no på plass, og her kjem oversikt over kursa


» Påmelding til vårsamling


Kurs 1: Lønn – ferie- og sjukepengar,  v/ Sticos AS:

Dag 1:
Kurshaldar: Grete Vang Garberg – Sticos AS


Generelt om lønn:
  • Kort om naturalytingar og innrapportering
  • Kort om reiseoppgjer diett/rekning
  • Arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk

Ferie og feriepenger:

  • Lengde og berekning av ferie
  • Berekning og utbetaling av feriepengar
  • Overføring av ferie
  • Ferieavvikling i oppseiingstid, under sjukdom og under permisjon
  • Endringar i ferieloven
  • Generelle vilkår for foreldrepengar

Dag 2:
Kurshaldar: Marit Ingvaldsen Risvaag – Sticos AS

Sjukepengar og foreldrepengar:
 

  • Generelle regler for sjukepengar
  • Sjukepengegrunnlag
  • Arbeidsgjevarperiode
  • Eigenmelding
  • Refusjon av sjukepengar
  • Aktive verkemidlar/tiltak som aktiv sjukemelding, tilretteleggingstilskot og liknande.
  • Avventande sjukemelding
  • Krav om individuell oppfølgingsplan og dialogmøte
  • Særreglar for sjukepengar ved yrkesskade
  • Foreldrepengegrunnlag
  • Stønadsperiode og dekningsgrad
  • Fedrekvote
  • Graderte foreldrepengar
  • Utsetting av foreldrepengeperioden
  • Kurset er oppdatert med føreslåtte lovendringar for oppfølging av sjukemeldte frå 01.07.2011

Dette kurset kan maks ha 30 deltakarar.
Målgruppa her er lønn/HR ansvarleg

Kurs 2: Arbeidsgjevarrolla, v/ Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA)

Begge dagar:
Kurshaldarar er informasjonssjef Petter Nilsen og advokatane Anne Løken og Trond W. Nygren

  • Gjennomgang av ansvarsfordeling bonde (oppdragsgjevar) – avløysarlag – avløysar.  HMS og samarbeidet med Arbeidstilsynet.
  • Landbruket som arbeidsgjevar. I samband med dette blir det ein gjennomgang av pilotprosjektet ”Bonden som arbeidsgiver for utenlandsk arbeidskraft” og bakgrunnen for prosjektet. Praktiske løysingar når det gjeld skatt, skattekort og trygderettar;  ikkje minst for utanlandske arbeidstakarar. LA vil her truleg få nokon frå Skattedirektoratet med seg.
  • Gjennomgang av overeinskomst for jordbruksnæringa. (LA – Fellesforbundet)
  • Den nye AFP-ordninga
  • Styringsrett og oppseiing.

Alle detaljar når det gjeld deltakinga frå LA er ikkje heilt på plass. Ein av grunnane for dette er at dei vil vera heilt oppdaterte med bakgrunn i årets forhandlingar.
Målgrupper er både tilsette og tillitsvalde

Kurs 3 Pressehandtering, v/ Norsk Landbrukssamvirke og Totalconsult

Dag 1:
Kurshaldar: Astri Liland, seniorrådgjevar – Norsk LandbrukssamvirkePresentasjonsteknikk og handtering av media

  • Få kunnskap om korleis media fungerer
  • Bli bevisst journalisten sin ståstad og inngang på ein sak
  • Bli kjend med journalisten sitt forhold til nyheter og arbeidsform, og intervjuobjektet sine eigne rettar
  • Bli bevisst tydinga av eigen kunnskap og kva bodskap ein vil formidla
  • Bevisstgjere deltakare i forhold til eigen opptreden i media og korleis den einskilde fungerer i direkte kontakt med publikum

Dag 2:
Kurshaldar: Otto Ulseth, journalist – Totalconsult

  • I denne delen av kurset vil det bli tips og praktisk oppfølging om korleis vi skal få pressa til å bli interessert i oss, både lokalt og nasjonalt.

Målgrupper er styreleiarar og daglege leiarar/avdelingsleiarar.

Repeterer ein del praktiske detaljar:

  • Reise må de ordna og betala sjølve.
  • Samlinga startar tysdag 24. mai kl. 12.00 (lunsj). Vi held fram dag to til ca. kl. 15.00.
  • Eigendel er kr. 1750,00.  Dette vert fakturert i ettertid.
  • Eigendelen dekkjer fullpensjon og alle kurskostnader
  • Påmeldinga er bindande.

Absolutt siste frist for påmelding er 9. mai 2011.Vårsamlinga, tidlegare kalla leiarsamling, er tenkt å vera eit reint oppdaterings- og informasjonskurs. Det kan bli lange dagar og det er heller ikkje lagt opp til noko form for festmiddag og liknande. Men god mat skal de få! Og sosialt reknar vi og med at det blir!

Vi ynskjer alle vel møtt til to travle dagar på (i?) Hell

Med vennleg helsing og med dei beste intensjonar
Styret og administrasjonen i NLT