Ny leiarsamling på Gardermoen

Vi beklagar at det ikkje vart plass til alle på leiarsamlinga på Gardermoen i juni. NLT vil difor laga til ei samling dei to siste dagane i september, måndag 29. og tysdag 30.


Tema blir i grove trekk dei same som sist:

  • Rekruttering, både norsk og utanlandsk arbeidskraft. Kva kan/bør det einskilde laget gjera og kva skal NLT sentralt gjera?
  • Landbruksvikarordninga/beredskapsordninga med gjennomgang av forskrifter, praktiske løysingar, føring i løn og rekneskap.
  • Dagleg leiar si rolle som bedriftsleiar
  • Mange lag er blitt større. Korleis taklar vi dette? 

Vi vil som sist bruka eksterne førelesarar til det meste; SLF, LA, NAV, UDI o.a. 

Det er heilt opp til laget om dei vil senda andre i staden for dagleg leiar, men samlinga er ikkje tenkt for tillitsvalde. 

Møtestad: Quality Airport Hotel Gardermoen, som ligg 10 min. med buss frå flyplassen. 

Endeleg program og andre detaljar vert sendt ut til deltakarane så snart dette er klart. 

Hotellopphald (fullpensjon) vert dekka av NLT. 

Påmeldingsfrist er 1. september.

Bruk helst e-post til: evald@n-lt.no, evt. faks 53 48 22 81.  

Med vennleg helsing
For Norske Landbrukstenester
 
Evald StoraasMarknadskonsulent