Nyheitsbrev 4 – 2019

Nyheitsbrev desember 2019

Juleførebuinga kan være stri og året er snart omme. Vi har lagt ut kalender for 2020. Alt som angår årsavslutting finn du i HMS handboka i Sticos. I følgje Wikipedia er definisjonen på samarbeid at ein arbeider saman for å oppnå felles mål. Det er ein rekursiv prosess som omfattar to eller fleire personar eller organisasjonar. Vidare står det at organisasjonar som samarbeider vanlegvis kan oppnå større fordelar og vinstar i konkurranse om begrensa ressursar.  Vi føler at samarbeidet og samhaldet med våre medlemsbedrifter  har vore positivt og  høgtytande gjennom heile 2019. Vi trur og håpar at det vil fortsetja slik også i 2020. At vi saman fortset å vise engasjement og  arbeider mot felles mål for å skape verdifull tillit eit godt fellesskap!

Takk for 2019! Og hjarteleg velkomen 2020!

Årsavslutning

Nøkkelen til eit korrekt årsoppgjer ligg i gode førebuingar. Vi har oppdaterte huskelister og anna hjelp til årsavslutning i Sticos. Logg deg inn med brukarnamn og passord.
Hugselister er samla under avsnittet Økonomi -> Rekneskap og løn.
Manglar du tilgong? Ta kontakt med trude@n-lt.no eller tor@n-lt.no.

Søknadsfrist

Søknad om produksjonstilskot for ferie– og fritidsavløysing hadde søknadsfrist 15. oktober 2019. Enkelte opplysningar, med anna utgifter til avløysing, kan likevel etterregistrerast og det må skje innan 10. januar. Minna gjerne medlemmane om fristen.

Kalendar for 2020

Vi likar tradisjonar! Derfor vert det same prosedyre som førre år. Kalenderen finn du her.

Viktig endring i a- ordninga frå 2020

Det er komen endring av regelverk for innsending av a-melding. Frå og med januar 2020 skal du lever a-meldinga på verksemdnummer. Reglar som gjeld finn du her.

Satsar diett og reise

Satsar for 2020 er framleis ikkje klar.

Forskotssatsar kostgodtgjersle

Satser for 2020 finner du her.

Forskotssats bilgodtgjersle og satsar for firmabil

Informasjon om dette finner du her.

Kurs  og møter

15. oktober – Webtempgjennomgang med Levanger og Namdal
Trude Soma Augestad har etter invitasjon informert om Webtemp til representantar frå styret og administrasjonen i Namdal Landbrukstjenester og Levanger Avløserlag.

15. oktober – Møte med Norges Bondelag om opplæringsmodell
Styreleiar og dagleg leiar saman med dagleg leiar i Vestfold Landbrukstjenester, Runar Wold, var i møte med Norges Bondelag og NHO Mat og Drikke for å diskutere vegen vidare for fagutdanning i landbruket. NLT ønskjer at landbruket har eit samla syn på kva fagutdanning vi ønskjer, slik at vi er førebudd den dagen prosjektet med 2+2-ordning vert avslutta. Det er einigheit om at det er rom og ønskje for to utdanningsløp, både dagens agronomi og lærlingordning. Det er viktig å belyse kompetansekrav og behov for arbeidskraft i dag og for framtida.

18. oktober – Landbruksdag på Vega i Brønnøysund
Styremedlem Finn Egil Adolfsen representerte organisasjonen på Landbruksdag i Brønnøysund. Her deltok ca. 50 bønder. Finn Egil heldt eit innlegg om framtidas avløysar og 2+2 ordninga.

22. oktober – Styremøte NLT
Referat frå styremøtet som var i forkant av haustsamlinga ligg klart på heimesida vår her.

22. – 24. oktober – Haustsamling
I år arrangerte vi haustsamling på Quality Airport Hotel Gardermoen. I overkant av 200 deltakarar var samla 22. – 24. oktober.

I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 122 påmeldte som fordelte seg ut på fem ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 22. oktober, og varte fram til lunsj 23. oktober. Nytt av året var kurset «diskusjonsfora». Her fekk deltakarane på førehand moglegheit til å sende inn tema dei ynskte å diskutera med kollegaer i andre lag. Tilbakemeldingane i etterkant av kurset var positive.

Onsdag etter lunsj opna Roger Finnjord  Haustsamlinga med eit fengjande føredrag om «å bli sett». Innlegget fekk i gang både lattermusklane og tårekanalane. Morosamt, rørande og mange gode poeng til ettertanke der eit av dei viktigaste var tilhøyrsle og då sjølvsagt «å bli sett». Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

24. oktober – Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket
Det årlege møtet i nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket vart arrangert i Landbruks- og matdepartementet den 24.10.2019. Møtet vart leia av Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, for NLT deltok styremedlem Tor Inge Eidesen. Tema for møtet var psykisk helse i landbruket, sjå LMD si heimeside.

Tor Inge Eidesen hadde et kort innlegg på vegne av NLT. Han trakk fram vårt arbeid og vår strategi med tanke på å kunna tilby 100% beredskap. At ein velfungerande beredskap gjennom landbruksvikarordninga er avhengig av at vi har fleire tilsette som er fleksible, og kan nyttast til oppdrag både ved ferie- og fritidsavløysing samt ved krise og sjukdom. Han minna også om at våre medlemsbedrifter står for ordna arbeidsforhold og eit seriøst arbeidsliv. Til slutt utfordra han statsråden på at den liberaliseringa vi har vore igjennom, indirekte er med på å svekke vår evne til å kunna tilby gode tenester og god beredskap.

28. oktober – Styresamling Norsk Landbrukssamvirke
Harald Lie representerte organisasjonen. Her er det samtalar og teamsamling med styreleiarar i samvirkebedriftene.

1. – 3. november – Agrovisjon
Agrovisjon vart arrangert på Stavanger Forum. Alle frå administrasjonen var til stades. Messa opna fredag og som vanleg var det mange skuleelevar denne dagen. På messa får dei både fagleg og teknologisk kunnskap. Agrovisjon arrangerte i år, kurs for ungebønder. Kurset var skreddarsydd for dei unge som har eller som skal overta drifta og gav kunnskap om mellom anna HMS, juss, økonomi samt motivasjon til tillitsverv i landbruket for å nemna noko.  Kurset samla 130 unge optimistiske unge bønder. Laurdagen er ein typisk familiedag. Det er mykje folk og god stemning. Messa arrangerte diverse aktivitetar for borna, blant anna vart det skipa pizzabaking. Det var livdyrauksjon og eit interessant seminar om Dyrevelferd. Søndag var litt rolegare.

Dagleg leiarar frå Landbrukstenester Hå, Avløysarlaget Nord Jæren og Bjerkreim Avløysarlag deltok saman med administrasjonen. Agrovisjon samla totalt 15 743 besøkande denne helga. Vi arbeider aktivt for å kome i kontakt med nye og eksisterande medlem og tilsette, slik at vi får spreia kunnskap om organisasjonen og våre tenester.

4. november – Møte om innleiereglar og landbrukstenestene
I samarbeid med NHO Mat og Drikke arbeidar NLT med å gjere kjent dei utfordringar landbruket møter i samband med innleiereglar i arbeidsmiljølova. I samband med dette møtte vi næringspolitisk avdeling i Bondelaget for å diskutere strategi for å få gjennomslag for våre synspunkt.

5. november – Samarbeids- og dialogmøte jordbruk/skogbruk
To gonger i året kallar Arbeidstilsynet inn partane i jordbruket for å diskutere felles utfordringar innan arbeidsmiljø, HMS med meir. Arbeidstilsynet har i perioden gjennomført tilsyn i 57 landbrukstenester. Det er gjeve pålegg stort sett etter kvart tilsyn, der majoriteten går på det delte HMS-ansvaret. Arbeidstilsynet ynskjer å spesifisere dette ansvaret nærare ved å legge ut informasjon på eigne heimesider. Elles så er det fokus på kost og losji i samband med sesongarbeidskraft.

7. november – Møte om psykisk helse og forebygging av alvorlege dyrevernsaker
Landbruket arbeider i fellesskap for å sjå korleis ein kan forebygge dyrevernsaker med anna ved å ha fokus på bøndene sin psykiske helse. Dette har sitt utspring i prosjektet «Unge bønders psykiske helse».  Det er utarbeida kurs for ulike rådgjevarar i landbruket. På møtet vart prosjektet presentert og vi fekk informasjon frå Nortura og Tine om sine erfaringar. Mattilsynet informerte om sitt arbeid.

11. november – Kursveke i NLR
Norsk Landbruksrådgiving arrangerte kursveke for tilsette. Tor frå administrasjonen, var invitert og hadde ein praktisk gjennomgang av HMS handboka i Sticos. Det vart lagt vekt på HMS-biten. Det var mellom 30-35 deltakarar frå NLR-HMS.
Nokre av dei hadde kjennskap til HMS – Handboka frå før, men for dei fleste var dette ny og nyttig informasjon. Deltakarane meinte dette var eit særs godt verktøy.

Elles så var forsamlinga veldig positive til at vi var til stades på kvarandre sine samlingar og til det samarbeidet vi har sentralt mellom NLT og NLR-HMS.

21. – 22. november – Møte i NHO Mat og Drikke sitt Arbeidsgiverpolitiske utval (APU)
NLT er representert i APU som er oppnemnt av NHO Mat og Drikke som eit rådgjevande utval innan arbeidsgjevarpolitikk med meir. Denne gong var møtet lagt opp som bedriftsbesøk med anna for å studere korleis dei ulike bedriftene tok ansvar for HMS i produksjonen.

26. november – Rogalandssamling for dagleg leiar og styreleiarar
Daglege leiarar og nokon gongar styreleiarar i Rogaland samlast regelmessig for å utveksle informasjon og få fagleg påfyll. På sitt møte 26.11.2019 inviterte dei Tor Inge Eidesen til å orientere nærare om medlemskriteriene som var vedteke på årsmøtet. Tor Inge orienterte om strategien vår – «Rett vikar til rett tid» – behovet for å løfte heile organisasjonen samt behovet for kunna levere i forhald til forventningane frå både kundar og myndigheiter. Fleire av deltakarane på møtet var sterkt kritiske til kravet om at alle skal være medlem i en arbeidsgivarorganisasjon. Det vart uttrykt bekymring for at den ekstra kostnaden kunne føre til at fleire kundar vel oss vekk til fordel for andre løysingar for å få brukt avløysartilskotet. Det vart også uttrykt stor bekymring for at avløysarlaga hadde hamna i båsen for vikarbyrå med dei utfordringar dette har i forhold til midlertidige tilsetting opp mot vår verksemd.

Tor Inge peika på at det er viktig at vi representerer eit seriøst arbeidsliv, medlemskap i NHO Mat og Drikke gjer oss god hjelp på fleire områder – ikkje minst på nemnte område om eit unntak for landbruket i forhald til vikarbyråreglane. Den spisskompetansen NHO Mat og Drikke har innan juss og arbeidsrettsspørsmål kan ikkje fyllast opp av vår «lille» administrasjon i NLT, og representerer derfor et viktig sikkerheitsnett og støtteapparat for medlemmane. Tor Inge lova å ta bekymringsmeldingane med seg vidare og informerte om at styret vil besøke Rogaland i forbindelse med styremøtet i februar 2020.

2. – 3. desember – Styremøte NLT
Valkomiteen hadde møte samtidig desse dagane, og gjennomførde intervju av styremedlemmane.
Referat frå styremøta vert etter kvart som dei er godkjent lagt ut på heimesida vår her.

Årsmøte NLT

Årsmøte til Norske Landbrukstenester vert gjennomført 30. mars – 1. april 2020. Vi minner om at frist for å kome med innspel til saker til årsmøtet er 1. januar.

Hovudkontoret er stengt i romjula

Ved spørsmål tek du kontakt med fellespost: post@n-lt.no eller til hovudnummeret 53482280.

 

Styret og administrasjonen ynskjer god jul, og godt nytt år!