Ny helseforsikring for avløysarar og bønder

Norske Landbrukstenester har fått i boks ei ny, landsdekkande forsikring for avløysarar. den sikrar avløysarane raskare legehjelp og garantert behandling, ved sjukdom.


– Me har fått på plass ei ny helseforsikring for tilsette og medlemmar i avløysarlag tilknytt NLT. Her lokalt vil det seia avløysarar og bønder i Kvinnherad. Denne avtalen vert lansert i samarbeid med Vertikal Helseassistanse AS, som har tilbydd løysinga heilt sidan 1998, seier dagleg leiar i Norske Landbrukstenester (NLT), Frode Alfarnes.

Arbeidskrafta er den viktigaste ressursen i avløysarlaget og det er positivt både for den tilsette og arbeidsgjevaren at ei eventuell sjukemelding vert så kort som råd.

– For bonden vil ein sjukdomsperiode medføra utgifter til avløysar/landbruksvikar, i tillegg til bortfall av eigne inntekter. Difor vel me å tilby denne forsikringa til både dei som er tilsett i avløysarlaga, i tillegg til bøndene som er medlem i avløysarlag. Den som sjølv er forsikra vil også ha høve til å teikna same forsikring for eigen familie, fortel Alfarnes.

Landsorganisasjon for avløysarlag og landbrukstenester er plassert i Rosendal. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norske Landbrukstenester er å forhandla fram fellestenester for medlemmane.

Forsikringa NLT har no fått i boks betyr at bøndene og avløysarar i landet er garantert spesialistvurdering innan 10 dagar, garantert behandling eller operasjon innan maksimalt 28 dagar ein får sjukepleiar som følgjer dei opp før, under og etter behandling.

Alfarnes fortel at helseforsikringa skal sørgje for at den forsikra kjem raskare tilbake i arbeid ved skade og sjukdom, og garanterer handsaming eller operasjon innan maksimum 28 dagar.
– Det som er realiteten i dag er at over 200.000 nordmenn står i helsekø, med ein gjennomsnittleg ventetid på 102 døgn. Ein veit og av erfaring at ved lang tids sjukemelding er det enklare å verta arbeidsufør, avsluttar Alfarnes. 

Tekst: Therese Soltveit – Grenda