Nyheitsbrev 4 – 2018

Hausten held eit høgt tempo, både styret og administrasjonen deltek på forskjellige arrangement og vi representerer organisasjonen vår på ein best mogeleg måte. Ny kunnskap og erfaring tek vi med oss attende i arbeidet vårt. I det daglege er kontakt med dykk ute i laga ein stor del av arbeidet vårt. Denne kontakten er noko vi set stor pris på. Vonar det nye året som er i anmarsj vert minst like bra og byr på godt og produktivt samarbeid.

Endringar i forskrift for landbruksvikarverksemd

Det er vedteke endringar i forskrift for landbruksvikarverksemd som vert gjeldande frå 1. januar 2019. Dato for søknad om tilskot og rapport for føregåande år er slått saman til 1. februar, dvs at det ikkje skal sendast inn søknad no 31. desember.
Meir informasjon finner du her.

Årsavslutting

Året går mot slutten. Oppdaterte huskelister og anna hjelp til årsavslutting vil til ei kvar tid ligge i HMS-handboka i Sticos. Logg deg inn på sticos.no. Huskelister finn du under Økonomi -> Regnskap og lønn.

Kalendar for 2019

Tradisjonen tru så har vi utarbeidd ny kalender for 2019. Denne finn du her.

Satsar for diett og reise

Satsar for 2019 er no klar. Du finn meir informasjon om dette her.

Rammeavtale med Esso

Det er teikna ei rammeavtale med Esso for medlemslag, tilsette og medlemmer om rabatt på drivstoff. For medlemslag og medlemmer i lag er det råd å teikne avtale om firmakort som gjer 65 øre i rabatt på pumpepris, 75 øre i rabatt på listepris bensin eller 125 øre i rabatt på listepris diesel. Dei tilsette kan tinga privat kort som gjer 55 øre i rabatt på på pumpepris. For alle er det og 10% i rabatt på bilvask. Meir informasjon finn du her. Bruk vårt standard passord for å lese innhaldet.

Kurs og møter

9. oktober – Styremøte NHO Mat & Drikke
Styreleiar, Harald Lie deltok på styremøte hjå NHO Mat og Drikke i Oslo.

15. oktober – Samarbeids- og dialogmøte jordbruk og skogbruk
Dagleg leiar, Frode Alfarnes deltok på Samarbeids- og dialogmøte jordbruk skogbruk hjå Arbeidstilsynet i Oslo. Dette er to årlege møter for å diskutere kva Arbeidstilsynet og organisasjonane i landbruket i fellesskap kan gjera innanfor HMS-området.

15. oktober – Møte med Landkreditt Bank
Dagleg leiar Frode Alfarnes var i møte med Landkreditt Bank for å diskutere om det er mogleg å få til ei konsernløysing på banktenester.

18. oktober – Møte med Storfjord Landbrukstenester
Trude Soma Augestad vitja Storfjord Landbrukstenester. Dagleg leiar i Storfjord Landbrukstenester, styrerepresentantar og Bygdetenester fekk ein presentasjon av Webtemp.

29. oktober – Verneombodskurs
Parallelt med haustsamlinga i Stjørdal i år vart det arrangert verneombodskurs. Kurset vart bygd opp med fokus på arbeidsmiljølova og HMS retta mot landbruket.
Desse dagane gjekk deltakarane blant anna gjennom arbeidsgjevar sine plikter ovanfor den tilsette, verneombodet sin jobb for dei tilsette og ulike problemstillingar knytt til det å vere verneombod.

Dei 15 deltakarane var på gardsbesøk, der dei utførte vernerunde. For å få kurset godkjent måtte deltakarane gjennom ei heimeoppgåve. Heimeoppgåva var å gå ein vernerunde på eit lokalt bruk i lag med dagleg leiar i laget. Vart heimeoppgåva godkjent så vart og verneombodskurset godkjent.
Alle deltakarane på verneombodskurset deltok på festmiddagen under haustsamlinga, noko som både verneomboda og deltakarane på haustsamlinga satt pris på.

29. oktober – Styremøte
Referat frå styremøta i NLT finner du på heimesida vår når dei er godkjente.
Om NLT -> Styret -> Møtereferat

30.  oktober – Haustsamling Norske Landbrukstenester
Sjå meir informasjon seinare i nyheitsbrevet

7. november – Samling for inspektørar i Arbeidstilsynet
Dagleg leiar, Frode Alfarnes representerte NLT på denne samlinga og gav informasjon om det arbeidet som vert gjort med HMS i medlemslaga våre.

7 – 11. november – Agroteknikkmessa
Sjå meir informasjon seinare i nyheitsbrevet

12. november – Kontaktmøte med NBU
Styreleiar og dagleg leiar var i møte med NBU for å diskutere samarbeidet vi har, med anna om «Årets unge bonde»

13. november – Møte i arbeidsgruppe NHO Mat og Drikke
Det er satt ned ei arbeidsgruppe i NHO Mat og Drikke for å sjå på dei utfordringar som medlemslaga kan få etter innstramming av regelverket i arbeidsmiljøloven. Frå landbrukstenestene sitter Hans Nummestad (Landbrukstjenester Østfold), Tor Inge Eidesen (NLT) og Frode Alfarnes (NLT) i arbeidsgruppa. Første møte hadde fokus på problemstilling rundt innleie der bonden har eit fast behov og tilpasning til nye reglar for fast tilsetting.

20. november – Fjellandbrukskonferansen 2018
Styremedlem Finn Egil Adolfsen representerte organisasjonen på Fjellandbrukskonferansen for 2018. Dette er ein fagleg viktig dag som skal være til inspirasjon for alle som arbeider med landbruk i fjellstrøk.  Det er faginnlegg med tema beite, gras, økonomi og marknadsføring. I tillegg var det paneldebatt med tema «Gourmetmat frå fjellet». Nortura, daglegvarebransjen og landbruksnæringa vart utfordra på kva som skal til for å auke salet av sau og lam.

25. november – Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket i Landbruks- og matdepartementet
Styremedlem, Tor Inge Eidesen er NLT sin representant i forumet. Ulykker i landbruket var hovudtema. Førebygging og registrering av ulykker, bønder og psykisk helse og kompetanseheving om helse miljø og sikkerheit stod som sentrale emne. Medlemmane i forumet legg ned mykje godt arbeid rundt viktige problemstillingar i arbeidet med helse- miljø og sikkerheit. Samarbeidet er særleg positivt og aktørane nyttar kvarandre sin kompetanse til å styrka eige arbeid.

4 – 5. desember – Styremøte
Referat frå styremøta i NLT finner du på heimesida vår når dei er godkjente.
Om NLT -> Styret -> Møtereferat

10. desember – Rogalandssamling
Norske Landbruksteneester vart invitert til Rogalandssamling for å halde ein presentasjon om Webtemp.  Trude Soma Augestad representerte NLT. Dette var ei samling for våre medlemslag i Rogaland. Dagleg leiarar og styreleiar i fylket var samla til informasjon om både Proresult og Webtemp.

12. desember – Møte Arbeidsgiverpolitisk utval (APU) i NHO Mat og Drikke
Dagleg leiar, Frode Alfarnes møter i APU. APU er eit utval som er oppnevnt av NHO Mat og Drikke og skal vera eit rådgjevande fagutval for arbeidsgjevarpolitikk, arbeidsmiljø, forhandlingar og kompetanse. Utvalet skal gje innspel til NHO Mat og Drikke. Utvalet møter tre til fire ganger i året. Tema på dette møtet var med anna nyheiter innan arbeidsrett, reise-/arbeidstid, IA-avtalen og NHO Mat og Drikke sin strategiplan.

Webtemp

Prosjektperioden vert avslutta 31.12.2018, og etter denne tid skal  laga sjølve betale for bruken av løysinga. Kostnaden er 724 kroner ekskl. mva. per administrasjonstilsett per månad. I tillegg kjem det ein kostnad på 2,50 kroner for utsending av EHF faktura og 27 øre per sendte SMS.
Frå nyttår vil om lag 40 % av medlemslaga våre nytta Webtemp. Vi er nøgde med at det no er så mange som bruker løysinga, men skulle meir enn gjerne hatt alle med på same lag. Ved å nytta ei og same programvare vil vi framstå meir einsarta. Vi vert også mindre sårbare ved permisjon og sjukdom i administrasjonen i laga.

Vi ser at det vert ein del utfordringar med endringar i regelverk frå nyttår, med anna garantiløn. Dette er utfordringar som Webtemp og hjelper oss å løyse, i tillegg til dei allereie integrerte løysingane for med anna oppdragsbekrefting, arbeidsavtalar og oppfølging av arbeidstid.

HMS handboka

Vi oppfordrar alle til å nytta seg av tilbodet organisasjonen tilbyr hjå Sticos. Det er oppretta brukar på alle dagleg leiarar. Dersom du treng hjelp til å logge deg inn, ta kontakt med med anten Tor eller Trude i administrasjonen.

Vi arbeider kontinuerleg for å oppdatere dokumenter som vi gjer tilgjengeleg for deg, men er og avhengig av tilbakemelding om du oppdagar ting som ikkje er oppdatert eller manglar.
På haustsamlinga i år hadde vi eit kurs i praktisk bruk av HMS handboka. Det var ca. 2o personar som deltok på kurset og tilbakemeldingane var positive. Dersom det er interesse eller behov for eit meir inngåande kurs, kan det bli aktuelt å setje opp nytt kurs på vårsamlinga. Dersom dette er av interesse så ta kontakt med oss.

Haustsamlinga

I år arrangerte Norske Landbrukstenester haustsamling på Scandic Hell, Værnes. I overkant av 200 deltakarar var samla frå 31. oktober til 1. november.

I forkant av haustsamlinga arrangerte vi som vanleg kursdag. Her var det heile 110 påmeldte som fordelte seg på seks ulike kurs. Kursa starta etter lunsj tysdag 30.oktober, og varte fram til lunsj 31.november.

Humørbonden Geir Styve opna haustsamlinga med eit fengjande føredrag om HMS i kvardagen. Dette var eit innlegg som fekk lattermusklane i sving, samtidig var det mange gode poeng til ettertanke og som fekk dei fleste i salen til å setja ting i perspektiv. Ingen tvil om at dette var ein god inngang til resten av samlinga.

Under samlinga hadde deltakarane mange ulike fagseksjonar å velja mellom i tillegg til dei faste programpostane. Det er viktig med fagleg påfyll, men også den sosiale biten er viktig. Haustsamlinga er ein viktig arena der ein kan læra av kvarandre og som ein kan dra nytta av i kvardagen på kontoret. Gjera kvarandre gode rett og slett.

Prisutdeling

Kvart år kårar vi Årets Avløysar i fylka. I år var det ny rekord i høve kåringa og heile 11 dyktige avløysarar vart heidra med denne tittelen. Alle er invitert til å delta på haustsamlinga. Under festmiddagen på haustsamlinga vart alle heidra med god omtale, diplom, NLT-klokke og blomar.
I heile landet er det avløysarar som gjer ein solid og god jobb for bonden, og NLT er glad for at vi kan gjera litt stas på nokre av desse.

Sidan 2011 har NLT heidra tilsette i administrasjonen i medlemslaga for lang og tru teneste. Denne prisen vert ein tildelt når ein har passert 25 år i teneste for eit medlemslag. I år var det ein tilsett som var kvalifisert for denne prisen; Hans Nummestad, Landbrukstjenester Østfold. Prisen vart utdelt under festmiddagen på haustsamlinga.

Agroteknikk

8. – 11. november deltok NLT med stand på Agroteknikkmessa på Lillestrøm. Messehallane på Lillestrøm er ein god plass å ha messe sidan alt er under same tak. På torsdagen var det lagt opp til besøk frå jordbruksskular frå heile landet. Vi fekk difor besøk av mange engasjerte og interesserte skuleungdomar denne dagen. Fredagen heldt Janne Østgaard Aagesen eit godt innlegg på Agroscenen om «Avløysing – regelverk og rettigheitar» under programposten «Kvinner i landbruket». Laurdagen var den dagen med mest besøk og vi hadde nok å henge fingrane i frå morgon til kveld.

Slike messer er ein framifrå plass for å fremja velferdsordningane i landbruket og avløysaryrket. Det kjem dagleg inn folk som er interessert i å høyre om kva NLT er og kva vi og medlemslaga våre arbeidar med. Her er og mange medlemer og avløysarar i dei enkelte lag som kjem innom og slår av ein prat, noko vi set stor pris på.

Styreleiarsamling

Styreleiar Harald Lie deltek på styreleiarsamling i regi av Norsk Landbrukssamvirke. Dette er ei samling/kurs for samvirkebedriftene. Her vert det utveksla relevant kunnskap og informasjon. Det er totalt ti styreleiarar som deltek. Felleskjøpet, Bondelaget, Gartnarhallen, Tine, Nortura, Norsk Landbruksrådgiving, Hoff poteter, Geno og Felleskjøpet Rogaland/Agder. Så langt er det arrangert to styreleiarsamlingar og  den siste samlinga vert arrangert i februar 2019.

Styremøter i Norske Landbrukstenester

Gjennom året har Norske Landbrukstenester totalt 6 styremøter. Det siste styremøtet i 2018 var på Thon Hotel Opera i Oslo i byrjinga av desember. Protokoll frå førre styremøte vert lagt ut på heimesida vår når det er godkjend.  Fyrste møte for 2019 er lagt til 5. – 7. februar. Møtet er lagt til Tønsberg. Styret og administrasjonen vitjar då Vestfold Landbrukstjenester. Det er utarbeida ein møteplan for styret i NLT. Denne finn du på heimesida vår her.

 

Hovudkontoret  er stengt  i romjula.
Henvend deg til fellespost: post@n-lt.no eller til hovudnummer  53 48 22 80 ved spørsmål.

 

Styret og administrasjon ønskjer deg ei fredeleg jul! Måtte den fyllast med hygge og gode minner.

Vi føler oss audmjuk og takknemleg for samarbeidet som har vore i 2018. Takk! Vi ser fram til eit produktivt og engasjerande 2019. Vi er klare til å gje det beste for organisasjonen vår.

God Jul og Godt nytt år!