NLT på årsmøtet til Bondelaget

Nestleiari NLT, Jorulf Refsnes, er gjest på årsmøtet til Norges Bondelag. Under møtet fekk han kome med ei lita helsing frå NLT. Han fortalte i korte trekk om vår landsdekkande organisasjon.



Vidare gjekk han inn på vervekampanjen som står for døra, samt kor viktig det er at alle nyttar laga for at vi skal ha gode velferdsordningar i landbruket. Til slutt takka han for godt samarbeid med Bondelaget, og såg fram til vidare samarbeid og kontakt organisasjonane i mellom.