Ny medarbeidar endelig på plass

Det er med glede å melda at vi i dag igjen er fulltallig i administrasjonen. Vi ønskjer Tor Skeie Olsen velkomen som ny kollega. Vi fekk inn ti søknader til stillinga, der fem vart kalla inn til intervju. Tre av desse vart med vidare til neste runde.


Tor vart innstilt som nummer ein frå styret, og takka heldigvis ja til jobben.

Tor kjem frå jobben som salssjef i Mediehuset Sunnhordland AS, og har før det arbeida som kundebehandlar og kunderådgjevar.

Hos oss er han tilsett som Marknadskonsulent og vil få hovudansvaret for marknadsføring, merkevarebygging og arrangement.

Vi meinar at vi har fått den rette personen på plass, og ser fram til at resten av organisasjonen og vert kjend med Tor.

Som de sikkert har registrert så har Tor og Romar like etternavn. Dette er ikkje tilfeldig sidan Tor er ein yngre bror til Romar.

Slektskapet vart ein del av diskusjonen i tilsettingsprosessen, men konklusjonen vart at det ikkje kunne vera ekskluderande ovanfor den rette personen.

Kontaktinformasjon til Tor finn de her