Nyheitsbrev 2 – 2018

Hei og god sumar!

Vi ynskjer alle ein retteleg god sumar!
For styret og oss i administrasjonen har den siste tida vore prega av årsmøte på ulike arenaer, arbeid med den nye personforordninga GDPR og jordbruksforhandlingar. Vi har og brukt mykje tid på planlegging og gjennomføring av vårsamlinga. Alt dette finn du informasjon om i dette nyheitsskrivet. Perioden vi går inn i er litt rolegare. Ferie skal avviklast. Vi i administrasjonen avviklar vår ferie i tur og orden. Kontoret i Rosendal er ikkje bemanna i veke 29. Oversikt over kven som bemannar kontoret i sumar finn du til slutt i informasjonsskrivet. Dersom du treng kontakt med nokon av oss, ring 53482280 eller send ein e-post til post@n-lt.no, så tek vi kontakt så snart vi kan.

GDPR

Den nye lova stiller ein del krav til kartlegging og bevisstgjering av kva ansvar vi har for dei personopplysningar som vi har registrert. I samband med at EU sin personvernforordning (GDPR) blir norsk lov i 2018, har NLT kartlagt dei ulike grunnlaga som våre medlemslag har for å handsama personopplysningar. Vi har i tillegg utarbeida personvernerklæring og personverndokument for NLT. Gjer deg kjent med NLT sitt grunnlag for personvern her.

Dato for iverksetting av det nye regelverket endrar seg og endeleg dato er enda ikkje sett. Inntil vidare er datoen 1. juli 2018. Men det er inga grunn til å vente med førebuinga. Vi anbefaler at de går inn i HMS-handboka (https://personal.sticos.no) og nyttar informasjonen som ligg der for å få på plass eigne dokument etter krava.

HMS-handboka

Vi har hatt ein gjennomgang på HMS-handboka (https://personal.sticos.no). Alle dokument som er sendt til oss er no gjort tilgjengelege for alle. Vi har testa linkar og funne at desse no fungerer.  Dersom du skulle finne noko som manglar, set vi pris på di tilbakemelding. Etter vårsamlinga har vi fått inn nokre nye risikovurderingar som og er lagt inn. Oversetting til andre språk vert lagt inn etter kvart som dei er klar. Har du dokument du ynskjer å dele? Send det i ein e-post til oss på post@n-lt.no, så gjer vi det tilgjengeleg for alle.

Abonnementet vi har teikna med Sticos har 150 lisensar.  Det er gitt tilgang til dagleg leiar i medlemslaga. Det er ikkje meininga at avløysarar eller tillitsvalde skal ha tilgang her. Dagleg leiar kan gje tilgang til andre administrasjonstilsette. Dersom du treng hjelp til dette er det Trude Soma Augestad som er kontaktperson i organisasjonen. Ta kontakt på trude@n-lt.no eller per telefon på 458 77 686 dersom du treng hjelp. Vi har fått tildelt ny kontaktperson i Sticos, han heiter Andreas Bådsvik. Om du treng ta kontakt med han, gjer du det til andreasb@sticos.no. Vårt kundenummer er 133929.

Arbeidstilsynet

I 2017 hadde arbeidstilsynet fokus på jordbruk og skogbruk, dei har varsla at dette vil vere fokus også i 2018.  Som eit ledd i dette har ein del av dykk allereie hatt eller fått varsla tilsyn frå Arbeidstilsynet og det vert nok fleire.

Det er viktig at ein til ei kvar tid er ajour med avtalar og informasjon ut til tilsett og medlem/kunde.

I sine tilsyn har arbeidstilsynet hatt fokus på mellom anna:

  • Arbeidstid
  • Arbeidsavtaler
  • Verneombud
  • Kartlegging og risikovurdering
  • Opplæring
  • Informasjon til tilsett
  • Avklaring av ansvarsforhold mellom arbeidsgjevar/oppdragsgjevar

Arbeidstilsynet har lagt ut informasjon her.

Webtemp

På vårsamlinga vår i april skipa vi for andre gong til Webtempkurs for vidarekomne. Deltakinga var tilfredsstillande og syner at de føler eit behov for dette kurset. Kurset var delt inn i fire ulike seksjonar, der kursdeltakarane sjølv kunne velje kva for seksjonar dei ville gjeste. Evalueringa syner at kursdeltakarane stort sett var nøgde med kursa. Vi tek imot tips dersom du tenker at det er noko som manglar av tema på kursa, eller det er noko du tenker vi kunne gjort meir eller mindre av. Slik kan vi som kursførehaldar bli betre og gjere kursa betre. Send ein e-post til trude@n-lt.no. Kursmateriell vil bli tilgjengeleg på heimesida vår etter kvart som det er klart.

På Haustsamlinga i oktober vil vi igjen vere klare for å ta imot eit nytt kull. Det er allereie ein heil del lag som har blitt kontakta og som har teke kontakt med oss og er sett på deltakarlista. Om vi enno ikkje har kontakta laget ditt og de tenker på å ta i bruk Webtemp, er de varmt velkomen til å kontakte oss for ein Webtempprat. Styret har vedteke at vi no kan ta Webtemp i bruk heile året. Vi anbefaler likevel ingen å flytte kundereskontro på andre tidspunkt enn ved overgang til nytt år.

I slutten av mai vitja vi Landbrukstjenester Hå. Tilsette og medlem/kundar var inviterte til innføringskurs i bruk av Webtemp. Resultat av slike kurs viser at brukarane får ein meir positiv haldning til programvara. Dei laga som har arrangert slike opplæringskurs har større andel elektroniske timelister, som igjen gjer arbeidet til administrasjonen enklare. Dersom ditt lag ikkje har hatt eit slik kurs og de ynskjer det, ta kontakt.

Strategiplanen

Strategiplan for 2018- 2021 for organisasjonen vår vart godkjend under Årsmøtet 9. og 10. april 2018.  Den er tilgjengeleg på vår heimeside, du finn den her.
Vi anbefaler at du nyttar strategiplanen som eit verktøy, anten som den er eller for å utarbeida ein eigen strategiplan for laget.  Vi har fått strategiplanen trykt opp og ynskjer du denne tilsendt, tek du kontakt med oss på post@n-lt.no.

Jordbruksavtala

Årets jordbruksavtale er no formelt vedtatt og du finn heile dokumentet her.

Velferdsordningane kom godt ut i årets avtale, og dei fleste satsar vert auka i 2019. Auka i tilskot til ferie/fritid som vert utbetalt i 2019 får innverknad på sats per dyr, og maks tilskot allereie no frå 2018.

Informasjon om endringar i velferdsordningane finn du på våre heimesider her.

Endringar i staten sitt reiseregulativet

Det er gjort endringar i reiseregulativet med verknad frå 22.06.2018.

Ein bør spesielt legge merke til endring i kilometergodtgjersle.

Nærare informasjon finn du her.

 

Kurs/ Samlingar / møter

April
3. Møte med KSL Matmerk

Dette var eit informasjon- og samarbeidsmøte der KSL revisor og arbeidstilsynet deltok. Styreleiar Harald Lie representerte NLT.

4. Styremøte i NHO Mat og Drikke

Styreleiar Harald Lie representerte Norske Landbrukstenester på styremøtet til NHO Mat og Drikke.

10. Styremøte Norske Landbrukstenester

Referat frå styremøte er å finna på heimesida når dei er klare.
Du finn dei under Om NLT -> Styret -> Møtereferat.

10 – 11. Årsmøte i Norske Landbrukstenester

I tillegg til vanlege årsmøtesaker, fekk vi besøk Årets unge bonde 2017, Cecilie Nilsen. Ho fortalde livleg om den aktive og kanskje litt uvanlege drifta på garden deira, Alpakka Lista. Alpakka Lista har eiga nettside, så om du ynskjer å lese meir finn du heimesida deira her. Talarstolen vart i Årsmøtet også gjesta av leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad. Pollestad heldt eit godt innlegg om norsk landbruk der han framheva viktigheita av samhald i norsk landbruk. Vidare viser vi til årsmelding med referat på heimesida vår her.

26. Generalforsamling i  NHO Mat og Drikke

Både dagleg leiar, Frode Alfarnes og styreleiar, Harald Lie representererte NLT i generalforsamling hjå NHO Mat og Drikke. Harald Lie sitter i styret i NHO Mat og Drikke.

Mai
2. Møte i rådgivande utval

Dagleg leiar i NLT, Frode Alfarnes deltok i Rådgivande utval for samvirke og kompetanse. Dette er eit utval som ser på kompetanseutvikling, kurs og måtar å synleggjere samvirke som organisasjonsform. Informasjon om kurs finn du her.

22. Årsmøte Norsk Landbrukssamvirke

I tillegg til ordinære årsmøtesaker,  informerte Norsk Landbruksrådgiving om organisasjon og kva for ulike tema dei arbeidar med.
Dagleg leiar, Frode Alfarnes og styreleiar, Harald Lie representerte NLT på årsmøtet.

24. Årsmøte i Samvirkesenteret

Styremedlem i NLT, Finn Egil Adolfsen representerte organisasjonen vår på årsmøtet til Samvirkesenteret. Årsmøtet vart arrangert på Thon Hotel Opera i Oslo. Årsrapport frå Samvirkesenteret finn du her.

25 – 26. Opplæringskurs hjå Landbrukstenester HÅ

Trude Soma Augestad vitja Landbrukstenester Hå. Her vart tilsette i og medlem/kundar av Landbrukstenester Hå introdusert for kandidat- og kundeportalen i Webtemp i form av eit kveldskurs.

29. Styremøte NLT

I forkant av vårsamlinga på Scandic Hell på Værnes, hadde NLT styremøte. Når referatet er ferdig godkjent, finn du det på heimesida vår her.

29 – 30. Vårsamling 2018

I år var denne samlinga lagt til Scandic Hell på Værnes, og i underkant av 100 deltakarar frå 43 lag var påmeldt.

Før deltakarane fordelte seg utover på dei ulike kursa, hadde vi ei samling i plenum.  Styreleiar i NLT, Harald Lie ønska alle velkomen før dagleg leiar, Frode Alfarnes tok opp dagsaktuelle tema. Etter det fekk dei av våre samarbeidspartnerar som var til stades presentera seg. Dei hadde også stand under heile samlinga.

I år hadde vi lagt opp ein ny vri på kursa. Tidlegare har deltakarane hatt 5 kurs à 8 timar å velja mellom, medan vi i år hadde 20 ulike seksjonar à 2 timar med ulike aktuelle tema. Deltakarane fekk då velje ut 4 av dei seksjonane som dei skulle delta på. Webtemp, GDPR, elektronisk sjukdomssøknad, risikovurdering, ulike styrerelaterte tema, forsikring, HMS, rekneskap og praktisk arbeidsrett var nokre av tema som var satt opp. Ut frå tilbakemeldingane under kursdagane, var dette eit oppsett som mange hadde stort utbyte av.

Det faglege utbytte på slike samlingar er viktig, men det er og særs nyttig å treffe kollegaer frå andre medlemslag. På slike samlingar kan ein skaffe nye kontaktpersonar, utveksle erfaringar og dele idear med.

Presentasjonar og anna som vart brukt under samlinga vil de finna på heimesida vår etter kvart som dei vert lagt ut.

Neste samling vert haustsamlinga i 30. okt. – 1. nov. Merk deg at også denne samlinga vert arrangert på Scandic Hell på Værnes, og vi ser fram til nokre innhaldsrike dagar med kurs og foredrag. Har du tips til aktuelle tema til kurs/seksjonar sender du det i ein e-post så snart som råd til tor@n-lt.no.

Juni
5. Møte i Representantskapet i Norges Bondelag

Nestleiar i styret, Bodil Mannsverk deltok på møte i Representantskapet i Norges Bondelag.

5 – 6. Årsmøte Europeiske Maskinring

Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes deltok på EMR sitt årsmøte i München i Tyskland. I tillegg til sjølve årsmøtet var NLT også invitert å delta på 60-års jubileum for maskinringane i Tyskland (MR). Medlemskap i EMR gir oss et kontaktpunkt og en møteplass for nettverksbygging på tvers av landegrensene i Europa. Vi har trekt erfaring av det arbeidet som blir gjort i andre land, og motsett. Dette gjeld blant anna organisatorisk, utvikling av forsikringsprodukt og andre produkt og utveksling av arbeidskraft.

6 – 7. Årsmøte i Norges Bondelag

Styreleiar, Harald Lie og nestleiar, Bodil Mannsverk representerte Norske Landbrukstenester på Bondetinget. Her var det interessante innlegg frå Agri Analyse, Tine og Nortura om samvirke og marknad i framtida. Nestleiar Bodil Mannsverk heldt eit innlegg der ho takka bondelaget for godt samarbeid og prioritering av velferdsordningane under årets jordbruksoppgjer.
Du kan lese meir om Bondetinget her.

13. Styremøte i NHO Mat og Drikke

Styreleiar Harald Lie deltok på NHO Mat og drikke sitt styremøte.

14. Generalforsamling NHO

Generalforsamlinga er NHOs øvste organ. Den viktigaste oppgåva til forsamlinga er å velja tillitsvalde samt godkjenne årsberetninga, rekneskap og kontingent. Det er generalforsamlinga som vel president og visepresident. Styreleiar i NLT, Harald Lie er også tillitsvald i NHO Mat og Drikke. Ynskjer du meir inngåande informasjon om NHOs generalforsamling finn du det her.

Årets Avløysar 2018

Alle medlemslaga i Norske Landbrukstenester kan fremje kandidatar til Årets Avløysar frå sine tilsette avløysarar. Nominering med grunngjeving, må meldast til NLT innan 1. august. Nomineringa skjer på eige elektronisk skjema, som de finn via denne lenka. For å hindre spam så er skjemaet passordbeskytta med passordet; dokNLT. Vi håpar dette forenklar måten å melde inn gode kandidatar til Årets Avløysar. Ta kontakt om noko er uklart.

Dyrsku`n 2018

14 – 16. september deltek vi i administrasjonen på Dyrsku`n 2018. Dette gleda vi oss til!
I over 150 år har handels- og matmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku`n samla mykje folk. I dag er Dyrsku`n ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv og klokkehandel til lokalmat og husflidsutstilling med utstillarar frå heile landet. Vi står på stand heile helga og det er mange som er innom oss, på søken etter informasjon eller berre for å slå av ein prat! Vi arrangerer quiz og konkurransar av forskjellige slag og har med oss litt forskjellig som vi både gjer vekk og flotte premiar til konkurransane. På Dyrsku`n møter og skapar vi dialog med nye og eksisterande kundar. Skal du innom Dyrsku’n i Seljord denne helga? I så tilfelle håper vi du stikk innom standen vår! Vil du lese meir, finn du det her.

Innstikk i Bondebladet

I fjor hadde vi to innstikk i Bondebladet. Eitt på våren og eitt oppunder jul. Responsen på desse var så gode at vi har beslutta å ha to innstikk i Bondebladet også i år.

Det første kjem allereie i veke 27, medan det andre er planlagt tett oppunder jul.

Neste nyheitsskriv

I slutten av september vert neste nyheitsbrev sendt ut. Dersom du ikkje ynskjer å stå som mottakar av nyheitsskrivet, melder du deg av her

Ferieavvikling i administrasjonen sumaren 2018

Kontoret er bemanna alle veker utan veke 29. Under ser du ein oversikt over kven som er tilgjengeleg på kontoret

Veke 26               Frode, Romar og Trude
Veke 27               Frode, Romar og Tor
Veke 28               Tor
Veke 29               Kontoret er ikkje bemanna denne veka
Veke 30               Frode
Veke 31               Frode og Trude
Veke 32               Alle
Veke 33               Romar, Tor og Trude
Veke 34               Romar, Tor og Trude

 

Styret og administrasjonen ynskjer alle ein fantastisk herleg sumar!

Vonar den vert fylt med solskin!