Nyheitsbrev 1 – 2019

Tida med årsavslutting og førebuing til eit nytt og produktivt arbeidsår går fort og vi er allereie komen godt inn i det nye arbeidsåret. For styret og administrasjon er dette ei tid fylt med engasjement i samband med møter, reiser med innføring av Webtemp, førebuing til årsmøte og vårsamling. Vårt eige årsmøte vert avvikla 2. – 3. april på Quality Airport Hotel Gardermoen. Sakspapir til årsmøtet i NLT finner du på vår heimeside her.

Vårt hovudfokus er til ei kvar tid å arbeide for våre medlemslag og for bonden sine velferdsordningar. Vi håper du tek deg tid til å lese nyheitsbrevet. Her vil du finne informasjon om jordbruksforhandlingar, tidspunkt for samlingar og tidsfrist for rapportering til NLT.

Jordbruksforhandlingar

NLT har vore i møte med begge faglaga sentralt for å legge fram våre innspel. I tillegg til fokus på dei prioriterte punkta du finn her har vi teke opp problemstillinga med at Landbruksvikarordninga ikkje er fullfinansiert. Det manglar omlag 1,9 millionar på budsjettet for å dekka inn dei 240 årsverka som er løyvd. I 2019 er det berre fordelt 233,35 årsverk.

Ny IA-avtale

Det er enighet om ny IA-avtale for dei neste fire åra. Til forskjell frå tidlegare avtale så er denne retta mot heile arbeidslivet. Det er ikkje naudsynt å inngå særavtale for å kunne delta. Ny avtale har fokus på forbyggande arbeidsmiljø og oppfølging av dei med hyppig og langvarig sykefravær. Meir informasjon finner du her.

HMS handbok/Sticos personal

Er du klar over at HMS handboka er eit komplett internkontrollsystem i tillegg til å innehalda ein oversikt over alle skjema og dokument som ein har behov for i kvardagen? Vi anbefaler alle å gjera seg kjent med innhaldet i HMS handboka. Her er mykje som er til hjelp. Om laget ikkje har teke i bruk løysinga enda, så ta kontakt med trude@n-lt.no for innlogging.

Rammeavtale med Esso

Vi vil igjen informera om at det er teikna ei rammeavtale med Esso for medlemslag, tilsette og medlemmer om rabatt på drivstoff. For medlemslag og medlemmer i laga er det råd å teikne avtale om firmakort som gjer 65 øre i rabatt på pumpepris, 75 øre i rabatt på listepris bensin eller 125 øre i rabatt på listepris diesel. Dei tilsette kan tinga private kort som gjer 55 øre i rabatt på pumpepris. For alle er det og 10% i rabatt på bilvask. Meir informasjon finn du her. Bruk vårt standard passord for å lese innhaldet.

I følgje tilbakmeldingar vi har fått, så er det ikkje mange som har teikna avtale med Esso endå. Vi får ofte spørsmål om vi ikkje kan kome med avtaler som er eit gode for våre tilsette/medlemer, då er det viktig at informasjon kjem ut til dei det gjeld.

Kurs og møter

9. januar – NHO Årskonferanse
Styreleiar Harald Lie deltok på årskonferanse som utsending frå NHO Mat og Drikke. Dette er eit fora for nettverksbygging mot politikarar og andre som driv med det same som oss.

14. januar – Samarbeidsmøte Norsk Landbruksrådgiving
Styreleiar Harald Lie, nestleiar Bodil Mannsverk og dagleg leiar Frode Alfarnes hadde vårt årlege samarbeidsmøte med Norsk Landbruksrådgiving. Her vert det diskutert felles utfordringar og samarbeid i løpet av året.

15. januar – Mat og Landbruk
Styreleiar Harald Lie og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT på Mat og Landbruk. Konferansen vert arrangert årleg av Norsk Landbrukssamvirke, og samlar omlag 450 personar innan landbruk/politikk. Dette er ein viktig møteplass for å knyta kontaktar og få diskutert ulike tema med andre aktørar i landbruket og politikere.

14. – 15. januar – Innføring av Webtemp i Time Avløysarlag
Trude Soma Augestad vitja Time Avløysarlag for å hjelpa dei med å kome i gong med Webtemp.

21. januar – Samling med regionale landbruksråd
Styreleiar Harald Lie deltok på denne samlinga i regi av Norsk Landbrukssamvirke som tok opp organisering og finansiering av dei regionale landbruksråda.

21. – 22. januar – Innføring av Webtemp i Landbrukstjenester Fosen
Frode Alfarnes vitja Landbrukstjenester Fosen for å hjelpa dei med å kome i gong med Webtemp.

23. – 24. januar – Innføring av Webtemp i Innhered Landbrukstjenester
Trude Soma Augestad og Frode Alfarnes vitja Innherred Landbrukstjenester for å hjelpa dei med å kome i gong med Webtemp.

25. januar – Medlemsmøte i Norsk Landbrukssamvirke
Dagleg leiar Frode Alfarnes møtte for NLT på medlemsmøte i Norsk Landbrukssamvirke. Tema for møtet var internasjonal handelspolitikk og konsekvensar for jordbruket og landbrukssamvirka.

29. januar – Strategimøte i Sogn og Fjordane
Første vara i styret Linda Kristin Oppedal representerte NLT på dette strategimøtet, som samla laga i fylket for å diskutere strategiarbeid i samarbeid med Ola Jordhøy frå Steg for steg.

5. – 7. februar – Styremøte NLT
I forkant av styremøtet hadde vi møte med Vestfold Landbrukstjenester (VLT). Der fekk vi ei kort omvisning på Gjennestad Gartnerskole samt ein god gjennomgang av 2+2 ordninga. I samband med presentasjon av 2+2 hadde VLT med seg ein tilsett som var ferdig med ordninga og ein som var midt i utdanningsløpet. Begge to var full av lovord om ordninga med fagbrev.

Referat frå styremøta i NLT finner du på heimesida vår når dei er godkjente.
Om NLT -> Styret -> Møtereferat

11. februar – Innspelsmøte i Rogaland Bondelag
Styremedlem Tor Inge Eidesen representerte NLT.

11. – 12. februar – Innføring av Webtemp i Storfjord Landbrukstenester
Trude Soma Augestad vitja Storfjord Landbrukstenester for å hjelpa dei med å koma i gong med Webtemp.

13. februar – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Styreleiar Harald Lie sitter som styremedlem i styret til NHO Mat og Drikke.

14. februar – Samarbeidsmøte med NHO Mat og Drikke
Deler av administrasjonen i NLT hadde sitt årlege samarbeidsmøte med NHO Mat og Drikke for å diskutere samarbeidssaker for 2019.

27. – 28. februar – Styreleiarsamling
Styreleiar Harald Lie deltek på styreleiarsamling for styreleiarar i samvirkeorganisasjonane i regi av Norsk Landbrukssamvirke.

6. mars – Arbeidsgiverpolitisk utvalg
Dagleg leiar Frode Alfarnes representerer NLT i NHO Mat og Drikke sitt arbeidsgjevarpolitiske utval. Tema for møtet var den politiske situasjonen, ny IA-avtale, skadestatistikk og strategi før lønnsoppgjeret i år.

7. mars – Møte med Norges Bondelag
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes møtte for NLT. I samband med jordbruksoppgjeret har NLT årleg innspelsmøte med Norges Bondelag.

7. mars – Dialogmøte med Mat og Landbruksdepartementet/Landbruksdirektoratet
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes representerte NLT i møtet. NLT har ein gong i året eit møte med departement/direktorat for å sjå på felles utfordringar og løysingar innan velferdsordningane, og korleis vi i samarbeid kan gjere desse betre.

8. mars – Møte med Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Styreleiar Harald Lie, styremedlem Janne Østgaard Aagesen og dagleg leiar Frode Alfarnes møtte for NLT. I samband med jordbruksoppgjeret har NLT årleg innspelsmøte med Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

20. – 21. mars – Trøndelagstreffet
Dagleg leiar Frode Alfarnes deltok på Trøndelagstreffet som er ei samling for lag i Trøndelag. Her vert aktuelle tema i tillegg til diskusjon av årsmøtesaker til årsmøtet i NLT teke opp. NLT fekk presentert det arbeidet vi gjer for å førebu laga på tilsyn frå Arbeidstilsynet.

21. mars – Styremøte i NHO Mat og Drikke
Styreleiar Harald Lie sitter som styremedlem i styret til NHO Mat og Drikke.

26. mars – Årsmøte i Landbrukstjenester Sør
Styremedlem Tor Inge Eidesen representerte NLT på årsmøtet til Landbrukstjenester Sør.

27. – 28. mars – Møte i Norges Bondelag sitt Representantskap
Styreleiar Harald Lie er NLT si utsending til representantskapet i Norges Bondelag. Her vert grunnlaget for kravet til året jordbruksoppgjer utforma.

Innrappoprtering til NLT

Vi vil minne på fristen for å sende inn rapport til NLT frå løn og rekneskap som i år er 30. april. Sjå meir her.

Webtemp

Hittil i år så er det 5 nye lag som har teke i bruk Webtemp, og vi har fått tilbakemelding på nokre fleire som ynskjer å ta det i bruk i løpet av året.
For dei som ynskjer er det fullt mogleg å starte med elektroniske timelister når som helst i løpet av året. Ved å starte i løpet av året kan ein gjera seg kjent med programmet, for så nytte det fullt ut frå nyttår av.

Er du nysgjerrig på kva kvalitetar Webtemp kan tilføra ditt lag? Om du er så tek du kontakt med oss og vi vil gje deg den informasjonen du treng for å avgjera om dette er ei løysing også for ditt lag.

Årsmøte for 2018

Årsmøte vert i år arrangert på Quality Airport Hotel Gardermoen med i alt 54 utsendingar i tillegg til gjester, styret og administrasjon.

I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil vi få innlegg frå Elisabeth Irgens Hokstad, Nettverk for kvinnelige bønder og Kjersti Hoff, Norsk Bonde- og Småbrukarlag om deira syn på velferdsordningane i landbruket.

Sakspapir til årsmøtet i NLT finner du på vår heimeside her.

Vårsamling 2019

Vårsamlinga vert i år arrangert 21. – 22. mai på Comfort Hotel Runway på Gardermoen.
Vi startar som vanleg med lunsj på tysdagen etterfulgt av ei kort plenumsamling, for så å fordela oss ut på dei ulike kursa.

Vi vil og i år legge opp til seksjonsbaserte kurs. Dersom du har ynskjer/tips om tema, sender du dette til tor@n-lt.no så snart som råd og innan 10. april.